index
Velkommen til Undheim Revyteater
Sifta september 1987
Adresse: v/Helge Lode, 4342 Undheim. Tlf: 51 48 42 03
Kontakt oss på e-post
Medlem av Norsk Amatørteaterforbund og  Rogaland Amatørteaterråd

Undheim Revyteater (URT) vart stifta i 1987. Initiativtakarane til gruppa var Norin Salte Undheim, Geir Birkeland og Britt Eriksen. I forbaning over at det ikkje vart nok deltakarar på kurset ”Revyoppsetting” som Steinar Lyse skulle halda på Bryne, tok heller Norin Salte Undheim, Geir Birkeland og Britt Eriksen kontakt med Steinar Lyse om å koma til Undheim å setja opp den første revyen der. Dei fekk positivt svar frå han og dei samla heile bygda til orienteringsmøte. Kring 60 revyinteresserte møtte opp på det første møte i september 1987. Skrivegrupper vart sette ned og eit par månadar seinare var tekstane ferdige. I 2003 starta Iren S. Jonassen (nå Iren Førland) opp ungdomskabaretgruppa. Dei er fra 14-22 år og er rekrutteringsgrunnlaget for heile Undheim revyteaters framtid.

Per 31/12-2008 har 28500  personar hatt det gildt og sett framsyningane (32 stk) gruppa har sett opp på dei 20 åra gruppa har eksistert.

Den første revyen vart svært godt motteken. Så godt motteken at det vart sett opp ekstraframsyning ein månad etter for å spela til inntekt for Stiftinga Norsk Luftambulanse. Det vart spela inn kr.30.000,- denne kvelden som vart gitt i gåve. Luftambulansen fekk og verva mange nye medlemmar denne kvelden.

URT har i dag ca. 60 medlemmar som er med på dei ymse framsyningane. Dei av medlemmane som har delteke på kurs formidlar lærdomen vidare til gruppa.


OPPSETJINGAR AV UNDHEIM REVYTEATER
Nr. Tidspunkt            Oppsetjing        Tittel                                     Instruktør/ansvarleg
1.    April 1988            Revy                   Undheim revyen 1988            Steinar Lyse
2.    Februar 1990        Teater                  Den svevande jomfru             Steinar Lyse
3.    Februar 1991        Revy                   Undheim revyen 1991            Steinar Lyse
4.    September 1991   Ungdomsteater    Gift deg                                  Toralv Undheim
5.    November 1991    Kabaret               Kabaret 1991                          Hjørdis Birkeland og Ola Grødem
6.    Februar 1992       Teater                   Tante Jutta frå Kalkutta         Steinar Lyse
7.    November 1992   Kabaret                Kabaret 1992                          Hjørdis Birkeland og Ola Grødem
8.    Februar 1993       Teater                   Arsenikk og gamle knipplinger Steinar Lyse
9.    Februar 1994       Revy                     Undheim revyen 1994             Steinar Lyse
10.   Februar 1995       Teater                   Skjærgårdsflørt                        Ruth Victoria Osmundsen
11.   Mars 1995           Kabaret                Verden rundt                           Tor-Leif Jonassen
12.   Februar 1996       Teater                   Den spanske flue                     Ruth Victoria Osmundsen
13.   Mars 1996           Kabaret                Western Saloon                      
Tor-Leif Jonassen, Geir Birkeland, Erlend Undheim
14.   Desember 1997    Kabaret                Julekabaret 1997                      Hilde Steen Helland
15.   Februar 1998       Teater                   Lyst på livet                             Jørgen Tjemsland og Eigil Jansen
16.   Mars 1999           Revy                    Revy 1999, 10 års jubileum     Ragnhild Thoring
17.   November 1999   Kabaret                Sommer, sol og syden             Tor-Leif Jonassen, Geir Birkeland, Erlend Undheim
18.   Desember 2000    Syng med oss       Romjulshow                           Tor-Leif Jonassen, Geir Birkeland, Erlend Undheim         19.   Januar 2001          Ungdomscabaret 
Leva mitt eige liv                     Hilde Helland
20.   Mars 2001            Teater                 
Flammedanserinnen                Elisabeth Fjermestad
21.   November 2001    Kabaret               
Vann arie(e)                            Tor-Leif Jonassen, Geir Birkeland, Erlend Undheim
22.   Mars 2002            Revy                   
Ja nå ska me sjå                      Elisabeth Fjermestad
23.   November 2002    Kabaret              
Førritiå                                   Geir Birkeland, Tor Leif Jonassen, Erlend Undheim
24.   November 2003    Kabary               
Riklaim                              Iren S. Jonassen, Anette Gundersen, Nils Arild Egge, Frode Førland
25.   November 2004     Kabary               
Stay'in alive                            Iren S. Jonassen
26.   Mars 2005            Teater                  Gå og legg deg                           Camilla Ystanes
27.   November 2005     Kabaret               Hollywood/Onnei                     Iren (Jonassen) Førland (har gftet seg siden sist).
28.   Mars 2006             Revy                   Adle udenom mæg                    Geir Birkeland
29.   Mars 2007            Folkekomedie     "Bruredansen"
               Camilla Ystanes
30.   November 2007    Kabaret/show      "Ting går sont"                          Instr. Geir Birkeland, Regi Tor Leif T. Jonassen   

31.   Februar 2008          Komedie            Hexeri-eller blind alarm,            Instr.  Camilla Ystanes
32.   November 2008.     Komedie            På egne ben "You can't take it with you"  Insr. Camilla Ystanes

33.   November 2009      Kabaret/musikal  Under planlegging. Egenprodusert. Første øving 18. august kl 1900.
                               
Oppdatert 26.01.2009
Nettredaktør: Geir Birkeland, Tunheim , 4342 Undheim
Tlf: 51 48 43 30 - 901 82 676
E--post:
geirbirk@online.no