Hartvig Sætra. Hagtvedt Og Kambodsja.


Hvem er redd for hvem? Chr. Kittelsen 1944



Kambodsja og Hagtvedt

Av Hartvig Sætra



Dagbladet har hatt den følgjande artikkelen liggande i påvente av trykking i over 14 dagar. Nå først får eg avslag. Motivet for uthalinga og avslaget går indirekte fram av teksten.
Avslaget er nokså sært, da underskrivne var den mest aktive debattanten på norsk venstreside i tjue år, både mot AKP/RV/KKs politikk, og mot sviket frå ulike norske regjeringar i dei tjue åra da dei godkjende Pol Pots eksilregjering som ”Kambodsjas lovlege regjering” (1979-93).
Underskrivne vart i 2001 heidra med Vinje-prisen, i hovudsak på grunn av denne saka.

Kambodsja og Hagtvedt: Oppgjeret som uteblei.

Dagbladet har sett seg føre å ta eit oppgjer med dei som lefla med Pol Pot i perioden 1975-93. Det er bra - sjølv om det kjem altfor seint og er svært mangelfullt.

Underskrivne var i denne perioden einaste norske medlem av engelske ”Friends of Cambodia”. Eg skreiv omlag 90 innlegg om massemordet i perioden 1979-2000. Nokre få andre - mest folk med tilknytning til SV og NKP - skreiv også innlegg. Men med unntak for Friheten og Ny Tid vart våre innlegg kasta i papirkorga av media på både høgre og venstre fløy. Arbeiderbladet var eit lite lyspunkt etter 1985. Aftenposten og Dagbladet var omtrent hermetisk lukka.

Derfor er det oppsiktsvekkande når eg finn store delar av min argumentasjon i ein svært voluminøs, todelt artikkel av Bernt Hagtvedt i Dagbladet. Det er knapt eit einaste poeng om Kambodsja i hans artikkel som ikkje underskrivne har brukt mot AKP, RV og Klassekampen allereie for tjue år sidan. Men den gongen fekk eg aldri eit ord til støtte frå den samme Hagtvedt.

Norsk venstreside har mykje å svare for når det gjeld Kambodsja, med eitt klart unntak: Lise Winthers reportasjar i Friheten frå 1979 og 1984 er bragder som ville blitt tildelt journalist-prisar dersom det hadde gjeldt ei anna sak og ei anna avis. – I eitt tilfelle hadde også Ny Tid reporter i landet. Men dei fleste media snudde ryggen til. Det var nemleg altfor mange både i pressa, NRK, Storting og Regjering som hadde svin på skogen. Derfor vart våre innlegg kasta i papirkorga.

For den som vil ha ytterlegare dokumentasjon på dette, er det viktig å lese Ørjan Østviks hovudfagsarbeid i historie frå Tromsø 1998: ”Norge og Kambodsja - en studie i bakgrunnen for Røde Khmer-regimet, og norske holdninger til Kambodsja i perioden 1975-1991.” Denne avhandlinga er full av politisk sprengstoff - derfor er den grundig nedtagd av norske media.

Men tidene skifter, også i media. Nå er vel kritikken av AKP, RV og Klassekampen i dei beste hender, i og med at Bernt Hagtvedt brusar inn på tingstaden og set seg i lagmannssetet. Så skulle vi tru at alle ansvarlege blir stemna til doms for den mediale ting-mugen?

Å nei, på ingen måte. Bernt Lagmann veit kvar makta er, og den vil han ikkje kalle til ansvar. Han dreg seg unna ein viktig del av oppgjeret med Kambodsja-politikken: Det offisielle Norges langvarige støtte til Pol Pots eksilregjering i Thailand.

Ein episode som BH sikkert kjenner, men ikkje nemner, er dette: Da Vietnam rykka inn i Kambodsja i januar 1979, arrangerte AKP ein godt kamuflert pro-Pol-Pot-demonstrasjon, der dei fekk folk frå alle parti med unntak av NKP til å stå som underskrivarar på ein annonse i Dagbladet med skarpe åtak på ”Vietnams imperialisme”. Dei mest prominente nålevande personar som skreiv under, var Odd Einar Dørum (V), Odd Anders With (KRF), Erling Bø (VG), Gerd von der Lippe, Sidsel Mørch, Torgeir Anda (UV), Solveig Seem (UH), og Tramteatret (!) Blant dei som er borte, finn vi framståande stortingsfolk frå DNA, SP og KRF. Lista har Finn Sjue, AKP(m-l), som ankermann. Dagbladet har fått faksimile av sin eigen annonse 13.01.79, men dei har berre nemnnt saka på bortgjømt plass i nett-utgåva. Faksimilen kan interesserte få tilsendt frå hartvsae@online.no.

