OLA MARTINUS HØGÅSEN

Han var fødd i Grue i Solør 2.august 1900. Her voks han opp på småbruket Høgåsen, og var eldst av 10 sysken.
Frå han var liten voks han opp med segner og eventyr frå Finnskogen, og han viste tidleg at han hadde store evner.
Som 12-åring fekk han Snorre av far sin. Denne las han frå perm til perm fleire gonger.
I lomma hadde han Seips visebok. Der var dikt av Aasen, Vinje, Sivle m.fl. som han lærde seg utanåt.
Han fekk lånt Ivar Aasens ordbok. Denne vart ei gullgruve for han.
Interessa for dialekter og norsk folkemål vart vekt.
Han byrja så å skrive små vers. Desse fekk han best til når han skreiv på nynorsk.
I 16-årsalderen fekk han sjå nynorskbladet Den 17.mai, og tinga det med ein gong.
I ung alder vart han interessert i politikk. Dei kåra han voks opp i forma det politiske synet hans.
Som faren vart han radikalar og sosialist.

Etter konfirmasjonen vart han med far sin på skogsarbeid. Dette likte han godt, men trongen etter bokleg lærdom var stor.
Han fekk ordna med eit lån, og så gjekk han den 2-årige lærarskulen i Oslo. I 1921 var han ferdig utdanna lærar, og
fekk seg lærarpost i Skåbu. Lyrikaren og journalisten Ole Arnfinn Torgersen fortel:
"Han vekte snøgt liv både i skulestova og grenda elles. Den nye læraren hadde så mykje å fortelja i klassa.
Han var så spelande livfull og morosam. Borna vart så glade i han."

Utanom skulen vart han med i ungdomslaget, og han skipa arbeidarlag. Snart var han óg aktiv i kommunepolitikken
i Nord-Fron. Etter skuletid for han på ski dei 3 mila til Vinstra på møte i kommunestyret. Når møtet var slutt,
var det å gå dei same 3 mila heimatt. Ved midnattsleite var han komen til Tverrbygda.
Der kvilde han og åt tela kakuskiver.
I kommunestyret var han med frå 1925-38. I 6 år var han varaordførar, og 7 år skulestyreformann.
Elles hadde han ei rekkje tillitsverv.

Medan han var i Skåbu, gav han ut diktsamlingane Vaarbekk vaknar (1923) og Kolbein Sterke (1929).
 Internasjonalen  vart omsett til nynorsk og kom med i Arbeidernes sangbok.
 

Trongen etter meir kunnskap var framleis stor. I 1926-27 gjekk han Lærarhøgskulen i Trondheim.
Etter 10 rike år i Skåbu, fekk han seg lærarpost på Kjørum skule, mellom Sjoa og Kvam.

Han var ivrig nynorskmann. I fleire år var han formann i Gudbrandsdal lærarmållag, og han var med
i styret for Austmannalaget. Ei tid var han òg med i styret for Noregs Mållag, der han var nestformann i 3 år.
Han arbeidde mykje med å få innført nynorsk i skulane i Gudbrandsdalen. Til hjelp ved skulemålsavrøystingar
gav han ut Skulemålet i Gudbrandsdalen. I dette skriftet påviste han at det var best for barna at skulen
starta på heimleg grunn med opplæring på det skriftmålet som låg nærast morsmålet deira.

I 1938 fekk han Statens reisestipend og gjorde ei studieferd til Sverige og Finland. frå desse landa
hadde det kome folk og busett seg på Finnskogen, og nokre av desse var forfedrane hans.
Så han var av både finsk og svensk ætt.
Dette året vart det òg flytting til Vågå, der han vart tilsett som lærar og klokkar.
Vågåmo skule vart nå den nye arbeidsstaden hans, og han fekk bu på den trivelege
klokkargarden Grindstugu.

I Vågå byrja han å gje ut eventyrbøker. Den fyrste heitte Mat for Mons (1939).
For denne fekk han Melsoms litteraturpris.

Men så kom krigen, og frå fyrste stund var han aktiv i motstandsarbeidet.
I april 1940 organiserte han friviljugvern i Ottadalen, medan konge og regjering låg i dekning på Sandbu.
Han vart avsett som lærar og klokkar og utvist frå bygda. To gonger vart han arrestert.
Likevel heldt han fram med heimefrontarbeid gjennom alle krigsåra.

Nå vart det meir tid til eventyrdikting. Under krigen kom Mannen i månen (1942) og
Håkå i Haug  (1943). I den siste hadde han bod til nordmennene om ikkje å misse vona
i dei tunge krigsåra, men å halde ut.

Av lensmennene i dalen fekk han løyve til å drive "omførselshandel".  Så for han frå bygd til bygd
og selde nynorske bøker. I ledige stunder prøvde han seg som kunstmålar, og med tida vart det ein stor produksjon.
Han fekk seg gardsarbeid i Skjåk. Kona og ungane flytte etter, og dei to siste krigsåra kunne huslyden bu samla
på Sygard Ånestad.
 

