Kampen om kapitalens hjarteblod.
Av Hartvig Sætra
Vi opplever i desse dagar eit
tidsskilje i internasjonale
makttilhøve, med like store
konsekvensar for ettertida
som tida kring 1990, men
også med ein viss kontinuitet
frå den gongen.
Av Hartvig Sætra
Når vi i våre dagar ser eit nytt,
brutalt imperium vekse fram, har
sjølvsagt det samanheng med
1989. Det er sagt at ein indianar
sto og gret da Muren fall. ”Også
dette er det vi som må betale”, sa
han. Det er ikkje vanskeleg å sjå
at han er i ferd med å få rett, på
vegne av heile Den tredje verda.
Mens det første tiåret etterpå var
relativt roleg, og berre prega av
eitt ”urosenter” - Balkan - ser vi
i dag at USAs maktambisjonar
femner om alle delar av verda der
det framleis finst reservar av
kapitalismens hjarteblod: Lett tilgjengeleg
lågentropi i form av
fossile brennstoff.
Som vi tidlegare har vore inne på
her i avisa, treng Marx´ arbeidsverditeori
eit tillegg for at vi skal
kunna forstå kapitalismens suksess
under siste delen av 1900-
talet. Det er sjølvsagt framleis riktig
at kapitalismen bygger på akkumulasjon
av meirverdi.
Dersom meirverdien berre blir
skapt gjennom ein berekraftig,
reproduktiv produksjon, er
marginane så små at ei generell
utarming av befolkninga blir resultatet.
Da vil det ende med kollaps
og revolusjon. Men dersom
ein kan kutte vekk mest muleg av
den brysame arbeidskrafta og
satse på fossile ”energislavar”,
kan kapitalismen innkassere ein
”ekstraprofitt” som tillet den både
å sikre akkumulasjonen og i tillegg
gi befolkninga eit høveleg
grunnlag av ”brød og sirkus”, slik
at dei ikkje-akkumulerande
klassane held seg i ro - i det minste
i dei 20% av jordas befolkning
som nyt godt av 85% av ressursane.
Resten bur så langt unna oss, og
er så makteslause, at dei snart
berre har sin eigen kropp med
innsydd sprengstoff som våpen.
”Jordas bundne trælar bur ikkje
her lenger”. Men det blir stadig
fleire av dei ein stad der ute, og
den relative roen i kapitalismens
kjerneland er avhengig av at vi
framleis hentar både gammaldags
meirverdi og fossile energislavar
i deira område. Så lenge dei varer.
Altså må kapitalismen bygge eit
imperium der dei 20% styrer dei
80% - eller i realiteten: der ein
bitteliten elite blant dei 20% styrer
resten av verda - dei 80% med
tvang, resten gjennom materielle
bestikkelsar.
Forholdet mellom dei priviligerte
og dei tilsidesette trer skarpast
fram i Midtausten. Årsakene til
dette fell i to hovudkategoriar:
1. Det materielle konfliktstoffet
er basis.
Dette har sjølvsagt samanheng
med at Irak, Iran, Saudi-Arabia og
ein del små Gulf-statar rår over
verdas største ressursar av lågentropi
i form av olje og gass.
2. Den ideologisk-religiøse konfrontasjonen.
Det er knapt nokon grunn til å ta
påstandane om ”kamp mellom
sivilisasjonar” særleg alvorleg,
for bortsett frå korstogstida har tre
religionar levd side om side i
mange hundreår.
Dei ideologiske
konfrontasjonane er motsetningar
i overbygget - i den kulturelle og
ideologiske sfæren. Dette er kort
og godt ein kamp om folks medvit
- ein kamp om kven som skal
fylle hovuda våre med lyster,
kunnskapar lojalitet og fordommar.
Med andre ord det som
Gramsci kallar ”det kulturelle
hegemoniet”. Men dette skal ein
ikkje bagatellisere; utan kulturelt
hegemoni raknar herreømmet
over lågentropien.
Iden samanhengen brukar ideologi-
produsentane eit tilårskomment
dokument for å legge dei
teologiske premissane: Det
Gamle Testamente (GT), eller
Torah, som jødane kallar det.
Ikkje minst er det viktig å forstå
at dei krigane som foregår i dag,
og som kjem til å bli ført i nærmaste
framtid, siktar mot å skape eit
”Pax Judeo-Americana”. Og som
under Pax Romana vil også det
nye imperiet bli styrt av etniske
grupper som hevdar at dei er
”Guds utvalde folk”.
