arkiv


Kyr, bønder, forbrukarar og heile økosystem blir sjuke

Omsider kjem diskusjonen om årsakene til landbrukskatastrofane i EU også hit til landet. Verken ei delvis Orkla-eigd presse eller urbanistane i NRK og andre Oslo-baserte media kan stoppe dette; til det er perspektiva altfor skremmande for det publikum som trass i alt skal lite på og dermed vere villige til å konsumere desse media. På den andre sida er det få eller ingen som etterlyser medias ansvar for dei dystre resultata av mange tiårs genmanpulering, overmekanisering, overgjødsling og ikkje minst "over-transportering" av matvarer.

Av Hartvig Sætra

Medias ansvar for ”Rural Exodus”

Det er media som har gjennomført den massive hjernevasken av Vestens forbrukarar til utelukkande å stille eitt einaste krav til maten: At den skal vere billegast muleg. Dette har ein berre kunna oppnå gjennom tre verkemiddel som alle er like øydeleggande for global berekraft på lang sikt:

1) Propaganda for omfattande frihandel med matvarer, slik at jordeigar-elitane fattige land kan utbytte billeg arbeidskraft og røve maten vekk frå sin eigen befolkning, for deretter å selje den til rike land med god forteneste. Resultat: Dei rike lands jordbruk blir utkonkurrert. Mindre bruk med meir ”natur-nær” produksjon kan ikkje overleve utan kraftig subsidiering. Dette har ført til hets mot dei små bøndene, som konsekvent blir skvisa ut. Både bondegardar og salgslag blir selt til store matvarekonsern.

2) Dei bøndene som overlever, gjer dette fordi dei kastar seg inn i ein produktivitets- og rasjonaliseringskarusell, der tunge maskinar, sterk gjødsling og biocid-bruk dominerer. Den svindyre mekaniseringa og det enorme arbeidspresset som følgjer med, slit ned bøndene, knuser ekteskapa, skaper stress, sjukdommar og sjølvmord. Resultat: atter ein gong at matvaregigantane kan sko seg. I enkelte statar i USA er talet på ”bondebruk” redusert til 1,5% av brukseiningane. Canada, Mexico, Australia og New Zealand følgjer etter. Paradoksalt nok er det ingen land på den vestlege halvkula som har så stor prosent sjølveigande småbønder som det kommunistiske Cuba!

3) Media framstiller livet på landsbygda som drepande kjedeleg, landsbefolkninga som stupide og brutale stakkarar, og livet i byen som det einaste av verdi.. Resultat: Ingen unge menneske vil drive gardsbruk. Og utviklingstendensen frå pkt. 1 får enda større kraft. Enda fleire gardar og bondekooperativ blir selt til matvaregigantane.

Og kven trur du eig dei media som driv desse kampanjane? Riktig gjetta: Matvaregigantane har kjøpt seg inn som store eigarar i Vestens aviser, TV-stasjonar og filmselskap.

Formål? Å få hand om den beste og mest produktive jorda i heile verda: Den vi finn i dei rike landa i Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Det er i desse landa ein har mest stabil nedbør. Dessutan viser prognosane for drivhus-effekten at desse landa får gunstigare temperatur og nedbør i framtida. Derfor vil denne jorda kunna gi enorme profittar i eit framtidig samfunn der det blir mangel på mat, spesielt mangel på sunn mat til den rike delen av verda.

Denne utdrivinga av dei sjøleigande bøndene og matvaregigantanes oppkjøp av høgproduktiv jord i rike land har fått eit namn. Det venstreradikale tidsskriftet New Internationalist kallar det ”Rural Exodus” - utdrivinga av bondestanden. Med klar allusjon til det som ein gong skjedde med ei anna sterkt forakta gruppe - jødane. Friheten er den første avisa i Norge som har tatt opp denne utviklinga, for nøyaktig eit år sia.

