Desember 1998/Januar 1999 - 15. årgang
Skal de lesa heile avisa, må de lesa papirutgåva.
La ikkje andre bestemme framtida vår
Risberget
Dokumentmappe eller eit halvt tonn med verktøy?
Senterungdom på fylkestinget?
Frå redaksjonen
Internett
La ikkje andre bestemme framtida vår
Grasrot eller lobby?
Lønn og bustad, bil og brennevin. Alle meiner noko um det, men (nesten) ingen gjer noko med det. Nokre trufaste slitarar gjer det keisamme (men også veldig spennande) arbeidet å sitta i kommunestyre, fylkesting, Storting, regjering og partikontor. Alle oss andre som ikkje har lyst til å nærme oss eit kommunestyre med ei ildtong, blir annakvart år påkosta glorete valreklame frå partia for å freiste oss til å legga ein papirlapp eller to i ei urne. Når vi som veljarar kvar for oss skal bestemme oss for kva for eit parti vi skal stemme på, må vi ikkje fråskrive oss retten til å påverke samfunnet resten av året og året før neste val.
Våre folkevalde (også kalla politikarane) er heilt avhengige
av støtte frå oss andre for å gjennomføre politikken
vår. Vi lever i eit samfunn der lobbyvelde (betalde påverknadsekspertar)
og alle slags fag- og næringsinteresser øver eit konstant
press på dei folkevalde, og sterke krefter i EU og betongalliansen
H-A-FrP vil unndra økonomien frå politiske rammevilkår,
slik at toppbyråkratar i Brüssel og storkapitalistar i EU og
Noreg kan bestemme um vi skal drive næringsverksemd i Hedmark og
resten av Noreg (jamfør nedlegginga av Rena Karton). Midt uppi dette
lobby- og storkapitalistveldet, er det viktugt at vi gjer alt vi kan for
å påverke framtida vår – og ikkje let dei som lagar dei
mest glorete valbrosjyrane og betaler dei høgaste lobbyistlønnene
bestemme framtida vår.
Elsk fellesskapet – hat det offentlege
Når det gjeld korleis vi kan påverke framtida vår, er høgresida og den såkalla vinstresida hjartans samde um ein ting: Motsetninga går millom det offentlege og marknaden. I ein uregulert marknadsøkonomi er det dei største spekulantane og dei største og mest udemokratiske maktkonsentrasjonane som kan påtvinge alle oss andre viljen sin. Det offentlege byråkratiet er ikkje demokratisk og folkestyrt, men lever sitt eige liv akkurat som marknaden og prøver å unndra seg politiske rammevilkår. Men det fins ein gammal tradisjon på den såkalla vinstresida for å måle graden av framgang med storleiken på offentleg sektor og talet på offentleg tilsette. Dette fekk Friedrich Engels (bestekameraten til Karl Marx) til å utbryte at dei sosialistiske lurifaksane som meinte at den tyske jarnbana vart sosialistisk når jarnkanslaren Bismarck nasjonaliserde henne, blanda saman offentleg eigarskap med sosialisme. Desse jarnbanelurifaksane i Tyskland for hundre år sia er som eit ekko av Per Kristian ”hakk-i-plata” Foss og Carl I. Hagen.
Offentleg byråkrati har støttespelarar både blant truskuldige politikarar og organisasjonane til dei offentlege tilsette. Uppsvulminga av byråkrati er noko som følgjer naturleg av utviklinga av eit komplekst (uoversiktleg) og teknologisk høgt utvikla samfunn. Men dette gjer ikkje trugsmålet mot demokrati og folkestyre mindre. Høgresida, og spesielt den mest populistiske høgresida (FrP), livnærer seg mykje av misnøye med offentleg byråkrati. Ronald Reagan og Maggy Thatcher (og Lech Walesa og Boris Jeltsin, som ikkje er eit hår betre enn Reagan og Thatcher) livnærde seg millom anna på denne misnøya. Men byråkrati er like høgrevridd som marknaden. Vi må derfor ikkje komma i forsvarsposisjon når vi diskuterer byråkrati. Byråkrati utstråler like mykje kulde som marknaden.
Det er imidlertid med marknad og byråkrati som med sprengkulde og influensa: Vi kan meine kva vi vil um dei, men dei er der, og vi kjem ikkje utanom dei. Og den som har krangla med eit forsikringsselskap veit at byråkratiet i eit privat forsikringsselskap (”høgrevridd” byråkrati) er minst like ille som offentleg byråkrati (”vinstrevridd” byråkrati).
Internasjonalt samarbeid eller overherredømme?
I motsetning til marknad og byråkrati må vi setta folkeleg engasjement. 1000 folk som demonstrerer på Tynset eller Hamar eller i Elverum eller Kongsvinger eller 10.000 folk som demonstrerer i Oslo (eller enda betre: 100.000 folk som demonstrerer i Brüssel) er eit språk som makta skjønner og tek umsyn til. Og det beste av alt: 1000 folk i dei største sentra i Hedmark som samarbeider med 10.000 folk i Oslo og 100.000 folk i Brüssel um å demonstrere. Det er eit slikt internasjonalt samarbeid som kan gi rettferdig fordeling av produksjon, fordeling og handel i verda, og ikkje den internasjonale storkapitalens overherredømme. Det er samarbeid og fellesskap som gjer oss sterke, og gir oss fridom til å utfalde oss. Korkje marknad eller byråkrati kan gi oss den fridommen.
