Londonbrev | ||||
---|---|---|---|---|
Brev:
14
Emne: Fargedans Dato: 08 January 1999 09:33 (Skrivi 6/1)
| ||||
Kjære alle gamle og nye mottakarar av Londonbreva mine! Godt nytt år! I dag tidleg skjønte eg at det er om morran ein skal flyge. Helst i klarvær, sjølvsagt, så menneske-reira ligg der nede som gyldne punkt på mørkt teppe. Det synet tok Gardermo-tåka frå meg, og fyrste delen av turen slappa eg berre av etter å ha nådd flyet på hengande håret. Men frå lufta kan du oppleve det miraklet ein soloppgang er på nært hald. Her nede på bakken kjem jo demringa som "grålysing". Rundt om flyet kom dagen som "blålysing", med ein klar, vid, blåfarge, varleg spillande gjennom alle nyansar. Som naturen plutseleg hadde sett seg for å syne flight SK511 kor uendeleg rik blåfargen er. Rarast var det lune, blått er jo rekna som ein kald farge, men her var lufta blåvarm... (Og det var godt å ha andre fargar å grunne over, enn det perlemorskinnande kjøttpålegget til SAS. Studer ikkje flymat. Magan blir urolig.) Og her låg London like heilt, denne forunderlege byen med allehuslike-gatene. (Det er veldig tydeleg frå lufta). Grålysing stort sett heile dagen, som det var grått og lyst da eg kom.. Men med ei uhorveleg mengd evigmørkegrønne planter, som eg ikkje hadde sett utan å koma frå kvite Tangen gjennom den blålune soloppgangen hit ned i vår lysegrå London-tåke. (Forøvrig har vi nettopp hatt den varmaste januardagen som er registrert i London. Fantastisk vårvær!) --
|