Londonbrev |
---|
Brev:
20
Emne: Farar ved ferier og datamaskiner Dato: 17 april 1999, 23:49 |
Etter fleire dagar med 5-minutts-tordavær, har værgudane nettopp avgjort at det er tid for skikkelege skrell, og dei har farga skyene over London med noko eg ikkje klarer å setje fargenamn på, ei skitten-gylden-grå-grøn masse som det blinkar og buldrar i. Dessutan er det diverse sirener rundt om når Tor tek pause. Livleg lørdagskveld! Slikt vær hadde vi neppe hatt heime såpass tidleg, påske er jo såvidt overstått..
Akkja, påsken... Og så nødvendig dette er! Veke ein etter ferien stanga eg mot alle vegga. Den gamle svaien i ryggen var på plass, og slapp hoftene framover, noko som flytter kroppsvekta bakover og via forunderleg kroppsleg mekanikk overarbeidar forsida og utsida av låret, det som ein gong låg bak den gamle kneskaden. Følgeleg tok kneet til å knirke, og Tensor Fascia Latae, den lange bindevevstrengen på utsida av låret, var så stram at det var vondt å gå. Min kjære "Dyveke Bjørnson", den nye bærbare datamaskina som var fødselsdagsgåve da eg kom heim att i påsken, var jo ein trøst midt i det heile. Litt for mykje av ei trøst, eigentleg, open for misbruk, som dei fleste trøstemiddel. Den fyste veka i London, lasta eg ned over 15 megabytes frå nettet... Og det *er* skummelt å avhengig ein kan bli av ei datamaskin. Brått er det vanskeleg å halde teknikklasser data-tanke-frie. Du oppdagar at det er enklare å få javascript enn quadriceps til å gjera det du vil. Når du løfter auga frå skjermen, reagerer hjernen på den uvante oppfriskingsfrekvensen livet har. Dessutan er det plutseleg data-analogi og terminologi på dei mest uventa plasser. Eg "lastar ned" og "installerar" den nye moderne-øvinga, før eg "browsar" elev-postkassa og entrar "hibernation mode" på kvilerommet med PCen... Dessutan lagrar eg oppskrifter på harddisken i staden for å lage mat. Dei siste dagane har plassering og muskelkontakt komi att, ja, klarare enn før ferien. Så lenger tid tok det ikkje. Men det var ei slitsam veke, som vitna klart om at å bli dansar - det er ein lang statusbar å blåfarge..
--
|