Nytt frå BLS
BLS er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag og held til i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt 22. Her har bygdelaga i Oslo hatt sin "heim" heilt frå 1927. I BLS er det ca 20 medlemslag (lokallag) med i alt drygt 2000 medlemer. Les meir om BLS her: www.bls.no
 

Folkedanskveldar i BLS

 I BLS-huset er det til vanleg folkedanskveldar kvar søndagskveld kl 19.30 - 23.00. Alle er velkomene, og det er svært rimelege inngangspengar. Som oftast er det variert folkedans i Storsalen (mest gamaldans, men også ein del turdans, litt  songdans i pausen. Det er alltid levande musikk, ofte eit heilt lag, og ein av leikarringane i BLS har det tekniske ansvaret for kvelden. Som regel er det høve til å kjøpe kaffi og litt mat (kaker/vaflar etc) i kafeen. Sume kveldar er det i tillegg spesielle dansar i ein av dei andre salane (Halli eller Blåsalen).  Sume kveldar er det "minikurs" i ein bygdedans, i stildans eller songdans, og desse minikursa startar kl 18.00.
Det er ringane/laga i BLS som via Folkedansnemnda har ansvaret for folkedanskveldane. Det nyaste om folkedanskveldane finn du her: www.bls.no 
Tilbake til hovudsida