Londonbrev |
---|
Brev:
9
Emne: Spor Dato: 14 November 1998 10:01 |
Dansehistorie er eit fag vi ser masse på video i. Den tidlegaste moderne dansen er ikkje filma, men noko er gjenskapt for dokumentarprogram. Gamle Isadora Cuncan-,- Martha Graham- eller Doris Humphrey-elevar har bygd opp att gamle nummer etter minnet eller gulna notatbøker, utlevert dei gamle kjempene sine rørsler til kameraet så ein nesten skulle ønske det ugjort. For filmkameraet er så nådelaust utleverande, der smak og stil har endra seg. Duncan sine store armrørsler verkar overdrevne, Humphrey-dramatikken overspelt. Dei traff si tid - og vart utdatert. Ein annan tidsalder har berre skakke smil for intensiteten til pionerane.
Likevel har menneska alltid trengt å utlevere seg til ettertida. Spora er ikkje berre på film og video i biblioteket på skulen, men på alle slags material i det nye British Library, 500 meter unna oss på andre sida av
Euston Road. Der er montra fulle av nedteikningar frå mange tusen år, frå Mohenjo-Daro sine leirtavler til (fønikiske?) koparplater, frå papyrus til vokstavler, på tre, bjørkebark og stein. I det store, tause og halvmørke
rommet, er det så ein kan ane stemmene til dei som skreiv dei sirlige, bittesmå teikna, eller illustrerte pergamentarka: dette var det vi tenkte! Dette var vegen vi gjekk. Til deg, ettertidsmenneskje, skreiv vi ned dette For sjølv om ein kan undre seg over det vakre handtverket og ane at det ligg tankar frå fortida her, er innhaldet i tankane for det meste utanfor vår rekkevidde. Dei aller fleste som bøyer seg over glaset i British Library sine montre, skjønner ikkje eit ord av Bhagavad-Ghita. Ingen, heller ikkje vitskapsmennene, kan tolke dei piktiske steinbileta.
"Bautaen på haugen bær intet tegn Er da lærdomen kor fåfengd denne ettertids-utleveringa er? Når neste kulturelle generasjon har annan smak - og generasjonar deretter kanskje ikkje eingong kan tolke våre tankar? Vel - det var ein video i dansehistorie ingen kunne sleppe med blikket - "Steps in the Streets", laga under depresjonen i '30-åra. Det går an å sprenge seg gjennom tidas smaker og nå neste generasjon - det trengst "berre" ein Martha Grahamsk intensitet&formsans for å nå fram. -- STIKK INNOM NYOPPDATERT SIDE:
Et menneskesinn er et verdensrom.
|