Londonkrønike

Brev: 16
Emne: London lagvis
Dato: 5 Feb 1999 06:37:59
På bakkenivå spirer og gror det her borte. Får vel kalle det vår, sjøl om det ikkje på langtnær kjennest ut som ein "vår" for meg. Det er altfor smålåtent, har ikkje snøsmeltinga sin dramaturgi, eller den brå energien i det eg bruker ordet på til vanleg. Likevel er det fuglesang, blomstrende busker og laukspirer overalt. Det synest fra bussen.

Å, våre store, herlege busser, med skikkeleg utsyn og oversikt fra toppen! I Oslo i jula vart eg små-klaustrofobisk av å busse rundt nedi trafikken, klemt inne mellom bilkroppane.

Dobbeltdekkarane er London sin andreetasje, og stundom ei lita verd for seg sjølv. Her om dagen sat eg på nr. 2 mellom Camberwell og Victoria. (Rute 2 dekkjer ein del av mitt trekanta Londonliv. Skulen, The Place på Euston, huset i Camberwell og min meir eller mindre kjære arbeidsplass Landmark London Hotel på Marylebone.) Og der, langt bak i andre etasje sat ein som nok var ganske langt inne i si eiga verd - og sang.

Teksta var einsformig, "I'm a naughty boy, I'm a naughty, little boy!", melodien improvisert, situasjonen vrien for oss andre som nødig ville le, men knapt kunne taka vår "little boy" på 50 seriøst.. Og likevel var det ei kraft i songen, musikalsk frasering, eit glimt av ur-kunst: noko som tok han sa sterkt at det måtte fram..

Det var andreetasjen. Og i tredje etasje har vi dansestudio, dei to største, der vi slit med våre eigne lag, med å få tak i dei små musklane som er så viktige for stabilitet.

Vi må lære den livsnødvendige vare hørselen overfor vår eigen kropp, så ein sjølv under lange prøver skal kunne sanse at teknikken går fløyten i slitet, og skadeterskelen er låg.

Men mitt ytterste lag, min danseham, drakta, er nykjøpt til svimlande 35 pund. Klede skaper folk - og dansarar, særleg det siste, den nye drakta er meir avslørande, sa ein må jobbe hardare. Men så kjem også teknikken, langsamt, som "våren" i London.

--

Hallvord Reiar, London
http://www.oocities.org/Athens/Ithaca/5130/
Et menneskesinn er et verdensrom. Og en merkelig, innviklet vev. Den tanken som tumlet der inne, kom kanskje ikke helt fram da jeg skrev.... Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste