Nytt frå Symra-livetSymra-logo
Tilbake til hovudsida
Her vil vi presentere ein del nyheiter i Symra - smått og stort. Tanken er at dei som ikkje regelmessig kan delta på øvingar og andre tilskipingar i ringen, kan følje med, og eventuelt ta kontakt. Det vil vere eit lite supplement til Symra-bladet. 
Litt eldre nyheiter blir flytta til denne sida.
 

Stildansseminar på Sanderstølen 5 - 7 mars
Sanderstølen ligg på vegen mellom Gol og Leira i Valdres. Det blir danseøkt etter middag fredag, heile laurdag og kanskje også noko på søndag. Per Kristian Elvestad blir som vanleg instruktør. Påmelding etter nyttår enten til Per Kristian eller til Erna Skogen.

Årsmøtet i Symra blir onsdag 11. februar kl 20.00 i Storslaen. 
Saklista er som vanleg. Saker som skal drøftast på årsmøtet må vere styret i hende innan 7. januar. Møt opp på årsmøtet og dei di meining om korleis drifta i ringen skal vere.

Symra med "flygeblad"
Symra dansar laurdag 6. desember på eit par plassar i Oslo sentrum får å reklamere for kurs og ring. Det var 5 par som deltok. Til dette hadde styret fått laga eit lite flygeblad som vart delt ut til dei som var interessert. Benjamin Kehlert har laga flygebladet.

Nybyrjarkurs i folkedans/gamaldans startar 14. januar
Kurset er i Storsalen kl 18.00 - 19.45 og Dag Evensen og Inger Dyås er instruktørar. Hallvard Opheim spelar. Det er viktig at alle seier frå om kurset til vener og kjente, slik at det kan bli god deltaking på kurset.

Øvingane i Symra startar 7. januar
Denne første kvelden er det som vanleg Kaffikveld. Opplegget for øvingane i vårhalvåret blir som dei siste 2 åra, ei blanding av gjeste-rettleiarar og rettleiarar frå eigne rekkjer.Solvår Schneider vil ogsså dette halvåret syte for god dansemusikk, og Knut Trøen og Hallvard Opheim vil vere med på kaffikveldane. Knut er også spelemann på sume kurs og framsyningar.

Julefesten i Symra 6. desember
Festen i Mortensrud Menighetshus vart ein vellukka julefest. Nemnda hadde lagt ned eit stort arbeid med å legge alt vel til rette. Mussikken  var ved Knut Trøen, Åge Grundstad og Benjamin Kehlert, og dei leverte som vanleg prima vare. Leikleiar var Dag Evensen, og vi fekk eit stort og variert program med krevjande dansar som Fransese, Kvadrilje, Menuett frå Oravais, Fyksdalspolska og mykje meir. Gode økter med songdans var det og. Det var som vanleg god julemat til middags og mange gode kaker til kaffien. Anne Kallåk lag eit fint eventyr av H.C. Andersen. Det var ca 85 deltakarar i alt, mellom dei nokre frå Viljan og nokre få frå andre ringar. Her finn du fleire bilete frå julefesten.

Symra på kappdans for første gong!
Siste helga i oktober deltok Symra på Oslokappleiken som Laget for Folkemusikk skipar til kvart år. I år var det jubileumskappleik LfF fyller 80 år! I lagdansen var det 5 par frå Symra som deltok i Sunnmørsspringar, og resultatet vart flott. Det var heile 7 lag som deltok, og Symra vart nr 4, føre lag som Hallinglaget og Telelaget. Også Inger Frøydis og Vebjørn Bakken deltok og kom på 4. plass i B-klassen.

Hausten i Symra startar 27. august
Kaffekvelden blir 27. august. Onsdagen etter blir det ordinær øvingsstart og då startar også som vanleg nybyrjarkurset i gamaldans. Husk på å seie frå til vener og kjete slik at det kan bli eit stort og aktivt kurs! Programmet for hausthalvåret er også lagt ut på Internett, men alle stildansøvingane er ikkje bestemt enno. Den første øvinga blir likevel så tidleg som 29. august.

Symra deltar på framsyningskappleiken under Folkekulturfestivalen på Beitostølen
Leiaren i NU Johan Einar Bjerkem såg framsyninga til Symra under Nordleik, og synest det ville vore fint om vi også kunne delta på Beitostølen. Slik blir det. Så får vi sjå korleis plasseringa blir - det er vel ikkje det aller viktigaste?
Tillegg: Det var berre 4 deltakande lag  på kappleiken. Berre eit lag "premiert" - og det var BUL Nidaros. Mange i Symra vart nok skuffa!

Fint Nordleik i Næstved i Danmark
Det var i alt ca 40 deltakarar frå Symra. Nokre budde litt utanfor byen i sumarhytter  og sume budde på ein skule inne i byen. Veret var bra heile tida. Dagen før stemnet starta var det ei triveleg grill-samling med alle frå Symra. Seinare gjekk det jamt og trutt med opning, framsyningar, kurs, utferder og avslutning på laurdagskvelden. Her kan du sjå ein del bilete frå stemnet - dei fleste har med Symra å gjere.

