Londonbrev

Brev: 18
Emne: Pusterom
Dato: 9 Mar 1999 17:43:18
Været (eit emne engelskmenn og nordmenn er like glad i) er vår-klart, skyene frå Atlanterhavet gjev oss ei pause, og krøller seg heller opp over kanalen.

Byen er eigentleg ganske flat, så himmelen vert vid, men ein legg ikkje riktig merke til det når ein er inneklemt i gatene, med utsyn opp til ei stripe som er hakka opp av skorsteiner. Der får ein ikkje det heilt store inntrykket av været heller, bortsett frå når det med jamne mellomrom oppsøker oss i form av regn.

Oversynet får eg helst ved kryssing av Elva. Det beste med bussturen er sekunda på Waterloo Bridge, i det byen revner og syner fram Westminster og St. Paul og Southbank (som forsåvidt er "ustyggelig stygt") og Cleopatra's needle (denne merkelege, egyptiske obelisken ein eller annan fann på å flytte til kanten av Themsen, som ein grov kopi av Big Ben-tårnet), og - ikkje minst - himmel og vær...

Dei grøne flekkane London er så glad i på kartet, sug i seg av alt dette været, hestekastanjeblada tittar fram. Og løvetanna, som gjorde meg ganske årstidsdøgnvill med å blomstre i slutten av februar, lyser der det er plass for litt mindre siviliserte vekster.

I går starta mitt nye og meir utforskande liv med denne byen, med ein vårtur i Regent's Park... Horisont mjukt krølla om tretoppene, magnolia som sprett og (det mest romantiske av alt?!:) ein hær av namneskilt ved rosebuskene. (Synd for mor at det ikkje er så populært å grava etter rotskot eller kutte stiklinger der..)

Tru åssen det skal bli å koma heim i påsken, det er vel litt snø att her og der... Brått vinter att?

--

Hallvord Reiar, London
http://www.oocities.org/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste