Nokre bilete frå Viljan si vitjing i Oslo pinsa 2001
Tilbake til hovudsida
Her er nokre bilete frå pikniken i Østlandstunet på Folkemuseet 1. pinsedag. Det var fint ver, passe varmt, men ikkje så svært mykje folk. Dagen før hadde det vore utferd til Blåfarveverket med framsyning, dans og samvær på lokalet, og om kvelden 1. pinsedag skulle det vere fest att på Holterkilen der det også var overnatting. Det var 14 stk frå Viljan denne gongen, og dei kom i minibuss.

Det er mykje og god mat å forsyne seg av!

Maten smakar i solskinet på Østlandstunet!

Anders og Marianne fremst og Eirik Skogen og Erik Haugros i bakgrunnen.

Alle Viljans fire spelemenn på same benk.

Symra øver i Østlandstunet før framsyninga.

Og her er det Viljan som øver.