Vellukka tur til Viljan i Stockholm i pinsa 2003
Det var i alt 19 frå Symra som var i Stockholm på Viljan-vitjing. Vi brukte minibuss, og veret var det aller beste heile tida. Det vart ei svært vellukka vitjing på alle måtar. Halvard var spelemann. Vi hadde to framsyningar i ein liten by Trosa ca 8 mil sør for Stockholm. Les elles litt meir om ferda her, og sjå nokre bilete.
  
"Minikurs" i Vestlandsspringar på Folkedanskvelden 1. juni
Den 1. juni er det Symra som har folkedanskvelden. Frå kl 18.00 blir det då minikurs i Vestlandsspringar som ei oppfølgjing av det kurset som vi hadde i mars. Dette blir ei fin anledning til å få praktisere Vestlandsspringaren, eller repetere det du kan ha gløymt.

Du blir vel med til Stockholm i pinsehelga?
Denne pinsehelga er det Symra som drar til Stockholm. Vi har fått eit spennande program frå Viljan, og ein bra flokk har allereide meldt seg på lista, så ta kontakt med Marianne Dahl dersom du vil vere med. Det ser ut til å bli med eigen buss.

Siste temakvelden i vårhalvåret - Sunnmørsspringar - 21. mai kl 18.15 - 19.45
Det har denne våre vore fleire temakveldar med Sunnmørsspringar og det har vore godt frammøte og god stemning på øvingane. Og alle har gjort god framgang med springaren. Igjen blir det Vebjørn som går gjennom dansen. Hugs at vi tar sikte på å stille opp på Oslokappleiken i slutten av oktober i lagdans med denne springaren. Det blir i så fall første gong at Symra deltar på ein kappleik med eige lag. Så møt fram!

Framsyningsøving for alle 7. mai og 14. mai
Desse to temakveldanekveldane blir det framsyningsøving for alle. Det er altså i Storsalen føre øvingane, kl 18.15 - 19.45. Det blir øving på dei vanlege framsyningsdansane - mellom dei vi brukar 17. mai. Alle som har lyst å danse framsyning må møte.

Siste stildansøvinga blir fredag 9. mai
Dette er den siste stildansøvinga som er planlagt i vår. Per Kristian Elvestad lærer oss særleg dei dansane som blir brukt på Stildansballet under Nordleik.

Sjå deg sjølv danse på video føre kaffikvelden 23. april?
Har du sett deg sjølv danse? Det har vel dei færraste, men det kan vere ein fine måte å bli ein betre dansar på. Frå kl 19.00 til 19.45 vil det bli videopptak av ei danseøkt, og alle kan få sjå korleis dei dansar. Kanskje kan du luke bort ein uvane du har?
Føre 
Vellukka laurdagskurs i Vestlandsspringar

Laurdag 29. mars var det kurs i Vestlandsspringar i Halli frå 10 til 15.30. Det var Symra og Oslo Songdanslag som skipa til kurset saman, og det var litt over 30 deltakarar. I tillegg til dei to laga var det også mange frå Hordaringen. Dei fleste var likevel frå Symra. Knut Trøen var spelemann og Vebjørn og Inger Frøydis Bakken rettleidde. Det vart også bestemt at ein skal prøve å få i stand eit minikurs i Vestlandsspringar føre ein av folkedanskveldane - truleg blir det den første i juni. Då blir det altså eit kortkurs frå kl 18.00 til kl 19.30 og truleg kan ein danse springar også litt lengre utover kvelden. På biletet ser vi dei dansarane som heldt ut heilt til slutt. Det var faktisk dei fleste, sjølv om nokre måtte gå litt tidlegare.

Symra lærer Finnskogspols
Siste onsdagen i mars og første onsdagen i april står Finnskogspols på programmet i Symra. Det meste av tida desse to øvingskveldane blir brukt til å lære denne dansen som er nokså "ny", og som har blitt populær mange stader. Det er Bjørn Sverre Haugen som rettleiar og Lene Furuli og Helle Steinsholt Jansen frå  gruppa Veggpryden som spelar (sjå biletet).  På den første av dei to øvingane var det mykje folk og det var også høve til å kjøpe ei plate med Finnskogspols og plata som Veggpryden nyleg ga ut. På  www.folkedans.com/rettleiing har Vebjørn lagt inn eit referat frå øvingane så det kan brukast når du repeterer dansen.
  
Bent Christiansen frå Viljan er død
På øvinga midt i mars fekk vi den triste og uventa meldinga at ein mangeårig medlem i Symra - Bent Christiansen - døde nokre dagar før. Bent og kona Ulla har i mange år vore mellom dei mest trufaste dansevenene våre i Viljan. Ulla har vore med i samarbeidet med Symra heilt frå starten i 1965. Det vart sagt nokre minneord om Bent i pausen, og vi mintest han med eit minutts stillheit. Ein del av dei som kjente Bent og Ulla godt sendte blomar til gravferda.
  

Mange er påmeldt til Nordlek i Næstved i Danmark i juli
Det er ca 40 frå Symra som er påmeldt. Det er om lag det same som har vore det vanlege på mange Nordleik-stemne, og Symra skulle dermed igjen bli mellom dei laga som hara flest deltarar på stemnet frå Noreg.
   
