Personalia:

Navn: Bjørn Gjerde
Alder: 43 år
Hjemsted: Omastrand i Hardanger
Bosted: Oslo
Klubb: IL i BUL
Yrke: Veterinær; professor i parasittologi ved Norges veterinærhøgskole
Personlige rekorder: Maraton: 2.34.35 (Jølster 1983).
Meritter: Løp: Har løpt 200 maratonløp fordelt på 21 sesongar. Debuterte i Oslo Maraton i 1981 på 2.41.37. Har 9 totalsigrar og mange klassesigrar. Av dei 200 maratonløpa er 170 fullførte på tider under 3 timar. Sprang Troll-løpet over 63 km i 1990 (nr.1) og 1991 (nr. 3). Deltok i Troll-løpet over 100 km i 1992, men måtte bryta 1 km før mål etter at høgre lårbein hadde brotna (pga. stressfraktur/tretthetsbrudd). Langrenn: Har m.a. fullført Birkebeinerrennet 19 gonger, Grenaderløpet (90 km) 15 gonger, 7-mila 14 gonger, Vasaloppet (90 km) 12 gonger, Nydals 50'n 12 gonger og Lillehammer Troll Ski Marathon (95-120 km) 5 gonger. Oppnår som regel premieplass. Beste skiprestasjon truleg 95. plass i Vasaloppet i 1989.

Bjørn Gjerde - maratoner på vei
(Foto: Kondis)



 Bjørn Gjerde - et lokomotiv i norske maratonløyper

Få har klart å kombinere mengde og kvalitet når det gjelder maratonløping som Bjørn Gjerde. I løpet av en sesong løper han rundt 10 maratonløp, på tider vanligvis godt under tre timer. I 1994 passerte han 100 maratonløp i Oslo, og per i dag innehar han en andreplass som yngste medlem av 100-klubben med 200 maraton løp. Som tidligere styremedlem i Den norske Maratonklubb, og et løpende forbilde for maratonsporten i Norge er han også mannen bak "5 på norsk jord". Denne utmerkelsen ble vedtatt av DNM i 1987 og viste seg å bli en nyttig spore for de maraton interesserte her til lands; i fjor var det 164 kvalifiserte løpere.

Hva var det som fanget din interesse for maratonløping ? Det var lanseringa av Oslo Maraton i 1981. Eg hadde jo drive med langrenn/turrenn i fleire år, og hadde også delteke i ein del skogsløp på slutten av 70-talet, m.a. Nordmarkstraver'n (ca. 30 km) og Holmenkollen Rundt (ca. 42 km. Dessutan jobba eg saman med ein som skulle delta i dette løpet. Dette første maratonløpet mitt gjekk såpass bra at det gav meirsmak. Dei første åra var maratonløpinga likevel helst eit biprodukt av at eg dreiv med trening for langrenn og gjerne ville konkurrera litt i sommarhalvåret.

Hva er din oppskrift på hvordan man skal løpe et maratonløp? Det er først og fremst å leggja opp løpet etter sin eigen løpskapasitet og dagsform og ikkje bry seg noko særleg om korleis konkurrentane spring. Eg prøver å halda relativt jamn fart gjennom heile løpet, og finn det rette utgangstempoet ved å kontrollera kilometertidene på dei første kilometrane. Eg er også svært konsentrert om sjølve løpinga, og legg ikkje merke til så mykje av det som skjer langs løypa. Dermed kan eg tidleg fanga opp signal om at eitt eller anna problem er på gang, og justera farten, væskeinntaket eller andre ting deretter. Mot slutten av eit maratonløp når det tek til å røyna på kreftene, kan det vera gunstig å sjå for seg resterande distanse som fleire kortare etappar, eller som ein eller fleire rundar i den treningsløypa ein til dagleg nyttar. Likevel er det ikkje alltid eit maratonløp går etter oppskrifta.

