Ryfylke- 18.12.1998

Juleblomsten til Berit Sætherbø

Berit mottar blomsterkorga 
Denne veka hadde vi gleda av å gi Ryfylkes juleblomst til Berit Sætherbø. I grunngjevinga for at nett ho fortente ein oppmerksomhet heiter det at ho er ein kvardagshelt som alltid er der for dei som treng ho. I tillegg til å gå i mest full job som heimehjelp stiller ho opp for familien og alle andre som har behov for hjelp. Mannen hennar har hatt slag og er nå på sjukeheimen. Kvar dag er Berit Sætherbø på besøk. Ho er uallminneleg flink til å halde motet oppe, og set alltid alle andre i første rekke. Berit Sætherbø er til for å gjere andre godt, og derfor fotener ho vekas Ryfylke-blomst, heiter det i den grunngjevinga som kom til avisa. Og blomsten fekk ho i matpausen på Høllandstunet onsdag. Klappsalvene runga da Ryfylke sin medarbeider på vegne av avisa sine lesarar overrekte ei vel fortent blomsterkorg Og kollegaene var samde om at var det nokon som verkeleg fortente denne helsinga var det Berit Sætherbø.  
-Rogalandsavisa Ryfylke 18.12.1998-
(Ettermelding: Mannen til Berit døde etter et lengre sykeleie den 23.3.99)