Tekno-kapitalen og
Det gamle testamentet
I røynda var det aldri fred under
Pax Romana. Det vil det heller
ikkje bli under det nye imperiet.
I ei verd med aukande folketal og
meir og meir sentralisert akkumulasjon
av kapital og krigsteknologi,
vil det vere meir enn nok av
menneske som mistrivst eller direkte
svelt under den fundamentalistiske,
imperialistiske jernhælen.
For Pax Judeo-Americana vil
kvile på ekstreme variantar av
både børs og katedral. Det mest
intolerante og brutale religiøse
dokument i historia - Det gamle
testamentet - dannar som vi har
sett det religiøse fundamentet.
Underskrivne er ikkje den første
som påpeikar dei kyniske og rasistiske
sidene ved dette skriftet.
Den første som gjorde det, var
faktisk Jesus. I Bergpreika (Matt.
5-6) tar han stadig opp att denne
formuleringa: ”De har høyrt det
er sagt: ... Men eg seier dykk: ...”.
Og så legg han eit heilt anna
innhald inn i dei gamle bodorda,
der begrepet ”Guds utvalde folk”
blir bytta ut med ”Her er ikkje
jøde eller grekar ...”
Uansett kor skeptiske kommunistane
er og har vore til religionar
generelt, så kan det ikkje rå tvil
om at begrep som solidaritet og
generell humanitet har eit godt
grunnlag i Det nye testamentet,
mens dei er framandord i GT
brukt overfor alle andre enn
”Guds utvalde”.
Sjølvsagt finst det opposisjonelle
røyster i GT, akkurat som i
nåverande Israel. Dei brukte
gjerne harde ord mot ein framand
guddom - Mammon - som øydela
Israels reine sjel. I dag verkar det
som om dei mest idealistiske av
dei gamle profetane har måtta
vike plassen for ein fusjon av
Jahve og Mammon.
Det er jo så tidsriktig med
fusjonar. Gamle konkurrentar slår
seg i lag for å kontrollere heile
marknaden. Så også med dei
rivaliserande guddomane i GT.
Ein moderne marknadskonsulent
kunne lage verdas mest slåande
reklametekst av dette: ”Jahve og
Mammon - sammen er de krutt!”
Israel Shamir plar bruke begrepet
”mammonittar” når han omtalar
maktskiktet i Imperiet. Denne
nemninga er klargjerande når det
gjeld den religiøse grunnkarakteren
i marknads-fundamentalismen:
Det er snakk om ein
koalisjon av gammaltestamentlege
jødar og kristne.
Eller som Johan Galtung nyleg
uttrykte det på sin sarkastiske
måte, med sideblikk til
Macchiavelli: ”USAs politikk er
en fortsettelse av teologien med
andre midler”. Det han burde
føydd til, er dette: ”Hvor tror du
USA har lært at amerikanerne er
de beste menneskene i verden?”
Israelisering av USA og
palestinisering av Irak
Desse to begrepa blir brukt av
nettstaden Voz de Aztlan. På
mange måtar er dette ei presis
skildring av utviklinga i det amerikansk-
israelske imperiet akkurat
nå. Dei rike og mektige -
”vinnarane” - opptrer med stadig
større arroganse, anten det gjeld
den amerikanske makteliten eller
våre heimlege direktørar med
millionlønner. ”Vi har lov til dette
fordi vi er dei vi er” - underforstått:
Gud Mammons utvalde
folk. Dette er ei tilpassing til
gammaltestamentleg teologi -
altså det som Aztlan kallar ”israelisering”
av USA og andre rike
land.
På den andre sida aukar talet på
”taparar”med enda større fart, og
dei økonomiske og sosiale skilnadene
har aldri vore større enn
akkurat nå. Frå 1960 til i dag har
dei 20% rikaste på jorda auka sin
andel av ressursane frå vel 60%
til 85%. Og ved hjelp av fossil
lågentropi kan den globale kapitalen
sjalte ut stadig større delar
av menneskja frå produksjonssfæren
og tvinge dei til å leve frå
handa til munnen i ein såkalla
”uformell økonomi”. Altså ein
slags pulterkammer for avlagt
menneskeleg arbeidskraft. I dag
får denne utviklinga sitt mest ekstreme
uttrykk i Palestina , der
arbeidsløysa i mange område er
80%, og der folk i gjennomsnitt
lever under eksistensminimum på
2$ om dagen. Derfor kan ei slik
påtvinga proletarisering av
massane kallast ”palestinisering”,
uansett kva etnisk bakgrunn
dei tilsidesette har.