Onsdag den 12. mars er det igjen øving på Springar frå Nordre Sunnmøre
Temakveldane i vår vil vi bruke til å lære springar frå Nordre Sunnmøre. Vebjørn er lærar og Solvor spelar. Dette er ein fin liten springar som er frisk og ikkje så vanskeleg å lære. Det var mange med på den første øvinga tidlegare i vinter, og vi vonar fullt hus i Storsalen kl 18.15 - 19.45. Som kjent har vi også som mål å stille opp med dansen i lagdans på Oslo-kappleiken som er i slutten av oktober. Då bør vi vere 6-8 par minst, slik at det blir fart og liv på scena. 

Det vidaregåande kurset i folkedans avlyst
Det var for få som møtte opp til det vidaregåande kurset i vår, så kurset måtte avlysast. Men nybyrjarkurset vart avvikla på ein fin måte med vel 10 deltakarar. Vi vonar at nokre av desse vil halde fram i ringen.

Gjesterettleiarar i februar og mars
I januar og februar har Per Kristian Elvestad og Marianne Dahl/Anders Sakshaug rettleidd i Symra. I februar var også Inger Frøydis Bakken gjesterettleiar ein gong, og i mars er Brit Håland gjesterettleiar 2 gonger. Så får vi vente og sjå kven det blir som rettleier seinare på våren.

Heile leikarringen var invitert i bryllupet til Heidi og Geir
Heidi Sætern og Geir Opdahl gifta seg laurdag 1. mars i Furuset kirke. Det var mange frå Symra til stades, og etter vielsen stilte dansarane seg opp i espaljer utafor kyrkjedøra slik det iblant har vore gjort i Symra. Etterpå vart det mat å få  i kyrkja. Om kvelden var det fest på Årvoll gard og der var det endå fleire frå Symra til stades, og hadde det triveleg saman med brudeparet og mange andre gjester. I "gamle " dagar var det svært vanleg at medlemer i Symra gifta seg med kvarandre - men dei siste to 10-åra har det vore langt sjeldnare. På biletet ser vi Heidi og Geir kome ut frå kyrkja under sverd og kransar. Les også det som står på folkedans.com  Du kan sjå nokre bilete frå bryllupet her.
 
Årsmøtet gjekk unna på rask og grei måte - mange attval

Det var knapt 40 frammøtte på årsmøtet - nokså vanleg. Gjennomgang av årsmelding og rekneskap gjekk normalt. Det vart vedteke å auke betalinga for "kaffi og kaker" frå 10 til 15 kr på øvingskveldane og frå 15 til 20 på kaffikveldane. Medlemspengane vart auka litt til kr 500. Det vart gjenval på dei fleste plassar. Marianne Dahl held fram som leiar. Aase Bjorli kom med i styret og Oddny ferangen vart varakvinne. Ei full liste av tillitsvalde og fordeling av verva i styret kjem seinare.

Lars Steensgaard døde laurdag 1. februar
Onsdag 4. februar vart ein annleis øvingskveld i Symra. Då fekk alle det triste bodet at Lars var død 77 år gamal. Dansen og øvinga gjekk føre seg meir stillsleg enn vanleg. I pausen var det tent lys i kafeen, og Marianne sa minneord om Lars. Som avslutning på kvelden dansa vi "Å leva det er å elska". Gravferda blir frå Manglerud kirke måndag 10. februar kl 11. Det blir sikkert mange frå Symra som vil fylgje han til grava.
Onsdagen før var han på øvinga like vital og humørfylt som alltid. Fredags kvelden skulle han vere med på stildansøvinga, men der såg vi han ikkje. Fredag gjekk han på ski til ei av "speiderhyttene sine". Der vart han sjuk og døydde på sjukehuset laurdagsmorgonen. 
Lars var medlem i Symra frå midt på 80-talet. Han var ein viktig miljøskapar i ringen - han var den eldste av oss, men i sinn var han mellom dei yngste. Han gjekk inn for dansen med glede og la mykje arbeid i å lære dansane. Han var glad i all slags dans, frå songdans til stildans. Med sitt vinnande vesen og gode humør fekk han svært mange gode vener i dansemiljøet. Han var trufast til å møte på øvingar og kurs, på festar og framsyningar og turar, og la ned eit stor arbeid på mange måtar. I over 10 år var han studieleiar. Noko vil mangle i ringen vår når Lars ikkje lenger er der. Men vi vil minnast han med glede og takke for alt han var og alt han gav. Og tankane våre går til Anna-Marie. Vi lyser fred over minnet hans Lars. (Vebjørn)
 (9/2-02)

