Tilbake til Norsk Antipsykiatri: Dokumentindex

Psykologisk Selvhenføring

Eit intervju med lærar Willy Flock i HA 19. april fekk psykolog Fred Asknes i HA 24. april til å setta forsvarsmekanismane sine i høggir, og Asknes trillar fram det eine ordet etter det andre frå psykiatriordboka si: Den omnipente og tyranniske læreren …, selvhenførende og grensende til det paranoide, men som kompenserer sin egen litenhet…, sin patetiske selvgodhet…

Flock svara i HA 26. april og rektoren ved skulen Flock arbeider på hadde ein kronikk 3. mai. Rektoren var heller ikkje samd med Flock, men heldt seg for god til å legga seg på eit like lågt nivå som Asknes i ordskiftet. Den beste måten å ta frå ein person truverde på er å psykologisere og psykiatrisere honom. Når psykolog Asknes stemplar Flock som bortimot borderlineparanoid ("grensende til det paranoide"), frådømmer Asknes Flock meiningsrett. Dette er å på politisk grunnlag ta frå andre retten til å bli tekne på alvor. Flock skriv at Asknes’ personkarakteristikkar er "mer underholdende enn virkelighetspregede".

Det som er det store problemet med ordskiftet millom Flock og Asknes er at Asknes er psykolog, og fordi psykologar tillegges ei fagleg tyngde dei ikkje fortener uttalar dei seg med autoritet, for å ikkje seia omnipotens. Nokon kan dermed leias til å tru at det fins serskild god grunn til å legga vekt på det ein psykolog seier.

Asknes bør neste gong han skriv i avisa legga ved ordforklaringar. Av psykologsvadaen Asknes kjem med, er "selvhenførende" det merkelegaste ordet. I desse skulenedleggingstider kan eg minne um at ordet "paranoid", som Asknes bruker um Flock, er eit ord psykiatrien bruker um skulenedleggingsmotstandarar. Landets største skulenedleggingsmotstandar, Arnold Juklerød, fekk diagnosen "kverulant paranoia". I brev frå departementet 11. august 1995 stadfesta dep. at Juklerød hadde rett i det han sa um at det offentlege hadde begått saksbehandlingsfeil da dei la ned grendeskulen til borna til Juklerød, jamfør erklæring frå Juklerøds advokat 7. september same året.

I nordre Ringsaker og Brøttum er det for tida ein kollektiv kverulant paranoia. Det er like morosamt kvar gong å lesa det som står um kverulant paranoia i psykiatribøker, men å gå i 1.maitog manglar som eit symptom. Dette avsindige misforhaldet bør rettas upp, slik at deltaking i 1.maitog heretter blir eit symptom i diagnostiseringa av paranoide psykosar. "Omnipotent" er maktspråk de luxe, og har umtrent eit like sakleg innhald som når to småborn i sandkassa seier "Du er dum!" til kvarandre. Når ein psykolog sitt i sandkassa seier han "omnipotent" i staden for "dum".

Legg merke til at eg ikkje har skrivi eit einaste ord um kva Flock har sagt eller skrivi. Det har ingenting med saka å gjera. Det som saka går ut på er det trugsmålet psykologi og psykiatri utgjer mot demokrati og ytringsfridom, anten det skjer gjennom å latterleggjera ein person slik Asknes gjer eller gjennom å gjera som mot Juklerød. Når psykolog Ellen Finnøy før jul gav ut Dødelig Terapi på Universitetsforlaget, gjekk ein offentleg kjent psykiatar ut i Dagbladet og sa at boka ikkje burde ha kommi ut. Denne gongen lyktes ikkje psykiatrien med å stoppe ytringsfridommen, men da eit stort norsk forlag i 1993 ville gi ut ei norsk umsetting av den amerikanske psykiataren Peter Breggin si bok Toxic Psychiatry (Giftig Psykiatri) fekk psykiatrien stoppa bokutgivinga, og også da gjekk ein offentleg kjent psykiatar ut i Dagbladet og sa at boka ikkje burde komma ut. Vedkommande psykiatar var ikkje snauare enn at han også sa at eit fjernsynsprogram med Breggin som var sendt på NRK ikkje burde ha vori sendt.

Jo Lundsbakken

Trykt som kronikk i Hamar Arbeiderblad torsdag 10. mai. HA avkorta frå kronikken det som står um Ellen Finnøy og Peter Breggin i det siste avsnittet. 1