ðH geocities.com /Vienna/Stage/5693/ovingskveldane.htm geocities.com/Vienna/Stage/5693/ovingskveldane.htm delayed x n‘ÕJ ÿÿÿÿ ÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÿÈ p†¦ ¨ OK text/html €Cmo ¨ ÿÿÿÿ b‰.H Tue, 06 Nov 2001 19:37:34 GMT ‡ Mozilla/4.5 (compatible; HTTrack 3.0x; Windows 98) en, * n‘ÕJ ¨
Øvingskveldane
tilbake til startsida
Øvingskveldane er
den sentrale aktiviteten i laget Dei foregår kvar måndag kl 20.00 - 22.00 i
Halli i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22. Det er alltid levande musikk på
desse kveldane, og ein rettleiar som bestemmer kva som skal dansast. Dansarane
øver inn nye dansar og repeterer det som dei fleste kan frå før. Det meste av
tida blir brukt til turdans, men songdans er også viktig. Stordans (færøydans)
og bygdedans har også vore viktige innslag på øvingskveldane. Eit par gonger
for året - gjerne som avslutning på kvart semester - har laget kaffikveld i
staden for øvingskveld, og då er det bordsete med mat og kaffi og
uderhaldning, før det blir variert dans til slutt.Detaljane
står i programmet.
Frå hausten 1999 har Knut Trøen vore fast spelemann på øvingane i ringen. Knut er frå Valdres, spelar hardingfele og er svært flink og kan "alt": alle slags turdansar, gamaldans og fleire bygdedansar. Bilde: Knut Trøen
Hausten
2001 er det ein ung, dugande dansar som rettleier. Han heiter Jan Oluf
Johansson, har dansa i BUL og er frå Sverike, men han beharskar også
norsk folkedans godt. Denne hausten blir det noko meir svensk dans på
programmet enn før om åra. Vi har mellom anna fått lære litt polskor - ein
feiande svensk bygdedans.
Bilde: Jan Oluf Johansson