Øvingane i Symra våren 2003 i gang
Som vanleg starta halvåret med kaffikveld. Knut og Halvard sytte for fin musikk, Erik leia dansen, og Inger Frøydis song eit par juleviser. 
Rettleiing og speling i vårhalvåret blir om lag som i fjor haust. Solvor spelar. Rettleiarar blir nokre gjesterettleiarar pluss at Marianne/Anders, Per Kristian og Vebjørn tar tre gonger kvar innimellom. Det er  bestemt at det skal leggjast vekt på desse songdansane dette halvåret: Liti Kjersti og elvekongen, Åsmund Frægdegjeva, Krist gjeve, Nordlandsvisa, Fram dansar, Oppi Hallingdal, Pål sine høner, Håvard Hedde, Mannen og konen, Beltet mitt. Desse samlar Erik Skogen i eit lite hefte som blir delt ut, så då er det berre å lære vers!
På temakveldane denne våren blir det mest bygdedans frå Vestlandet. Det er også planlagt eit helgekurs i BLS-huset i Vestlandsspringar. Vebjørn vil rettleie. Vi vil legge nokså stor vekt på springar frå nordre Sunnmøre, og planen er at vi skal stille opp i lagdans med den på Oslo-kappleiken i slutten av oktober 2003. Første temakvelden er onsdag 29. januar,  og då blir det springar frå Sunnmøre.
Elles nærmar tida seg for påmelding til Nordleik i Danmank til sumaren. På øvingane i januar blir det påmelding/utfylling av skjema og drøfting av kva program/turar/festar som folk vil melde seg på.
Vi minner også om at det blir Stildansøvingar ein del fredagskveldar utover våren. Sjå detaljane i programmet her.
 
(17/1-03) 
Årsmøte i Symra 12. februar 2003 kl 20.00
Styret har kome med ei foreløpig innkalling til Årsmøtet, utdelt på julefesten. Endeleg innkalling kjem i "Symra" nr 1 2003. Frist for innsending av saker til styret er 15. januar.
 
(7/12-02) 
Knut Trøen utnemnt til æresmedlem i Symra
På  julefesten var Knut Trøen utnemt til æresmedlem for sin langvarige og gode innsats som spelemann i ringen. Som "synleg prov på æra" fekk han den nåla som Anders Sakshaug har laga for formålet. Vebjørn Bakken las eit hyldningskvad til Knut og Marianne sa litt om bakgrunnen for utnemninga. Knut sa at han var stolt og glad for den uventa æra. Vi gratulerer Knut med utnemninga som han har fortent svært godt. Knut er den 7. æresmedlemen i Symra gjennom tidene.
   
(7/12-02)
Ein triveleg julefest med dramatisk innslag
Julefesten i år var av godt gamalt merke. Nemnda hadde som vanleg gjort eit svært godt arbeid, og det var fint pynta og tilstelt til festen. Det var mykje god julemat til middagen og som vanleg svært mange gode kaker til kaffien. Knut, Åge og Benjamin sytte for framifrå musikk, og Dag Evensen leidde dansen på ein fin og sikker måte. Det var gåver og takk til styret og  nemnder og til rettleiarar og spelemenn. Det var ca 85 deltakarar på festen, og ringen fylte heile golvet på Engelbret skole. Midt under middagen byrja alle å hoste og harke og mange rømde ut i friluft. Det var tydeleg at det var komen ein ukjent gass i romet. Det gjekk vel ein halvtime før gassen stort sett var borte og festen kunne halde fram. Det var ikkje heilt klart kvar gassen kom frå, men det kan ha vore ubedne gjester i kjellaren som har utløyst ei gassboks av eitkvart slag. Her kan du sjå ein del bilete frå julefesten.
  (7/12-02)
Turid og Magne Sørøy rettleidde to gonger i november
Turid og Magne rettleidde to gonger og hadde mange og varierte dansar som dei lærde oss. Mellom anna lærde vi fleire bytereinlendarar, og andre smådansar. Pedersens polka og songdanse "Spinn spinn". Truleg får vi vitjing også av dei to polulære rettleiarane også til våren. 
(7/12-02)


To rettleiarar frå "Kjerringa med staven" i slutten av oktober
Dei to siste øvingskveldane i oktober hadde vis gjeste rettleiarar frå Nittedals-laget. Det var Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud. Dei gjorde ein fin innsats og fekk god applaus ved avslutninga siste dagen. Vi lærte mellom anna ein nokså lang svensk turdans med fryksdalssteg, hadelandsspringdans, to polkavariantar, og vi fekk dansa ein del songdansar som vi ikkje har hatt på lenge. Dei to blide rettleiarane ser vi på biletet. Truleg vil vi få vitjing av dei også til våren.
   (7/12-02)
Mange deltakarar på Polshelga i Enebakk
Etter det vi høyrer blir det mange som blir med på helga på spikerverket der det mellom anna blir opplæring i pols.
 