Rural Exodus også i Norge

Du trur kanskje at dette gjeld berre USA og andre super-liberale land? Feil. Også her i Norge har private matvarekonsern stor mediamakt. Det mest nærliggande eksemplet er Dagbladet, der matvaregiganten Orkla er ein stor og sterk eigar.

Derfor er det grunn til å spørje: Er det tilfeldig at denne avisa så seint som for nokre månader tilbake har drive ein systematisk negativ kampanje mot norske husdyrprodukt og bondesamvirket, mot bøndene og mot ”livet på bygda”. Prisagitasjonen har vore voldsom; og folk er gong på gong blitt oppfordra til å dra til Sverige og Danmark for å kjøpe mat. Helsefarene ved grensehandelen er underslått, og avisas propaganda har heile tida gått ut på at husdyrprodukt har mengder av helsefarleg kolesterol og metta feitt dersom dei er framstilt i Norge. Men billeg flesk og ost på danskeferja er heilt i orden!

Dette har gått hand i hand med sterkt negative vinklingar av landsbygda. Dagbladets journalistar liknar på grisen som fôr til kongsgarden: Når dei drar på bygda, finn dei konsekvent søppel og søle. Striden om rovdyra har vore kjærkomen i så måte. Norge er eit spesielt land i europeisk samanheng fordi vi ennå har ein relativt stor sjøleigande bondestand. Dei har tidlegare hatt stor prestisje, men media-hetsen har endra dette dei siste åra. Nå står norsk landbruk framfor stupet.

Sjølvsagt er ikkje Dagbladet åleine om å mobbe landsbygda. Men at Dagbladet er løpegutt for kapitalen er ei heilt ny og uventa rolle, som lesarane - den norske ”venstresida” - ikkje har så lett for å venne seg til. Vi ventar noko heilt anna av H.E. Berners, Gunnar Larsens og Anton Beinsets avis enn av Handels- og Sjøfartstidendes etterfølgjar Dagens Næringsliv, av Schibstedavisene og den stakkars etterplaprande Dagsavisen. Alle kappast om å å vere ”bästa bondödaren i stan”. Fordi alle vil hemne det forsmedelege tapet i EU-avstemmingane.

Etter at jobben er fullført, meiner dei nok at Norge vil bli ”modent for medlemskap”. Kva blir resultatet dersom dei større norske media når sine mål?

Tine og Gilde og andre samvirkebedrifter blir overtatt av Orkla og andre private aktørar av multinasjonalt format. Det første som da vil skje, er at utkantjordbruket blir slått ut. Bruka i sentrale strøk vil klare seg, men matvarekonserna vil ta over. Vi vil få ein ”vertikal integrasjon”, slik som vi ser utvikle seg i fisket med etter at kvotane er blitt omsettelege. Dei samme bedriftene vil eige gardane, transportbedriftene, meieria, slakteria, omsetningsbedriftene og salsleddet for kunstgjødsel, kraftfor og biocid. Orkla vil vere ein sterk aktør, i lag med multinasjonale konsern. Vil Dagbladet da agitere mot høge matvareprisar?

Med busettinga og kulturlandskapet vil det sjølvsagt gå berre ein veg: Det blir slutt på dei levande bygdene i Fjell- og Kyst-Norge. WWF, ”Våre rovdyr” og Naturvernforbundets nåverande leiing vil få det dei ønskar: Eit ”svensk” landskap utan brysame sauebønder og kritisk lokalbefolkning. Dialektar og lokalkultur blir borte - men det ser vel mange urbanistar på som svært positivt. Dei likar nok dårlegare å snakke om dei nærmare 300 artane av planter og dyr kan bli utrydda frå norsk natur - enkelte frå skandinavisk natur. Dette er artar som er langt meir truga enn ulven nokon gong vil bli. Eit gjengrodd landskap utan menneske og utan beitedyr vil vere eit biologisk utarma landskap.