Har du noen favorittløyper i Norge ? Ja, det er Jølster Maraton, Fjellmaraton og Hardangervidda Maraton. Alle desse tre løpa er svært gode arrangement med løyper som går i storslått natur. Når det gjeld naturen, er det jo ikkje alle løparar som tek seg tid til å sjå så mykje av den under sjølve maratonløpet. Eller som to bergensarar uttrykte det i bussen på veg til start i Jølster Maraton ved Jølstravatnet ein strålande julidag eit år. A: «Det er synd man ikke får sett noe av denne fantastiske naturen under løpet». B: «Men skal du løpe uten briller i dag, da?»

 Er arrangørene i Norge flinke nok til å markedsføre og arrangere sine løp ? Dette varierer ein god del. Når det gjeld marknadsføring via media er jo det vanskeleg på grunn av den minimale interessa for landevegsløping blant journalistar flest. I dei seinare åra har dei fleste større arrangørar vore flinke til å annonsera i Kondis, og det siste året har mange også kome med nyttig informasjon via Internett. Mange av arrangementa kunne nok ha vore betre, men oppfatninga av kva som er eit godt arrangement varierer jo ein god del blant ulike løparar etter kva nivå ein ligg på. Enkelte løp, spesielt Oslo Maraton, har lite inspirerande løypetraséar, og enkelte har dårleg service på drikkestasjonane.

Oslo Maraton -94:
Maratonløp nr. 100 (2.56.19)
(Foto: Kondis)

Premieringa er ofte svært dårleg, både når det gjeld prosentvis premiering og kvaliteten på premiane. Eg har absolutt ingen sans for blankt lettmetalljuggel på sokkel eller masseproduserte standardmedaljar, som diverre mange arrangørar nyttar som premiar. Men det finst heiderlege unnatak, og spesielt synest eg premieringa i Fjellmaraton og Hardangervidda Maraton er bra. Mange arrangørar synest ikkje å forstå at eit godt arrangement med god klassepremiering og deltakarpremiering er den beste forma for marknadsføring dei kan få.

Det synes å bli færre som løper mange langdistanseløp i Norge, jfr."5 på norsk jord"-deltagelse i år. Kommentarer til mulige årsaker ? Det er vel eit resultat av den generelle samfunnsutviklinga. Stadig færre er såpass fysisk aktive at dei er i stand til å gjennomføra lengre løp. I vårt velferdssamfunn er det få som frivillig vil utsetja seg for noko som er slitsomt eller ulystbetont, i alle fall utan betaling.

Hva motiverer deg mest for å løpe så mange maratonløp i året ? Eg synest det er moro å konkurrera og måla krefter med andre over lengre distansar. Dessutan er det hyggeleg å møta andre løparar i samband med maratonløpa.

Har du "fem gode grunner" for å løpe maraton til potensielle debutanter ? Nei, det viktigaste er at ein er fysisk aktiv og held seg i god form. Maratonløping er ei fin utfordring for enkelte, men for mange kan det vera like bra å konkurrera over kortare distansar.

Med et lårbensbrudd i Trolløpet i '92 kjenner du også skadesiden av langdistanseløpingen. Hvilke forholdsregler tar du for å forebygge skader ved løping ? Eg trenar nokså variert. I sommarhalvåret vekslar eg mellom løping, fjellturar, rulleskitrening og litt sykling. Om vinteren går eg stort sett berre på ski. I tillegg driv eg litt styrketrening for langrenn i perioden oktober - januar. Det meste av løpstreninga går på grusunderlag, og eg vekslar mellom ulike skomodellar.

Har du noen forbilder fra maratonløpingens verden ? Eg har stor respekt for Jon Henden, som eg møtte på mange maratonløp før han omkom i ei trafikkulykke i 1991.

1999, -er maratonsesongen allerede planlagt ? Ja, i store trekk. Målet er å gjennomføra 11-12 maratonløp, og eg har valt ut ni blant dei som no er terminfesta.

Vi sier takk for praten og ønsker Bjørn Gjerde lykke til videre i maratonløypene !

ã maraton-info, 13-des-98.
Oppdatert 22. november 2001

Til hovedside

 

1