Svart-år
Reinert Torgeirson

Nei, make te' tid trur e' ikkje det fins!
Dei eldste på øya kan snaut nok mins.
eit år som va' verre enn dette.
Me sleit og me streva frå morgå te' kvell.
men alt det me mødest, det hjalp ikkje lell,
me sjeldå fekk ete oss mette.

Det bles utor have' frå helg te helg
som utor ein ofseleg blesebelg,
med naud stod du oppreist på tufta.
Og himelen kvelvde seg gruggen og grå,
e' kan ikkje minnes, e' såg 'an va blå,
og regne' auste or lufta.

I hagen vart eplene berre te' kart
og marka låg naken og åkeren svart,
men verst gjekk det utover dyra:
Den merra e' åtte, vart sjuk og skrinn,
og krøterne vart berre bein og skinn,
e' miste den beste kjyra

Og fôr du på fiske ei godversøkt,
det va' som om have' va daudt og sløkt,
sjølv tosjin vild' ikkje bite.
Når difor e' duka mitt bord og min disk,
e sette fram salta og årsgamal fisk,
e' åtte ikkje anna, måvite!

Me sleit oss igjennom frå dag te' dag,
og året det tok då ein ende på lag
med alt so me hadde mått' lide.
No er det mi von, at det komande år
ska heile kvart vonbrot og verkande sår
og gje' oss nytt mod te' å stride.



Svart-år / R.T.
S. 131-132 i:
Ålesund og Sunnmøre i dikt og sang / i utvalg ved Reinert Torgeirson.
Ålesund : [Reinert Torgeirson], 1944 (Ålesund: Alb.Gjørtz).- 171 s. :(kart)

oppslag i Nasjonalbibliografien
lokalisering gjennom BIBSYS
bare delvis analysert gjennom Diktregistret / Deichmanske folkebibliotek

1