Den store kveitå
Reinert Torgeirson

Fisken vert mindre år for år,
slik klaga han Jo og tok seg ein tår
ved skjenken i Øfsti-sjappa.
Og de som me fiskar, de' e ikkje stort,
på storleiken e de 'kje stør' enn ein mort,
de' e snaut nok du kjenner nappa.

Nei, då va det anna, den tid e va gut
og fôr med "Activ" på eggja ut,
sjå då fekk me fisk som va vaksen!
E mins vel ein gong, at ei kveite me fekk,
de va kje råd mmed å få ho på dekk,
ho hivde seg verre enn laksen.

Og skipperen ropte: Kutt linene a'!
Men høyr ka e svarte: - Nei, her lyt me dra,
for beistet må då vel trøytne!
Me sleit og me drog oss mestå i hel
med damp- og med handkraft, med vinsj og med spel,
teslutt såg me kveita fløtne.

Det va som å dra på ein søkklasta pram,
det tok nokre dagar, før me kom fram
og la te ved Ålesunds-kaia.
Der stod dei og glante, då mann etter mann
te Brunholmen konde gå tørskodd i land
på kveitå som låg der og svaia.

Me selde kveitå te kjøpmann Prytz,
han skar ho i stykkje og so fekk ho skyss,-
sju døgn dei kassene langa
ombord i ein drusteleg lastebåt!
Det spurdes, at heile Hamburg åt
seg mett på den kveitå me fanga.



Den store kveitå / R.T.
S. 166-167 i:
Ålesund og Sunnmøre i dikt og sang / i utvalg ved Reinert Torgeirson.
Ålesund : [Reinert Torgeirson], 1944 (Ålesund: Alb.Gjørtz).- 171 s. :(kart)

oppslag i Nasjonalbibliografien
lokalisering gjennom BIBSYS
bare delvis analysert gjennom Diktregistret / Deichmanske folkebibliotek

1