Haldis
Moren Vesaas er en av mine absolutte favoritter.
Hun har en tilstedeværelse og en jordnærhet i diktene sine som
gjør at vi alle kan kjenne oss igjen. Samtidig er diktene hennes fyllt
av en intens livsglede og stor undring over livet.
Og mest av alt er jeg nok imponert over at denne kvinnen, som levde i en tid
mindre fordomsfri enn vår, har en så tydelig undertone av erotikk
i diktene sine.
Under finner du noen av de diktene jeg setter mest pris på.
Nei,
redd at mi sjel skal ta skade - ?
Venner, d'er mer enn ho kan!
Eg fekk ho slik skapt of laga
beinast frå Herrens hand
at slepp det de kallar skade
innom mi sjele-dør
så takk og velsign og ver glade
- mi sjel er betre enn før!
Mitt
liv, eg lovar deg høgt og dyrt:
Ikkje før døden det vil
sloknar min brennande elskhug til deg,
og gleda: å høyre deg til.
Og svaret ditt kling ifrå alt eg ser
og høyrer ved dag og natt,
i alt det du gjer meg, i alt som skjer:
Eg elskar, eg elskar deg att!
Eg kviskrar
ditt namn i den store natt.
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn.
Men natta er mørk som før.
Mitt sinn
er ein loge avdi du er til
- er til, men er ikke her -
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen, fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.
Ustanseleg
gir eg, berre med det at eg er,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før.
To hender
faste og smale
legg seg lett over heit hud,
vil berre døyve og svale.
Vil berre
kome med lindring og ro,
lik regn som fell over rykande branntuft
og sløkker kvar usæl glo.
Vil -
men der hendene rører
springer berre logen i veret på ny.
Det sløkker ikkje. Dei nører.
Kom likevel
svale hender
med brennande eld.
At du
lo høgt av glede
da regnet kom, og den første dropen
fall så forunderleg tung og varm
og lå på ditt kinn eit sekund eller to -
at vinden
vrengde lauet
så brått opp kring stammen på treet
sende ei bølge av lykke
og frost gjennom mitt blod -
at dette
som ingenting var
enno kan følgje meg alle stad,
slik at det kjennest som ingenting
har hendt med meg sidan da -
berre fordi vi var saman?
Enno er
du så nær meg.
Handa mi gøymer enno
på varmen frå di.
Auget skil ikkje klårt, enno,
fordi det nyss fekk sjå alle ting
saman med ditt.
Enno rørest
mitt sinn
i båreringar
etter det siste du sa.
Seint sig det ned mot botnen
til alt du har gitt meg før.
Eg vil
ikkje hente fram for ofte
noko av det,
at ikkje mitt minste minne om deg
skal slitast og tape sin glans.
Eg gøymer dei godt, som ein gniar
gøymer sin skatt,
- han læser berre i einsame netter
krinet sitt opp og gled seg
ved kvar den skilling av gull -
eller som barnet gøymer
utålsamt frå sundag til sundag
kjæraste leika det eig.
Eg vil
ikkje hugse deg for ofte,
men støtt vete av at du finst.
Og fell det frå auget mitt lys
og frå mine hender ei gåve,
er det den klare logen
som flakkar over den grunn
der ein løynleg skatt er gøymd.
Og er
det nokon som kallar meg
lykkeleg og rik
så er det fordi at eg kjenner deg
dei nemner slik.
Jeg kan
desverre ikke gi deg noen webadresse til
Haldis Moren Vesaas, men kan på det varemset anbefale deg
å gå ut og kjøpe hennes diktsamlinger.
Trine.