Aztlan ventar at Imperiet vil legge
under seg stadig større delar av
Midtausten. Og vi kan vente oss
ei utvikling av samme forholdet
mellom amerikanske imperialistar
og arabiske undersåttar som
mellom Israel og Palestina. For
eksempel i Irak.
”Israelisering” og ”palestinisering”
er derfor ein terminologi
som beskriv utviklinga av Imperiet.
Ikkje minst fortel det oss at
staten Israel, gjennom sitt internasjonale
sionistiske lobby-nettverk
og sin sterke maktbasis i det
amerikanske hierarkiet, slett ikkje
er nokon ”lillebror” innan Pax
Judeo-Americana.
Israeliseringa av USA
råkar meksikanarane
Voz de Aztlan (VDA) fortel at
USA brått har begynt å sabotere
den nordamerikanske frihandelsavtalen
NAFTA: Meksikanske
frukttransportar blir stoppa på
grensa, og fleire frukt- og grønsakssortar
har blitt nekta passasje,
i total motstrid til lovverket
for NAFTA.
Men USAs representant i organisasjonen
hevdar at denne utsorteringa
skjer som ein følgje av
11.09: USA er ”redd at enkelte
meksikanske produkt er forureina
eller forgifta av terroristar”.
Dette er sjølvsagt juks og bedrag.
Det viser seg nemleg at dei
varesortane som blir avvist ved
grensa, er nøyaktig dei samme
som USA importerer frå Israel til
langt høgare pris!
Mexico er som kjent medlem av
Tryggingsrådet, og var før Irakkrigen
under svært hardt press for
å framtvinge ein pro-amerikansk
resolusjon. Statssekretær i amerikansk
UD, Marc Grossmann,
truga i den samanhengen med at
”dersom ikkje Mexico stemmer
riktig, vil meksikanarar nord for
grensa bli internert, akkurat som
japanarane under siste krig.”
Som kjent sa Mexico nei likevel.
Grossman kom med tomme
trugsmål - truleg i strid med sin
sjef Colin Powells syn. Korleis
kan han da overleve i jobben?
Kabbala
Det er fordi han hører til den
gruppa i Bush-administrasjonen
som blir kalla ”sionist-kabbalaen”.
Kabbala er eit hebraisk ord
for mystikk. Med andre ord: Eit
mystisk selskap. Desse personane
er arkitektar for den pro-israelske
Midtaust-politikken, og står bak
planane om krig mot Irak, Syria
og andre land i den såkalla ”ondskapens
akse”. Fleire av dei var
med på å klekke ut den aggressive
”Project for the New American
Century” - sjølve Imperiets
credo. Dei er dessutan sterkt
påverka av teoriane til Rumsfeldrådgjevaren
Thomas P.M. Barnett,
sjå Johan Brox´ artikkel ”Det
nye verdskartet til Pentagon”,
Dag og Tid 08.03.03.
Dei andre som er med i kabbalaen,
er desse: Paul Wolfowitz,
viseforsvarsminister, Richard
Perle, medlem av forsvarsrådet,
Douglas Feith, undersekretær i
forsvarsdept, Edward Luttwak,
Det nasjonale tryggingsrådet,
Randy Scheunemann, president i
”Frigjøringskomiteen for Irak”,
Henry Kissinger, Pentagons
Forsvarsråd, Dov Zakheim,
undersekretær i forsvarsdept,
Kenneth Adelman, Pentagons
Forsvarsråd, Lewis Libby, visepresident
i Dick Cheneys stab,
Robert Satloff, Det nasjonale
forsvarsrådet, Elliott Abrams,
Det nasjonale tryggingsrådet,
Richard Haass, direktør for politisk
planlegging i Innanriksdept,
Robert Zoellick, USAs haldelsrepresentant,
Ari Fleischer, pressetalsmann
for Det kvite hus, James
Schlesinger, Pentagons
forsvarsråd, David Frum,
spøkjelsesskrivaren bak Bushs
tale om ”Den onde aksen”,
Joshua Bolton, stabssjef i Det
kvite hus, Eliot Cohen, Pentagons
Forsvarsråd, og mange andre på
lågare makt-nivå.
