Heim frå havet
Reinert Torgeirson

Berte, eg ventar ein herrerett
og ikkje berre ein kaffiskvett,
når no eg kjem heim frå have'!
Hev du ein skjenk i ditt kjøkenskap,
so veit eg ein som har ope gap
og takkar varmt for di gave.

Berte, sjå her! Sjå torsk og sei!
Tru ikkje det, at eg gjør meg brei
og berre vil skråle og skryte.
Berte, e' du no riktig snill,
gjer du det eg vil ha deg til,
ska du få nok i di gryte!

Berte smiler under sitt skaut,
snur seg mot Anders og svarar kaut:
-Eg veit kva eg fram ska finne!
Set deg attåt min kjøkenbenk,
so ska det bli både mat og skjenk
og meir når tida er inne!

Anders kastar sitt kjolety,
tek seg ei skjorte, kvit og ny,
og tvetter seg rein i kova.
Berte får nokre skjemtsomme ord,
set han seg so til eit duka bord,
- og no vert det fest i stova!


Heim frå havet / R.T.
S. 132-133 i:
Ålesund og Sunnmøre i dikt og sang / i utvalg ved Reinert Torgeirson.
Ålesund : [Reinert Torgeirson], 1944 (Ålesund: Alb.Gjørtz).- 171 s. :(kart)

oppslag i Nasjonalbibliografien
lokalisering gjennom BIBSYS
bare delvis analysert gjennom Diktregistret / Deichmanske folkebibliotek

1