(18/10-02)

Eit vellukka stildansseminar i Valdres
Det var i alt 11 par frå Symra som deltok på stildansseminaret i Valdres første helga i oktober 2002. Per Kristian og Sonja Elvestad rettleidde på ein framifrå måte. Fleire av dei stildansane som skal nyttast på ballet under Nordlek i 2003 vart grundig gjennomgått, i tilleg til at vi repeterte mange andre stildansar. Seminaret var på ei fin og triveleg fjellstove, og ikkje minst var maten av beste merke. Her finn du nokre bilete frå seminaret.
 (15/10-02)

Vidaregåande kurs i folkedans startar 16. oktober
På kurset kan ein lære ril, rekkjedans, pardans, songdansar etc, og ein bør kjenne til vals, reinlender og polka frå før. Kurset går over 7 onsdagar 18.00 -19.45. Prisen er kr 400, og foregår i Storsalen i Nordahl Bruunsgt 22. Opplysningar får ein på tlf: 22415555/97153857. Marianne Dahl og Anders Saxhaug rettleier og Hallvard Opheim spelar. Då er det viktig at medlemene i Symra får vener og kjente til å delta! Det var ikkje så mange deltakarar på første kurskvelden, men likevel nok til at kurset kjem i gang.
 (17/10-02)

Guro Hernes gjesterettleiar to gonger i haust 

Onsdag 25. september var det Guro Hernes som rettleidde i Symra, og vi hadde ein triveleg og lærerik øvingskveld. Hovudvekta var på Firetur II og den polkavarianten frå Finnmark som Astrid Skrindo lærde oss for eit år sidan. Guro rettleier for tida i Leikarringen i BUL, og har også rettleidd mykje i Nord-Noreg og på kurs i NU. Vi synest det var fint at ho også kunne ta nokre øvingar i Symra.

Mykje stildans i haust
I tillegg til ekstraøvingane i stildans på fredagane blir det som kjent stildans også på temakveldane. Ekstraøvingane på fredagskveldane kl 19-22 blir slik: Fredag 6/9 (sjå biletet), fredag 11/10, fredag 1/11 og fredag 29/11. Tida er frå kl 19 til kl 22 kvar gong. I tillegg blir det som kjent også stildansseminar i Valdres første helga i oktober, sjå programmet.


Triveleg start med kaffikveld 28. august
Det vart ein triveleg start på hausthalvåret, og bra frammøte på kaffikvelden. Laila leia leiken få ein fin måte og musikken var framifrå: Knut, Hallvard og Solvor. Leiar Marianne ynskte alle vel møtt til nytt danseår. Det blir Solvor Schneider som blir fast spel-kvinne i haust. Rettleiinga blir omtrent som i fjor: Det blir 4 "gjesterettleiarar" som tar 6 av øvingskveldane, og Vebjørn, Per Kristian og Marianne/Anders dekkjer dei resterande 6 øvingane med 2 stk på kvar. Gjesterettleiarane blir Folke Flatland (11. september), Guro Hernes (25. sept. og 2. okt.), rettleiarane i "Kjerringa med staven" (23. oktober) og Magne og Turid Sørøy (6. og 13. november). Joda, dette skal bli ein spennande øvingshaust! Og vi ønskjer spelkvinne, rettleiarar og dansarar vel møtt!  På biletet til venstre orienterer Øystein Grimstad om fjellture. Trass i ei stor nøkkelhonk klarer ikkje Erik Skogen å opne døra til scena.
  
Symra startar med kaffikveld 28. august
Etter ein god sumarferie blir det start på dansesesongen igjen. Vi vonar at det også dette året blir lærerike og trivelege dansekveldar i ringen. På øvingskveldane blir det interne rettleiarar ca kvar tredje øving. Dei andre kveldane blir det "gjesterettleiarar". Foreløpig er det klart med gjesterettleiarar frå Drammen og frå Kjerringa med Staven. Så er det viktig at alle møter fram på øvingane, så det blir fres og driv og trivnad!
   
Nybyrjarkurset i gamaldans startar onsdag 4. september og går over 6 kveldar. Tida er som vanleg kl 18.00 - 19.45. Hallvard er spelemann på torader og Marianne og Anders rettleier. Så er det viktig at alle informerer vener og kjente som kan vere aktuelle kursdeltakarar, så vi får mange med på kurset.

Symra hadde ein fin sumartur til Irland i juli 2002
Medrekna dei to spelemennene Joakim og Magne var det i alt 30 deltakarar på turen. Turnemnda hadde lagt ned eit stort arbeid for at det skulle bli ein variert og opplevingsrik tur. Og det vart det. Vi var 5 dagar i Miltown Malbay på vestkysten og lærte irsk dans (stepdans og/eller setdans). Så var vi 2 dagar i Galway, også ein by i vest, og til slutt 2 dagar i Dublin. I Dublin hadde vi ei lang framsyning, og dans på eit par pubbar. Også i Miltown hadde vi framsyningar, og også ei i Galway. Veret var godt heile tida, mykje betre enn ein kunne vente. Her finn du ein del bilete frå turen.
  
Fin avslutning med kaffikveld i Symra 12. juni 2002
Det var mykje folk og god stemning på kaffikvelden som avslutta vårsemesteret. Symraorkesteret med Knut, Solvor og Hallvard (bilete) sytte for god musikk og Erik Haugros leia leiken på ein fin måte. Det var også underhaldning. Songgruppa "Kvintos ad hoc" (sjå biletet) song fint fleirstemt song av mange ulike slag (Marianne og Geir var med der). Elles var det informasjon om Symra sin fjelltur, og om turen til Irland.

Triveleg Bygelagsstemne på Folkemuseet søndag 9. juni 2002
Det var strålade ver på stemnet i år som hadde om lag same form og innhald som før om åra. Symra hadde di framsyning i Teletunet. Det var ei fin framsyning med mange dansarar. Knut og Solvor spela. Her finn du ein del bilete frå stemnet.

