Er Kristus alt
komen tilbake?
For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin like til
vest. Så skal det vera når Menneskesonen kjem”
Kan Kristus sjåast idag? Svaret er ja dersom
ein skal tru på Dr Rudolf Steiner sin teori. Teorien er i kortform som fylgjer:
Steiner meinte at Jesu kristi kome i kjøt (som menneske) var ei så særmerkt hending i verdshistoria
at den kun ville føregå ein gong. Kristi gjenkomst ville difor føregå på eit
anna plan. I den såkalla eteriske verden. I fylgje Steiner har menneska eit
eter legeme,menneska vil difor kunne komme i kontakt med og oppleva kristus i
den eteriske verden. Eller om ein vil: På det eteriske området. Fyrst er det nokre få, deretter fleire menneske som vil oppleva Kristus. I fylgje Steiner er altså faktisk kristus alt komen tilsyne i den eteriske verda, og
hans tilsynekomst kan opplevast av menneske i vår tid. Som dei fleste kristne
kjenner til,så møtte Paulus Kristus på vegen til Damaskus. Dette innleiar
Kristus sin tilbakekomst. Steiner sin teori skil seg noko frå det som kallast new age og teosofi fordi han ikkje venta ein fysisk kristusI vår tid kan (og vil?) menneske få møte Kristus
og sjå hans tilsynekomst på det eteriske området. Dette kan då føregå individuelt
,men også av grupper og moglegvis av store menneske masser. Og vel og merke:
ikkje naudsynleg samtidig. Denne kortversjonen av Steiner sin teori er ikkje
utfyllande,men er vonaleg heller ikkje heilt feil i tilhøve til Steiner sin
teori. Det som støttar Steiner sin teori er mellom anna Paulus sitt møte med
Kristus. Og måten dette føregjekk på. Det vart mellom ana sett eit kraftig
ljos. Jamfør dette med bibelsitatet lenger oppe på denne sida. Denne sida er
ikkje meint som propaganda for Steiner sin teori. Men som ei oppmoding til
kristne og andre om å gjera ei fordomsfri vurdering. Be til Gud om svar på om
Steiner hadde rett.
Og så ei generell oppmoding til alle som vitjar denne sida:
Be til Gud om å få møte Herren Jesus Kristus.
Bok om emnet: Nordens Folk mellom øst og vest Kristus og det tyvende århundre.
Mellom ana om Kristus sin tisynekomst i den eteriske verden. Av Rudolf Steiner.
Rudolf Steiner hadde og ei særskilt oppfatning om Johannes openberring. Han
meinte mellom ana at dersom ein meditera over tekstane,så ville ein kome til å
forstå dei. Altså meditasjon framføre vanleg tenking og fundering.