Offentlege kurs i Symra

tilbake til hovudsida

Nybyrjarkurs i gamaldans/folkedans våren 2004
vals, reinlender, polka, masurka, ...

Nybyrjarkurset startar onsdag 14. januar kl 18.00 - 19.45 og går over 7 kurskveldar.  Dette er eit nybyrjarkurs, der vi ikkje reknar med at deltakarane kan noko gamaldans frå før (men dersom du kan ein del, er det berre fint!). Spelemann på kurset er Halvard Opheim, og han spelar torader med fin dansetakt! Rettleiarar er Dag Evensen og Inger Dyås.  Prisen på kurset er kr 400. Det er berre å møte opp til første kurskvelden. Ta med gode dansesko (lave hælar!). Par og einslege er like velkomne! Kurset er i Storsalen i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22 (nær det gamle Rikshospitalet). Vel møtt!
Sjå også terminlista for Symra.


Vidaregåade kurs i folkedans våren 2004
meir gamaldans, turdans, songdans ...

Vidaregåande kurs byggjer på at du kan vals, reinlender og polka. Kurset startar onsdag 3. mars og går over 6 kurskveldar.
Spelemann på kurset er Halvard Opheim, og han spelar torader med fin dansetakt! Rettleiarar er Dag Evensen og Inger Dyås.  Prisen på kurset er kr 400. Det er berre å møte opp til første kurskvelden. Ta med gode dansesko (lave hælar!). Par og einslege er like velkomne! Kurset er i Storsalen i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22 (nær det gamle Rikshospitalet). Vel møtt!
Sjå også terminlista for Symra.

Kurs  i Stildans våren 2004
Fredag 16. januar,  fredag 13. februar, fredag 19. mars, fredag 16. april, fredag 14. mai og fredag 4. juni 
kl 19.00 -22.00 vert det kurs/øving i stildans
(Engelsk dansar, Playford dansar og Ball dansar).
Instruktør er Per Kristian Elvestad.
I Halli eller Storsalen, Nordahl Brunsgt. 22.
Pris: kr 75 for medlemer og kr 100 for ikkje medlemer.
Påmelding ved frammøte.
 Sjå også  programmet.

Kurs  i springar laurdag 27. mars
Denne dagen vert det kurs i springar frå Vestlandet. Nærare detaljar kjem seinare.

Sjå også terminlista for Symra.