Etter frigjeringa i 1945 vart det flytting att til Vågå. Snart var han i full sving og på farten seint og tidleg.
Nå vart han skriftstyrar for Årbok for Gudbrandsdalen.
Å få ut årboka kvar haust vart ei hovudoppgåve for han. Han la ned eit storarbeid med innsamling
av stoff om folketradisjon og kulturhistorie. Han dreiv òg med ættegransking, skreiv biografiar m.m.
Ingen har så mange artiklar i årbøkene som han. Dette arbeidet dreiv han med heilt til han døydde.
Detr vart i alt 19 årgangar av årboka han redigerte.

Som formann i Gudbrandsdal gymnaslag fekk han 13 kommunar i dalen til å gå saman om reisinga av
eit landsgymnas. Dette kom i gang på Vinstra i 1946.
Så vart han ordførar i Vågå (1946-52) og skuleinspektør (1951-60)
I kommunestyret var han med i 15 år. Elles hadde han ei rekkje tillitsverv.
Han var òg ein ivrig fråhaldsmann, og var ei tid med i styret for Arbeidernes avholdslandslag og IOGT.
Han var òg medarbeidar i Norsk ordbok, Norsk allkunnebok og Norske gardsbruk.
I sommarferiane var han fleire turar til Statsarkivet, og samla mykje stoff til ei bygdebok for Vågå, Sel og Heidal.

Sjølv om han hadde det aldri så travelt, heldt han fram med eventyrdiktinga.
Det vart enda to bøker: Breste bogeskyttar (1948) og Pelle Ping-Pang (1955).
Han gav òg ut songheftet Syng med oss - som var tenkt til bruk i landsfolkeskulen.
Siste boka han gav ut, var Skrinet med det rare i (1964), som inneheld vers og viser for barn.
Heilt frå han var ung lærar, var han flittig til å skrive i Norsk barneblad.
Som arbeiderpartimann skreiv han om lag 4000 artiklar i partipressa.

Folkemusikken låg hjarta hans nær. han var tidleg ute med å skaffe seg bandopptakar, og reiste rundt og
gjorde opptak av kjende spelemenn. Han var møteleiar da Vågå spelemannslag vart stifta i 1952.

Dei siste åra han levde, arbeidde han mykje mot Fellesmarknaden og atomvåpen på norsk jord.
Gjennom heile sitt vaksne liv skreiv han hundrevis av prologar til festar og stemne i dalen.
Han heldt foredrag i dei fleste skulekrinsane i Gudbrandsdalen, sume stader fleire gonger.

På slutten sa han om seg sjøv: "Eg har støtt hatt mannge interesser, og eg har spreidd meg på for mange felt.
Men så har vel òg livet blitt rikare på denne måten, får eg tru".

Ole Arnfinn Torgersrud skriv om han som lærar:
"Han var den fødde læraren, og grunnlaget for arbeidet hans ii klassa var det levande ordet.
Som få andre kunne han få liv i turre kunnskaper og pensa, og han åtte evna til å få alt inn
i den store samanhengen"

I mange år var han hardt plaga med sjukdom. Det var problem med magen, og han hadde frykteleg
vondt i hovudet. Han måtte melde pass da hjarta hans tok til å svikte, men jamvel dei siste åra
nytta han kvar ledig stund til arbeid.
Torgersrud fortel: "Ingen sjukdom kunne hindre han i å arbeide både seint og tidlig. Meir enn ein
gong kom eg innom i Grindstugu dei siste åra hans og trfte han halvt sengeliggande.
Men likevel i fullt arbeid med Årboka, Bygdeboka, ættetavle eller dikt og artiklar"

Konservator Håvard Skirbekk skriv i Årbok for Glåmdalen (1966):
"Høgåsen hadde rike evner i mange leier, og med viljestyrken som disiplinerte arbeidsevna,
gjorde han ein livsinnsats så stor og mangesidig at det er fantastisk. Han var fylt av viljen til å tene
og gagne land og folk, og han hadde overskotet til å inspirerere og sette mot i andre"

Da ordførar Albert Kvammen - nærmaste kamerat og partifelle i Nord-Fron  - skulle
karakterisere Høgåsen, sa han: "Han var ein menneskevenn".

Ola Martinus Høgåsen døydde i 1964.

Ola Høgåsen
 

Ola Martinus Høgåsen / Ola Høgåsen. - S. [5-7]
  I: Skrinet med det rare i : eventyr, dikt og songar / av Martinus Høgåsen ; eit utval redigert av Ivar Myrstad og Rasmus Stauri.
   - [Vinstra?] ; Lillehammer : Nord-Fron mållag : Dølaringen , 1999 - 88 s. : ill. ; 27 cm.
   ISBN 82-90072-77-5 (ib.)