Øvinga etter "Bryllupet" 2002
På øvinga etter bryllupet møtte Anna Marie Steensgaard i ein spesiell kreasjon til ære for brudeparet. Her ser du to bilete, både frammafrå og bakfrå.


Vi fekk smak på irsk "setdans" 2002
Onsdag 22. mai fekk vi føre øvinga kl 18-20 besøk av  "Irsk folkedansgruppe i Norge" som lærde oss litt irsk "setdance" - tre turar av ein irsk lancier. Det var nokså mange som deltok - dei fleste som skal til Irland i sumar, og det var ein interessant og morosam smak på det vi skal få lære der borte. På biletet ser vi nokre av dei 8 lærarane våre.

Pinsa med 17. mai 2002 vart ei strålande langhelg
Som kjent hadde Symra denne pinsa vitjing både av Viljan og av 34 dansarar frå Tyskland - Neustädter Volktanzkreis - som vi besøkte i fjor sumar. Dei frå Viljan (nesten 20) overnatta som ofte før på Haraldsheim, medan dei frå Tyskland budde privat. Heile langhelga var det strålande ver og det gjorde også sitt til at det vart vellukka på alle måtar. På denne sida kan du finne nokre bilete frå dansingane 17. mai, frå dansingane på Folkemuseet og litt elles. På biletet til høgre ser vi Neustädter Volktanzkreis danse på friluftsteateret på Folkemuseet.

Søndag 9. juni Bygdøystemnet 2002
Bygdøystemnet blir avvikla på vanleg måte på Folkemuseet. Det er fint om mange møter til stemnetoget kl 11.45 frå Torget. Symra dansar i Teletunet kl 14.30 (frammøte og øving 1in halv time før!). Elles er det dans for alle frå kl 17 og utover kvelden.
  
På fest 17. mai og 18. mai?
På 17. mai om kvelden er det som vanleg fest i BLS-garden, og då blir det særleg mange frå Symra der, med gjester både frå Viljan og frå Tyskland. Du kjem vel du og? Det startar kl 20 (?).
Den 18. mai er det også fest, denne gongen "berre" for Symra-folk med svenske og tyske gjester. Festen startar kl 18.
   
Søndag 19. mai møtest vi på Folkemuseet
Det blir piknik kl 14.00 og framsyning på friluftsteateret kl 15.30. Her vil vi også møte gjestene våre frå Viljan og Tyskland.
   
Vil du lære litt irsk dans?
Det blir høve til det i Symra onsdag 22. mai kl 18.00-20.00 i Storsalen. Då kjem det instruktørar som verkeleg kan slik dans og gjev oss eit kort grunnkurs. Særleg aktuelt for dei som skal til Irland i sumar, men også for alle andre.

Framsyningsøvingar for alle i mai
Onsdag 8. mai og onsdag 15. mai, begge dagane kl 18.00-19.50 i Storsalen, er det framsyningsøving for alle, også for dei som ikkje har dansa framsyning før. Vi går igjennom dei vanlege framsyningsdansane, slik at alle kan vere trygge på 17. mai, Bygdøystemna etc. Det er Vebjørn som rettleier.
 
Den 17. mai 2002 i Symra
Det blir litt endring på tidspunkta for dansing og øving i år. alle brukar som vanleg eigne bilar, og det går godt an å vere med deler av dagen. Ein del dansarar frå Viljan blir også med. Programmet ser slik ut:

Kl. 1000 Frammøte ved Rådhuset i Sandvika Øving på programmet.
Kl. 1100 Emma Hjorts hjem Emma Hjorts vei 1, Sandvika
Kl. 1230 Østerås Bo- og behandlingssenter (tidl. Bærum Røde Kors) Eiksveien 73, Østerås
Kort pause
Kl. 1400 Sjømennenes Helseheim Rykkinveien 53, Rykkin
Kl. 1600 Godthaab rehabiliteringssenter Gamle Ringeriksvei 148, Bekkestua
Kl. 1700 Solvik aldershjem Solvikveien 21, Blommenholm
Kl. 1830 Odd Fellow Sykehjem Folke Bernadottesvei 41, 0862 Oslo

Odd Fellow Sykehjem er noe usikkert om blir noko av.

Rettleiing "på dugnad" i mai og juni
I mai og juni blir rettleiinga i Symra  igjen på dugnad. Det blir Marianne Dahl/Anders Sakshaug, Per Kristian Elvestad og Vebjørn Bakken som byter på å rettleie.
  
Ny spelkvinne attåt Knut
Frå midten av april har ei ny spelkvinne vore å sjå på øvingane i Symra. Det er Solvor Schneider. Ho spelar til vanleg i Bærum spelemannslag og har spela ein del i Sogn og Fjordane ringen. Ho  er eigentleg opplært på klassisk fiolin, fått opplæring mellom anna i Wien, men har seinare byrja med hardingfele. Vi ynskje henne vel møtt i Symra!

