JULI 2000

I ettertid kan eg sjaa saa klart at det i grunnen var noko stort tull. Slikt eit styr og hjartebank og soevnlause netter. Og alt eg har igjen er ein nedstoeva reise tv borte i hjoernet og to kroellete 17-mai flagg oppe i oevste hylla. Foroevrig tek eg det med fatning. Tap og vinn med same sinn. Om ikkje anna, saa har turistane endeleg funne vegen til Palekastro igjen. Vegen har livna til og platia syder kvar kveld. Solbrende og svoltne engelskmenn, toerste og stoeyande tyskarar og saa franskmenn.. ..

Eg vil no gje doeme paa korleis bilar leigast ut. Det kan du jo ha aa tenke paa neste gong du ser ein franskmann gasse og tute seg Kreta rundt i leigebil…

Naar ein engelskmann leiger bil, soerger han foerst for at magen er full av steikte egg og poelser, og at sola staar passeleg hoegt innan han viser seg i kontordoera og seier pent goodmorning og how do you do og what a lovely day. Saa leiger han ein hoeveleg bil, betaler og that's it.

Tyskeren kjem foer frukost. Han marsjerer inn paa kontoret, braasnur og gjer halt i doeropninga og fyller den baade paa langs og tvers; ingen skal komme her og snappe bilen hans framfor nasa paa han, og forlanger eine carrr og det paa minuttet. Han vil ha bilen parkert og klar i vegkanten attmed tavernaen, ellers kan han ikkje riktig nyte frukostkaffien.

Ein morgon skin sola ualminneleg varmt og brisen briser saa passeleg imot meg paa veg opp til konoret. Eg foeler meg morgonfrisk og kjekk og tenker at jammen har eg det som plommen i egget her paa Kreta. Den morgonen kan du banne paa at eg skal leige ut bil til ein franskmann. Med storfamilie. Som forlanger storfamilierabatt. Storfamilierabatt er ei kjent fransk glose. (fritt oversatt)

Dei staar og venter paa meg utanfor kontordoera og ser ut som ein fornaerma velkomstkomite allereie foer dei ser meg kome nede i Vegen. Naar dei saa ser meg, rister dei paa hovudet og ser vitande paa klokka og lager franske grimaser seg imellom og mumler at dei skal sanneleg ikkje betale full dag for ein bil med mindre dei har hatt den sidan soloppgong. Eg ber dei inn og byr dei prislista. Den gaar paa omgang ilag med den medbrakte vassflaska og loffen dei har investert i. Fransk frukost. Prislista blir noeye gjennomgaatt. Dei vil ha rabatter. Eg gir eit tilbod. No! Saa gir eg enno eit tilbod. Dei vil sjaa bilane. Vi gaar ut og eg nytter hoevet til aa telle dei idet dei gaar ut doera, fem store og tre smaa. Eg viser dei 7-seteren. O'la la, expensiiiv. Eg viser dei den stoerste jeepen. O'la la expensiiiv. Vi arbeider oss langsamt og tolmodig ned til gruppe A, Fiat Panda.4 seters. A oui! Mine hint om overlast og begrensa antal bilbelter skaper allmenn munterheit. Dei har no slett ikkje tenkt aa sitte der alle saman samtidig. Dei skal byte paa. Naar to store og tre smaa ligg paa stranda, skal tre store gasse og tute Fiaten Kreta rundt. Og omvendt. Ein kan jo ikkje betale for ein bil som berre staar der halve tida. Dei ler fremdeles av meg som trudde at dei skulle sitte der alle paa ein gong. Det ville jo vere imposiiibl. Eg ler ikkje. Ikkje har eg faatt meg kaffi heller. Det sit ein vestlandsdjevel djupt der inne, og no hopper den fram og deiser kontraktblokka i bordet med eit smell. Der fekk eg toerka vekk den franske fliren. Viss du vil sjaa indre kamp og lidelse saa det held, saa studer synet av ein franskmann som maa dra fram lommeboka. O'la la horriiibl! Aa vinne seg til EM og VM titler i hagen der heime er saa si sak, men hjelper lite viss ein ikkje eingong klarer aa foelge spelereglane paa bortebane.Det kan jo vere kjekt aa ha noko aa skrive heim om og..