Palestiniseringa av Irak
og av eigne minoritetar
Det var Cohen som lanserte begrepet
”den fjerde verdskrigen”,
som USA (og Israel) etter hans
syn fører mot ei omfattande
samansverjing av ”fundamentalistar
og terroristar”. Dei to mektige
publisistane Bill Kristol og
Lawrence Kaplan har i boka om
krigen i Irak gitt dette neokonservative
evangeliet ei kvasi-intellektuell
form, av type ”franske
nyfilosofar”.
Med seg har dei ein del fanatiske
kristne sionistar som den tidlegare
CIA-sjefen James Woolsey -
og merk deg deg namnet - pensjonert
general Jay Garner, som
skal vere amerikansk statthaldar
i Irak! Til dei kristne sionistane
må vi også rekne krigsminister
Rumsfeld, visepresident Cheney,
mediemagnaten Rupert Murdoch
og valuta-milliardæren George
Soros.
Jay Garner har allereie invitert
Billy Grahams sønn Franklin til
Irak. Det er han som kallar Islam
”ein ond og dum religion”, og vil
omvende muslimane til kristendommen.
Det samme ønskar den
gamle rasist-organisasjonen
Southern Baptist Convention, der
Bush er medlem. Dette må vere
eit klart opplegg til frontkollisjon
med dei fleste fraksjonane i Irak.
Og som vi veit er dei anti-amerikanske
demonstrasjonane allereie
i full gang.
Det blir ikkje betre når den irakiske
befolkninga oppdagar at
mange av dei firma som skal
”bygge opp igjen landet” - altså
skumme fløyten av ressursane -
er eigd av amerikanske eller israelske
jødar og sionistar. Da kan
motstanden bli formidabel, med
steinkasting og sjølvmordsbombarar
som desperate verkemiddel.
Altså eit nytt Palestina
med USA i Israels rolle.
Derfor har Bush-administrasjonen
drive israeliseringa enda lenger.
I fjor kunne offisielle kjelder
melde at amerikanske soldatar
i stort antall var blitt trent av israelske
tryggingsstyrkar i såkalla
”urban krigføring”. Befolkninga
i heile Midtausten veit kva det
betyr, ut frå den altomfattande
terroren mot palestinske byar.
I tillegg har Israel trent mange
sentrale politikorps i korleis ein
skal takle ”palestinsk-liknande
minoritetar” inne i USA. ”Vi
reknar med at dette inkluderer
svarte, indianarar og spansktalande”,
skriv VDA.
Frå Israel har også USA lært å
spele ut ”terror-kortet” forå
fremje eigne økonomiske interesser.
Dermed kan ein omgå internasjonale
avtalar, dersom dei slår
ut ufordelaktig for eige land,
eventuelt for Israel. Jfr. komplikasjonane
for meksikansk eksport
til USA.
Også når det gjeld ”førebyggande
krigshandlingar” bygger USA på
israelsk praksis. Likeså når det
gjeld fordekte operasjonar og
provokasjoar. Aztlan er opptatt av
eit ferskt eksempel: Den 10.10.01
vart dei to Mossad-agentane Salvador
Schmecke og Saur Ben Zvi
fakka i den meksikanske kongressen
med store mengde sprengstoff
på seg. Dei var på veg for å utføre
sabotasje, for seinare å legge
skylda på islamistar. Dette har
aldri norske aviser meldt om,
enda saka fekk brei dekning i alternative
media.
Kabbalaen i Washington DC er
nok mektig. Men både VDA og
andre publisistar - også ein del
jødiske - understrekar at dei amerikanske
sionistanes fremste
maktmiddel likevel er den suverene
eigar-andelen dei har i amerikanske
media. Det er gjort greie
for desse forholda i ein større artikkel
her i avisa i 2001.
Irak er nøkkelen
- Syria er døra
For amerikanske styresmakter og
for Den overnasjonale kapitalen
er det sjølvsagt oljekjeldene i
Midtausten som er målet. Derfor
kan det synast rart at Syria, som
ikkje er eit olje-land, blir peika
ut som neste offer for imperialistisk
krig.