Det blir sumartur til Irland i år
Planane er at årets sumartur skal gå til ein festival i Miltown Malbay som heiter Willy Clanacy Summer School, der det blir 3-4 dagar. Dette er på vestkysten. Dette er ein stor folkemusikk- og dans-festival med 2-3000 deltakarar. Så blir det tur til Galway 10 mil lenger nord, og seinare til Dublin eit par dagar før turen går tilbake. Avreise ser ut til å bli måndag 8. juli og varer i 10 dagar. Dermed skulle det også bli råd å få med seg "NU-stemnet" på Beitostølen, som er i dagane før avreisa. Det er ei dugande nemnd som planlegg turen, og no har over 30 meldt seg på reisa, som vil gå med fly både fram og tilbake, og overnatting blir på "Bed and breakfirst".

Nye rettleiarar i Symra
På øvinga 13. mars møtte vi dei nye rettleiarane: Victoria Carlsen og Bjørn Carlin (sjå biletet). Victoria er 25 år, sjukepleiar i Bærum, og har dansa i mange år i Sogn og Fjordaneringen. Ho er eigentleg frå Moss. Bjørn har ein far som tidlegare var med i Symra og som no i vinter også har vore med ein del. Han er sivilingeniør og har tidlegare dansa i BUL Nidaros og i BUL Oslo. Både Victoria og Bjørn rettleiar no i ungdomsringen i BUL. Dei to gjorde eit godt inntrykk på første rettleiarkvelden. Det er uvisst  kor lenge dei blir rettleiarar, men vi får vone lenge. På første kvelden fekk vi mellom anna lære Sjuspring i kombinasjon med Rugen, vi fekk lære Pariser, ein enkel dans som er nesten lik første turen i pariserpolka, og som også blir/vart dansa i Møre og Romsdal, og ein svensk polka utan namn, som vert dansa i stor ring. Ein fin songdans frå Sunnfjord: "Å spøte og spinne eg ikkje kan, og ikkje kan eg baka..." fekk vi også lære. Så no er det berre å møte fram på øvingane og ha det triveleg og lærerikt!

Knut Trøen 70 år - på kaffikvelden
På kaffikvelden 27. februar var det mykje folk til stades som ville vere med å feire 70-årsdagen til spelemannen vår - nærare 100 må det ha vore. Symra og Oslo songdanslag hadde gått saman om feiringa. Teiknaren Harald Ådnevik hadde laga ei fin karikaturteikning av Knut som gåve frå dei to laga. Det var blomar frå laga, og leiarane Marianne Dahl og Johs. Kolltveit sa nokre velvvalde ord till jubilanten. Dessutan sa Vebjørn fram eit lite hyllingskvad. Her er nokre fleire bilete frå denne kvelden: Marianne og Johs, Johs med biletetKnut og Johs, Knut med biletet.

Årsmøtet 13. februar gjekk unna i rekordfart
Det var drygt 30 på årsmøtet i Storsalen. Alt var ferdig eit kvarter føre kl 10, og det er lenge sidan vi var så tidleg ferdig. Både gjennomgang av årsmelding, rekneskap, budsjett og val gjekk snøgt og greitt, med Anne Kallåk som ordstyrar. Likevel vart det nokså god tid å drøfte planane for neste år. Marianne Dahl vart ny leiar, Gunnar Bjelkarøy vart attvald (kasserar), og Torill Ervik og Geir Opdahl vart nye styremedlemer. Nye varamedlemer vart Inger Dyås og Anders Saxhaug. I nemndene vart det stort sett attval. Bladstyret består no av Erik Skogen, Tor Møller og Heidi E. Sætern (ny). Ettersynsfolk vart Anders Kirkhus og Anne Persson (attval begge). I valnemnda er Per Kr. Elvestad , Inger Varhaugvik og Roy Sævik. Nye i rådet vart Anne Kallåk, Laila Sidselrud og Erna Skogen. Trykk her for å sjå bilete av styret. På biletet får Marianne nøklane av Per Kristian.  (15/2-02)

Astrid Skrindo ny rettleiar
På kaffikvelden 9. januar vart vi også presentert for den nye rettleiaren - Astrid Skrindo. Ho skal vere rettleiarr dden første halvdelen av vårhalvåret. Astrid har begge foreldra sine frå Hallingdal, men er fødd og oppvaksen i Oslo. I typisk BUL-miljø. Ho har dansa i ulike ringar i BUL frå ho var lita, og no er ho 29 år. Ho har også rettleidd i Barnelaget i BUL, og er godt kjent med Knut Trøen som spelemann, så det samarbeidet vil sikkert fungere godt. Ho nemde at sidan det i år er 100 år sidan Hulda Garborg starta med folkeviseleiken i Noreg, vil litt av repertoaret bli prega av det. Vi ynskjer Astrid (sjå biletet) velkomen som rettleiar og dansar i Symra! Siste: Astrid hadde sin siste kveld som rettleiar 6. februar. Vi takkar for innsatsen, og for nye dansar vi fekk lære, mellom andre ein polkavariant frå Finnmark.  (9/1-02, endra 15/2-02)

Fin start på vårhalvåret
Det var bra med folk og god stemning på første kaffikvelden. Per Kristian, Marianne og Anders leia leiken og Knut og Hallvard spela, så alt var i dei beste hender. Mykje godt å ete var det, og nemnda hadde stelt alt vel i stand.

