Bytur
Reinert Torgeirson

Når karane reiste te' bya inn,
det hende dei tok seg ein real dram;
det gjorde dei mest for å kveike sitt sind,
og alltid so fôr dei med varsemd fram.

Men ikkje so med han Utigars-'ans,
han kond' ikkje slutte i rette tid.
Han drakk te' han ått' ikkje vet og sans,
og då fekk han alltid den same rid.

Då hjalp korkje trugsmål elder bønn
han bauta i gatå frå vegg te vegg
og brumla og brølte som ein bjønn
med ongane etter seg, verre enn klegg.

Men so vart han trøyt og trist og grå
og seint på kvelden han søkte ei famn,
der trygt han konde te' kvile gå,
og stø som ein siglar han fann si hamn.

-ka e' det for leven og mas og jag?
Det e' han vaktmeister Behrentz som spør.
Då ser han ein rugg som går over stag
og høyrer ei røyst, han kjenner frå før:
- No lyt du, Behrentz, opne di dør.
'an Utigars-'ans e' i bya i dag!

Bytur / R.T.
S. 133-134 i:
Ålesund og Sunnmøre i dikt og sang / i utvalg ved Reinert Torgeirson.
Ålesund : [Reinert Torgeirson], 1944 (Ålesund: Alb.Gjørtz).- 171 s. :(kart)

oppslag i Nasjonalbibliografien
lokalisering gjennom BIBSYS
bare delvis analysert gjennom Diktregistret / Deichmanske folkebibliotek

1