Kvar vart det tå alle dei fuglar,
som song
i sumar so vænt millom greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og gong;
og so vart det stilla i eino.
- Han tagnar, fuglen, mot hausten.
Kvar vart det tå alle dei blomar,
som stod
og nikkad i ljos og i ange?
Eg ser yver bøen,
men er inkje god
få auga på ein av dei mange.
- Han visnar, blomen, mot hausten.