Som julekvelden på kjerringa

Matvaregigantane trudde at ved å styre media, kunne dei kontrollere menneska, og dermed skulle dei økonomiske kreftene få jordbruket til å falle som ei moden frukt i fanget på dei. Men dette scenariet slo heidundrande feil. Prion og virus kom som julekvelden på kjerringa. Dermed flammar pestbåla over Europa, som i mellomalderen. Den gongen var det fattigfolket som døydde som fluger og vart brent i haugar I dag gjeld det husdyra, våre lydige og tru og etter kvart nokså mishandla tenarar. Og det står verken natur- eller dyrevernarar klar til å forsvare slike dyr; dei er ikkje karismatiske, dei er ein pariakaste i forhold til sel, kval, ulv og jerv. Om dei står på dyrebilar til dei segnar og knekker føtene, om dei gjennomgår lidingar i timevis for nokre få øres forteneste pr kg kjøtt, så er det ingen som bryr seg. Ein av dei mest humane avlivingsmetodane for slaktedyr, hakapiken, blir ståande som eit symbol på ”barbari”, mens krøtterfabrikkane og burhønsindustrien og dei ufyselege ”rasjonaliserte” avlivingsmetodane på samleband fram til denne tid har vore uproblematiske for både media og dei såkalla ”naturvernorganisasjonane”.

Men nå riv stanken frå pestbåla i nasen, både for dei multinasjonale matvaredirektørane og ulvevennene. Nå ligg både kunstgjødselindustri, slakteri, kraftforindustri og omsetningsorganisasjonar for levande dyr bokstaveleg tala for fefot. Alle media i Europa peikar eintydig i ein retning når dei skal finne skulda for elendet: Industrijordbruket.

La det svi på pungen for media!

Prion og virus sørga for å avsløre at vi alle er ein del av naturen, og at ingen ”politisk korrekt” journalist står utanfor den økologiske samanhengen. Eg trur aldri vi i moderne tid har sett vestlege journalistar og media i den grad strippa for alt truverde som når det gjeld forholdet til jordbruket og ansvaret for pestbåla.

Men når kjem sjølvkritikken frå media? Svaret er: Så lenge det står opp til dei sjølve, kjem den aldri. Nå flyktar aviser og journalistar i flokk frå sine gamle propagandaformularar, og forsøker å legge skulda på bøndene. Men det er like galt som å legge skulda for Holocaust på dei som skrudde på gasskranane i Auschwitz. Bøndene i europeiske land har, til dels svært motvillig, innretta seg etter media, forbrukarane og den heilage ”konkurransen”. Dei har kutta kostnader ved å la miljøet og sysselsettinga ta støyten. Og blitt tiljubla av media. Mens ei gruppe på 1500 økologar omkring 1990 åtvara om at ”ei global berekraftig utvikling er umuleg utan at vi brukar i overkant av 30% av inntektene våre til mat”, er Norge nå nede på 12%; og til og med det synest media er ”altfor dyrt”.

I Danmark seier både matvare-ekspertar, gourmetar og mediefolk dette: ”Det er kun tre veje til at løse landbrugskrisen i vår del af verden: 1) dyrere mad, 2) dyrere mad og 3) dyrere mad”.

Kor dyrt blir det infernoet som vi nå opplever i det europeiske industrijordbruket? Og kven skal betale? Mitt svar er: Media, til dels under matvaregigantanes styring, er ansvarlege for agitasjonen om ”billegare mat”. Agitasjonen hadde som formål å skvise ut dei sjøleigande bøndene i rike land, og fjerne alle økologisk riktige produksjonsmåtar fordi dei var ”for dyre”. I staden skulle medias oppdragsgivarar, matvaregigantane, ta over jorda og foredlings- og omsetningsapparatet. Da ville alt bli rasande billeg for forbrukarane.

Nå må forbrukarane stå opp og slå fast: Det er vi som er rasande. La dei media som svindla oss, betale pestbåla!

Hartvig Sætra
i Friheten mars 2001