Samfunnet blir ikkje betre enn vi sjølve gjer det til!
Politisk nestleiar i Hedmark Senterungdom Jo Lundsbakken
I begynnelsen av desember vart nærbutikken i Risberget nedlagt. Dette reiser spørsmålet um Senterpartisaka driftsstøtte til nærbutikkar. SULA sender uppmodinga til regjeringspartiet Senterpartiet: I lokalsamfunn der nærbutikken truges av nedlegging og lokalbefolkninga gjennom grendemøter eller på andre måter har demonstrert viljen sin til å slå ring um nærbutikken, bør det offentlege gi driftsstøtte til nærbutikken? Det bør også i slike tilfelle vurderes samdrift millom nærbutikk og anna lokal næringsdrift.
Jo Lundsbakken
Dokumentmappe eller eit halvt tonn med verktøy?
SULA er samd med Ola Petter Borg i Elverum Senterparti som i Østlendingen 5. desember ser ulemper med at regjeringa har tenkt å gi bilpendlarar redusert pendlarfrådrag. Alle i Senterrørsla er glade for at tog- og busspendlarar har fått auka pendlarfrådrag. Men i tillegg til at det er distriktsfiendtleg å gi bilpendlarar skatteauke, vil SULA få tilføye at også i bynære strøk og bystrøk kan mange ufortent tapa pengar på dette. Folk i handverkaryrke som sleper rundt på eit halvt tonn verktøy kan ikkje berre hoppe på lokaltoget til Drammen eller Sørum, men er like avhengige av å reise på arbeidet med bil som mange bygdefolk. Dette framlegget smakar veldig av at det er folk som reiser på arbeidet med dokumentmappe, folk som har glømt kvar dei kjem frå eller livsfjerne urbane ”miljøvernarar” som har føreslegi det. Ønskjer vi å karakterisere Sentrumsregjeringa som folk som reiser på arbeidet med dokumentmappe, folk som har glømt kvar dei kjem frå eller livsfjerne urbane ”miljøvernarar”?
Jo Lundsbakken
SULA gratulerer fylkesleiar Tryge Magnus Slagsvold Vedum med ein sterk 6.plass på fylkeslista. Av andre namn merker vi oss organisatorisk nestleiar Linda Eileen Nymoen som debuterer på 20.plass og Gro Sætersmoen, Elverum Senterparti, politisk nestleiar i Hedmark Senterungdom 1991-93, på 5.plass og Ole Tom Ophus, Ringsaker Senterparti, ex-fylkesleiar, på 13.plass.
Jo Lundsbakken
Ansvarleg redaktør: Jo Lundsbakken
Bladredaksjon:
Fylkesleiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum, Bjørby, 2344 Ilseng
Phone nos.: 625 83868 + 95 18 84 55
Personsøker: 96 80 40 52
Organisatorisk nestleiar Linda Eileen Nymoen, 2283 Åsnes
Finnskog
Phone nos.: 629 54856 + 95 16 26 18
Politisk nestleiar Jo Lundsbakken, Nybovegen 16G, 2312 Ottestad
Phone no.: 625 86326 (foreldre)
Heimeside: http://www.oocities.org/CapitolHill/Congress/5104/
Ei ny SULA har landa i postkassa di. SULA er avisa di, sørg derfor for at røysta di kan høyras i neste SULA. Deadline for neste SULA er 12. mars.
Sitata på baksida er frå Nationen 2/12 s.18.
Internett:
Send favorittadressene dine til SULA. Sei frå dersom du ikkje vil ha namnet ditt i SULA.
Norske lenkjer:
SULA: http://www.oocities.org/CapitolHill/Congress/5104/sula.html
Hedmark Senterparti og Hedmark Senterungdom:
http://www.senterpartiet.no/hedmark/
http://www.oocities.org/CapitolHill/Congress/5104/spindex.html
Senterpartiets Hovedorganisasjon og Senterungdommens Landsforbund:
http://www.senterpartiet.no/ og http://www.senterpartiet.no/sul/
Internasjonale lenker:
http://www.eurolib.org/ Sentrumsorienterte parti i Europa
http://www.worldlib.org/ Sentrumsorienterte parti i heile verda
http://www.turnleft.com/ Sentrumsorientert heimeside i USA
Internettadressa til aviser vi har klipt frå:
Lokalaviser:
Glåmdalen – inga heimeside
Hamar Arbeiderblad: http://www.ha-nett.no/
Østlendingen – lokalavis på lokalsamfunnets side: http://www.ostlendingen.no/
Riksaviser:
Dag og Tid - vekeavis på lokalsamfunnas side: http://www.dagogtid.no/
Klassekampen – vinstreliberal dagsavis: http://www.klassekampen.no/
Nationen – dagsavis på lokalsamfunnas side: http://www.nationen.no/
Sentrum – Senterpartiavisa, sjå Senterpartiet: http://www.senterpartiet.no/
Verdens Gang (VG) – høgreorientert laussalsavis: http://www.vg.no/