DEN FYRSTE SONG

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
og kunne gråten stogga.

Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg enno tidt
når eg fær augo kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav,
den song som allting heilar.

Per Sivle