Norangsdalen
Reinert Torgeirson

Ein sumardag eg kom derinn,
i sol og glans låg bre og tind.
I fjordens spegel, blank og blå,
du kunde alle toppar sjå.
Det song av elv og fossedur
med bjøllelåt frå skog og ur.
Og fuglar kvitra i kvar lund,
det var så sæl ei sumarstund.

Her reiser seg eit kyrkjekor
or Norangsdalens djupe jord.
Der kneiser Slogen, byrg og kry
med sine tindar høgt mot sky,
med tagg og tårn og bratte stup
som heng utover ville djup.
Du leite skal i mange land,
før slik ein kar du finne kann.

Sjå Smørskredtind som står og skin!
Ei jomfru, helgekledd og fin!
Sjå Skruvens breie, steile topp,
som borar seg mot høgda opp!
Om Middagshornet skodda sviv,
men attom Jakta ligg og driv.
Sjå stride fossar der dei fell
langs Konehornets bratte fjell!

I slikt eit vakkert solskinsver,
når fjord og himmel mot deg ler,
da er det liv i gard og eng,
der slåtte-onna går på spreng.
Dei slær og rakar mann og møy,
det angar godt av blom og høy,
det syng frå li og bakkedrag:
Å, for ein fager sumardag!




Norangsdalen / Reinert Torgeirson
S. 41-42 i:
Ålesund og Sunnmøre i dikt og sang / i utvalg ved Reinert Torgeirson.
Ålesund : [Reinert Torgeirson], 1944 (Ålesund: Alb.Gjørtz).- 171 s. :(kart)

oppslag i Nasjonalbibliografien
lokalisering gjennom BIBSYS
bare delvis analysert gjennom Diktregistret / Deichmanske folkebibliotek

1