Litt eldre nytt
frå Symra-livet
Tilbake
til hovudsida
Hit flytter vi diverse nyheiter når dei
har blitt litt gamle. Det nyaste står under Nytt
i menyen
Symra dansa for kongefamilien
På 17. mai dansa Symra på institusjonane i Bærum som
vanleg. I tillegg fekk vi spørsmål frå Bydelsadministrasjonen
i Søndre Nordstrand om å danse på Stenbråten skole,
når kongefamilien for første gong skulle besøke ein
bydel 17. mai. Vi øvde 16. mai og vi synest at framsyninga 17. mai
gjekk fint. Det var 8 par som deltok og Knut Trøen spela. Vi dansa
Feiar frå Vestlandet, to vers av Jonsoktid, Sandsværsril, pols
og rull. Til saman 5 minutt.
til toppen av sida
Ny rettleiar til hausten
Brit Håland har sagt seg viljug til å vere rettleiar i Symra
frå hausten. Brit var også rettleiar i ringen H85-V86. Vi ynskjer
Brit hjarteleg velkomen! Brit har tidlegare rettleidd i mange ringar, mest
i Songdanslaget. Ho var også folkedansleiar i NU i nokre år
og har hatt mange oppdrag i folkedans-organisasjonar, og vore lærar
på sumarkurs i NU.
til toppen av sida
Søren Skår er død
Det var med sorg vi las at Søren Skaar er død. Han vart gravlagd
frå Skedsmo kirke fredag 23. mai. Søren er godt kjent mellom
mange av dansarane i Symra. Han var fast spelemann i ringen på ei
lang rekkje kurs og framsyningar i åra frå 1970 til 1984. Han
var ein svært trufast spelemann og ein god ven. Vi lyser fred
over
minnet hans.
til toppen av sida
Bygdøystemnet
Det nærmar seg tida for Bygdøystemnet. Som vanleg skal Symra
ha framsyning. Og etterpå blir det picknic - også som vanleg.
til toppen av sida
Isleik i juli
Det er mange frå Symra som blir med på Isleik - 24 til saman.
I alt vert det ca 75 frå Noreg, og Symra vert den nest største
gruppa. Størst er gruppa frå Rogaland. Nestleiaren i NU, Anne
Marie Nerby, vert leiar for den norske flokken. Det kjem 27 frå Kvernevik
(Rogaland), 24 frå Symra, 2 frå Viljan, 6 frå BUL Oslo,
7 frå BUL Stavanger og 9 andre. Symra skal ha to framsyningar søndag
5. juli. Elles skal Dag Evensen og Erik Hestnes leie kvar si samkomeøkt.
Dei fleste frå Symra skal vere med på tur 4, som mellom anna
har ein lang tur over Vatnajøkulen (mest motorisert, men 3 timar
til fots). Dei fleste skal bu på Breidholtsskoli, der samkomene skal
vere.
til toppen av sida
Ei svært vellukka Pinsehelg i Stockholm!
det var 16 personar i 4 privatbilar som sette kursen for Stockholm fredag
føre pinse. Det vart ei strålande fin pinsehelg for oss alle.
Ikkje berre var vi topp heldige med veret, men opplegget og atmosfæren
var framifrå. Vi budde som vanleg på Farsta Gård i soveposar
og liggeunderlag på to "sovesalar". Kor godt kjent ein blir med kvarandre!.
Vi hadde framsyning på Valdemars Udde, tur på byen, spasering
langs bryggene, to gonger tur til Skansen, vi fekk oppleve Per Ove Voll
og Elisabeth Emanuelsdotter bli vigde i Skansen-kyrkja. Det vart ei stor
og morosam oppleving. Ei meir humoristisk preike skal ein leite lenge etter!
Vi hadde to lange og gode kveldssamkomer med våre gode vener i Viljan
- og fleire av veteranane møtte opp og var med! Tusen takk til Viljan
for ei svært triveleg pinsehelg i Stockholm! Vi er allereide invitert
til storsamling i Stockhom om 2 år - år 2000.
til toppen av sida
Symra har framsyning på Loftsrud gård
Helga føre jonsok skal Symra - slik tradisjonen har vore dei siste
åra - ha framsyning. Vi vonar på godt ver så vi slepp
unna dei store sølepyttane!
Fjelltur blir det også i år!
Fjellturen i år vil gå til området mellom gausdal og
Valdres. Det blir første helga i september. eit fint og spennande
område! Du bør melde deg på snart dersom du vil vere
med!