Når folk frå den norske høgresida skreiv under, var motivet å få hemn for Vietnams siger over USA.
Dette løynde samanfallet mellom AKPs og høgresidas Kambodsja-politikk heldt fram i nesten femten år, til 1993. Alt i 1979 vart Pol Pots eksilregjering gitt Kambodsjas sete i FN - med den norske regjeringas samtykke. Eg er samd med Halvard Bakke som skreiv i Dagsavisen at det er likeverdig med å anerkjenne Saddam Husseins eksilregjering etter invasjonen av Irak.
Også den dødbringande, Irak-liknande boikotten av det utfattige Kambodsja var Norge med på. Den britiske humanitære organisasjonen OXFAM meiner at boikotten kosta mellom 350 000 og 500 000 liv. Dette kjem i tillegg til USAs terrorbombing av landet før 1975, som kosta meir enn ein halv million liv.
Altså to veritable massakrar, Bernt Hagtvedt. Dei fortel du ikkje eit knyst om.
Dei gjenlevande ansvarlege statsministrane når det gjeld norsk Kambodsja-politikk, er Gro Harlem Brundtland og Kaare Willoch. Og dei gjenlevande utanriksministrane er Thorvald Stoltenberg og Kjell Magne Bondevik. Det er ingen grunn til å stille mildare krav til dei enn til Jon Michelet og Sigurd Allern. Dei sistnemnde har støtta Pol Pot verbalt på ein ufyseleg måte. Men dei har aldri hatt parlamentarisk ansvar for den reelle støtta som Norge har gitt Pol Pot. Det har så absolutt vår nåverande statsminister hatt.

La Bondevik og dei andre notabilitetane sitte på benken i lag med AKP-gjengen, Hagtvedt!
Og ta gjerne fleire med. La oss ta ein annan episode: I 1984 sende ei gruppe på 16 lærarar ved Nordreisa videregående skole ein del spørsmål til dei parlamentariske leiarane på Stortinget - blant andre dette: ”Har vi lov til å legge realitetane i norsk Kambodsja-politikk fram for elevane, eller er dette spørsmålet tabu i norsk skole?” Vi forklarte at i så fall ville regjeringas politikk nødvendigvis komme dårleg ut, så sant vi skulle halde oss til fakta. - Eit av medlemene i gruppa var Geir Pollen, nåverande leiar i Den norske forfatterforening.

Berre to svar kom til oss: Eit positivt frå SVs Stein Ørnhøi, og eit flåsete frå Høyres Arne Skauge, der han seier at ”jeg undrer meg over den påfallende interesse for denne sak hos gruppen av lærere.” Resten av dei parlamentariske leiarane ignorerte brevet, der vi m.a. peika på at Vietnams rolle i nabolandet Kambodsja likna på Tanzanias inngrep i nabolandet Uganda for å avsette Idi Amin. I dag vil det vere nærliggande å samanlikne med NATOs inngrep i Kosovo - dersom ein ser bort frå at den sistnemnde aksjonen førte til etnisk utreinsing av over 200 000 serberar og 70-80 000 av andre nasjonalitetar. Noko slikt skjedde aldri under Vietnams okkupasjon av Kambodsja. Etter ti år trekte landet seg ut av Kambodsja i ro og fred - utan at Vesten oppheva boikotten.

Eg skal ikkje gå inn på BHs motivasjon for å sortere vekk Vestens ansvar for massakrane i Kambodsja. Men aksjonen føyer seg inn i eit mønster, der BH foretar ei forskjønning av historia som ikkje er så ulik AKPs ”historiske materialisme”, med motsett forteikn.

Eg vil minne om at han sensurerte vekk mitt bidrag til filosof-antologien ”Den ytterste grense”, fordi eg hadde gripe fatt i ein annan av Vestens store massakrar i nåtida: I fleire rapportar på 1980-talet slo FN-organisasjonen UNICEF fast at av dei 12-14 millionar barn som døydde av svolt-relaterte sjukdomar på jorda, hadde 500 000 dødsfall direkte årsak i tvangsmessige strukturtiltak som vart pålagt fattige land av Verdsbanken (WB) og Pengefondet (IMF). Dette fekk eg ikkje lov til å skrive om i ei norsk universitetsbok anno 1993. Noko ”motbevis” overfor UNICEFs tal kom han aldri med. Parallellen mellom hans ignorering av UNICEFs tal og Steigans bagatellisering av Pol Pots ugjerningar er pinleg klar.

juli/august/2003


Hartvig Sætra
Minneside frå NKP

her