Kva Tornæs sa om andre:



Thornaæs forsvarar i ein leiarartikkel i "Ny tid" 1921-09-12
Sverre Støstad, sekretæren i Trondheims arbeiderparti og
partiet sin stortingskandidat ved valet i 1921,
mot åtak frå sosialdemokratane sin motkandidat Ole Konrad Ribsskog:
klikk for artikkelen




Om Martin Tranmæl:

I artikkelen: Martin Tranmæl går i fængsel i: "Ny tid" 1915-05-30
får Tranmæl eit av dei beste skussmål Thornæs nokon gong gav han.
Krigsmotstanden og antimilitarismen vart så sterk at borgarskapet freista få arbeiderleiarane vekk frå ålmenta.
Dansken Alfred Kruse, redaktør for "Intrøndelag socialdemokrat" på Levanger vart brått utvist for manglande opphaldsløyve, heitte det seg.
Tranmæl og Reinert Torgeirson holdt protestmøte mot utvisinga og vart sette under påtale for ytringane sine der.
Tranmæl vart møtt av 10 000 arbeidarar då han slapp ut frå fengslet 7. juni, 10-årsdagen for unionsoppløysinga
Dagen etter måtte dei tre "T-ane" møte i lagretten på ny for "kritik av militære forhold".
Berre Thornæs vart då dømt til 24 dagar i fengsel og tok støyten som hovudansvarleg
(sjå avsnittet: "Da hele redaksjonen var på tiltalebenken" i jubileumsintervjuet hans).
Torgeirson og Tranmæl slapp fri denne gongen.

Til godorda Thornæs gav Tranmæl før partikløyvinga, høyrer og avskilsdiktet
han las på festen i Socialistlaget i slutten av april,
før Tranmæl flytte til Christiania for å byrje som partisekretær 1918-05-01

Men då striden om partikløyvinga var over, skreiv han i "Norges kommunistblad" 1926-12-03 artikkelen: Revolusjonens lyseslukker
Her er ikkje noko beinveges åtak på Tranmæl sine prinsipp.
Men om Thornæs ikkje er "såra og vonbroten", seier han at det er ufatteleg:
Tranmæl sin kvardagspolitikk styrer DNA langt vekk frå alt han likevel trudde det var semje om!
Dermed undrar han seg og usagt på kva for prinsipp Tranmæl no har jamført med tidlegare, om det då er nokon?