Ein sparemann
Reinert Torgeirson

Eg ha spinka og spara frå dag og te dag,
e ha ofte nestå ikkje undt meg maten,
for eg tenkte då som så,
de e hygjela å sjå,
kor de aukar og de veks me både gule og med blå.

Når ho Ane fekk lyst te å ha noko nytt,
for å pynte på dei plagga som ho hadde.
Ga eg alltid dette svar:
Kjære Ane, du lyt spar,
husk på penga me i banken inn i Ålesynda har.

Og når noko gjekk synd på mitt hus, på min gar,
såg eg inga rå te bøte de isammen.
Den kontanten som mått' te,
va de inga utveg me,
for det grann e hadd' i banken vild' e ikkje røre ve.

Heile vekå me levde av potet og sild,
me ein kaffiskvett om morgå og om kvelden.
Det va stusle for oss tvo,
men me trøysta oss og lo.
når me tenkte på dei penga som i Ålesynda sto.

og når syndagen kom, tok me bankboka fram,
for å sjå kor tala hadde pent summert seg.
Det va nestå som ein leik,
det var betre enn ei preik,
e må testå at om hjartet vart e både varm og veik

Men ka har du, ka tar du, så haurd e ein dag,
at i Ålesynda rau dei overenne.
Mange glupe handelshus,
alle bankar datt i grus,
og av det som sto på boka, vart det ikkje att det snus.

Og no seier e støtt desse ord te meg sjøl:
No ska hinmaen spinke meir og spare.
For no ser eg det så greit,
e var dom som svalt og sleit,
e vart sliten, e vart mager, men dei andre dei vart feit.



Svart-år / R.T.
S. 168-169 i:
Ålesund og Sunnmøre i dikt og sang / i utvalg ved Reinert Torgeirson.
Ålesund : [Reinert Torgeirson], 1944 (Ålesund: Alb.Gjørtz).- 171 s. :(kart)

oppslag i Nasjonalbibliografien
lokalisering gjennom BIBSYS
bare delvis analysert gjennom Diktregistret / Deichmanske folkebibliotek

1