Men for israelske politikarar, og
for Israel-lojale folk i Washington
DC, er Eretz Israel - Stor-Israel
- eit like viktig mål. Det
viktigaste midlet blir å knekke
den palestinske befolkninga for
godt, ved at dei mistar den vesle
ryggdekninga dei hittil har hatt
frå Irak, Syria og det shia-muslimske
Sør-Libanon.
Israel mislyktest i åtti- og nittiåra
i å knuse Hizbollah. Til slutt måtte
den sigersikre hæren dra seg attende
frå Libanon med skam.
Nå øygnar Israel og deira allierte
i Bush-administrasjonen at tida
for hemn er komen. Og den vil
samtidig innleie det endelege palestinske
nederlaget. Derfor er det
ikkje først og fremst Syrias
Baath-leiar Bassam Assad som er
målet for krigshissinga mot Syria.
Det er Hizbollah i Libanon.
”Ver varsame
med shiitane”
Men akkurat den saka er ikkje så
enkel for Bush. For Hizbollah er
som før nemnt shia-muslimsk, og
dei er heltar for sine trusfrender
både i Iran og Sør-Irak. Derfor
kan eit koordinert israelsk-amerikansk
åtak på Syria og Hizbollah
føre til total kollaps for det
allereie tynnslitne tilhøvet mellom
USA og shiafleirtalet i Irak.
Den innsiktsfulle israelske journalisten
Uri Avnery har derfor
retta ein peikefinger både til Israel
og USA: ”Ver varsame med
shiitane”. (29.03.03). Som korrespondent
under krigen i Sør-Libanon
i 1982 opplevde han først
at den israelske hæren vart godt
motteken, fordi shiitane kjende
seg tråkka på av alt og alle. Men
berre ein månad etter innmarsjen
var det slutt med å kaste ris på
israelske soldatar. Da gjekk alle
med skotsikre vestar. Og vi veit
korleis det endte: USA hadde sitt
Somalia, Israel fekk sitt Sør-Libanon.
Mot ein samla front av shia frå
Sidon til Kabul ligg både Israel
og USA tynt an. Før Bush veit
ordet av det, vil Irans assistanse
til shiitisk gerilja bli ei evig
hovudpine - og så må han kanskje
gå laus på Iran også, etter å
ha tappa sine eigen hær for kraft
i Syria, Irak og Libanon.
Så dum er ikkje Bush at han ikkje
veit dette. Og om 18 månader skal
det veljast ny president. Står han
da med begge føtene i hengemyra,
vil det gå med han som
med faren etter Golf-krigen. Derfor
sa han klart nei til den kristen-
sionistiske krigsminister Donald
Rumsfelds plan om invasjon
i Syria.
Dette ser ikkje ut til å affisere
kabbalaen i Washington. Dei held
fram med å påstå at Assad har
kjemiske og biologiske våpen, og
at han gjømmer folk frå Saddams
Baath-parti. Det siste vart friskt
og freidig sett fram samme dag
som amerikanske okkupasjonsstyresmakter
kalla inn ein god del
framståande folk frå det samme
partiet til ein konferanse om Iraks
framtid! Stort meir openlyst går
det ikkje an å bløffe.Til og med
Carl I. Hagen, Dagens Nyheter og
Politiken vil få problem med å
takle eit så eklatant moralsk
dobbeltspel.
Vår tids imperium
tyner komande slekter
Og nå seier også Tony Blair at nok
er nok. Derfor blir det verre og
verre for kabbalaen å verve klient-
statar, som for eksempel
Norge, til å hjelpe USA med
framtidige ”humanitære støvletramp”,
og rydde opp etter amerikansk
terror-bombing og okkupasjon,
slik det skjedde i Bosnia,
Serbia, Kosovo, Makedonia, Albania,
Afghanistan, og nå i Irak.
Alle imperium gjennom tidene
har hatt sin jublande vekst, si
overraskande oppsmuldring og
sine smertefulle kløyvingar. Det
ser ut til at imperia har meir til
felles enn det som skil dei, uansett
kva slags evangelium dei har
bygd på.
Det som er den overhengande faren
ved Pax Judeo-Americana, er
at Imperiet vil bruke opp menneskets
felles arv av fossil lågentropi
for all ettertid, før maktkolossen
forvitrar. Vi har berre få tiår på
oss til å hindre dette.
Hartvig Sætra Minneside frå NKP
her
|