Starten på Symra-året 2002
Øvingane
startar med kaffikveld 9. januar. Nybyrjarkurset startar 16. januar. Årsmøtet er 13. februar kl 19. Innkallinga til årsmøtet står i Symra nr 5/2001. Sjå elles i programmet for vårhalvåret.  (9/12-01)

Fin julefest markerte årsslutt i Symra laurdag 8. desember

Denne gongen var julefesten lagt til dei vanlege øvingslokala i BLS-garden, Storsalen var dansesal og kafeen var spisesal. Det var totalt 80 deltakarar på festen som vart vellukka på alle måtar. Nemnda hadde gjort eit grundig arbeid med pynting, så overalt var det "julepreg". Maten var svært god julemat, og som vanleg var det mange gode heimebaka kaker til kaffien. Etter kaffepausen fekk vi underhaldning. Ei gruppe Symrafolk viste dans i ulike fasongar, frå barnedans, via rock til stildans. Anna-Marie og Lars Steensgaard (sjå biletet) batt det heile saman på ein morosam måte. Musikken var i dei beste hender: Knut Trøen og Åge Grundstad me god assistanse av Benjamin. Vebjørn var danseleiar og Laila Sidselrud leia bordsetet. Laila las også ei fin juleforteljing av Prøysen. Kvelden starta kl 18 og vart avslutta kl 00.30 med "Deilig er jorden", slik tradisjonen i Symra er. Så bad vi kvarande god kveld og god jul og takka for eit triveleg danseår.  Her kan du sjå ein del bilete frå julefesten(9/12-01)

Vellukka avslutning på kurs i folkedans hausten 2001

Nybyrjarkurset i gamaldans kom ikkje i gang i haust fordi det var for få som melde seg på. Men i slutten av oktober starta kurs for dei som var litt øvde frå før, og kurset vart avslutta samtidig med siste øvingskvelden. Hallvard spela og Marianne og Anders (biletet) rettleidde. Det var ca 15 betalande deltakarar.  (9/12-01)
    
Lars Hauge er død

Den 23. oktober døydde Lars Hauge 83 år gamal. Han var den mest sentrale i Symra dei 3-4 første kritiske åra i leikarringen sitt unge liv. Han vart æresmedlem i 1970. Her er dei minneorda som Vebjørn Bakken skreiv i Symra  nr 5/2001.  (9/12-01)
 
Rettleiing på dugnad hausten 2001

Det har vore vanskeleg å få fast rettleiar på øvingane i haust. Til våren blir det betre. Men vi prøver å gjere det beste ut av situasjonen. Folke Flatland reittleidde på første øvinga, så har Per Kristian, Marianne/Anders og Vebjørn rettleidd, og dei vil også dele på resten av rettleiingane fram til jul. Dei har samordna programmet slik at det blir kontinuitet i arbeidet. Så dette er ei spennande arbeidsdeling som kan fungere fint i ein periode. (sept 2001)

Mimrekveld for Tysklandsfararane
Søndag 23. september var mange av Tysklandsfararane på hyggjeleg mimrekveld heime hjå Harald og Rune. Samtidig var det 3 på vitjing frå Neustadt: Claus, Karla og Solveig Peterman, som var Symra sine kontaktfolk på Neustadt-turen. Vi såg på masse bilete frå turen, åt god mat og såg også på to ulike videoar frå turen og framsyningane. Marianne og Anders delte også ut påskjøningar til dei som hadde "utmerka" seg på turen.  Ein svært interessant kveld! På biletet ser vi på video. (sept. 2001)

Framsyningar
Søndag 19. august hadde Symra framsyning på tunet på Vøyenvollen på Sagene. Dei 4 para venta med lengsel på spelemann, men ingen kom. Misforståingar førte til at ingen spelemann var tinga. Men framsyning vart det likevel. Ein del songdans og kveding, og så tralla vi både til gamal reinlender, pols og vestlandsspringar! Så  dei 12-15 frammøtte fekk sjå ei litt uvanleg framsyning, men var godt nøgde likevel.

Søndag 26. august var det framsyning på Østensjø gård i samband med Østensjødagen. Her var det mykje folk og mange såg også på at Symra dansa. Knut spela, og Inger Frøydis spela på langeleik og stevja. Det var 6 par til saman. I springaren fekk Vebjørn muskelbrist i eine leggen og det vart bråstopp på den dansen. Men elles gjekk det bra. Trykk her så får du sjå 3 bilete frå framsyninga: bilete1bilete2, bilete3

Ein vellukka start på øvingshausten 2001
Det var godt med folk på første kaffikvelden 22. august. Erik Haugros leia leiken på ein fin måte og visste å nytte det 5 manns store Symra-orkesteret (sjå biletet). Leiar Per Kristian informerte litt om komande sesong. Det er vanskeleg å få fast rettleiar, så året blir delt opp i bolkar. Vårhalvåret ser bra ut, men for hausten er det førebels litt usikkert. Sikkeret er det at på første vanlege øvingskvelden rettleiar Folke Flatland. Og spelemannen Knut er med oss, heldigvis!

Symra byrjar øvingane onsdag 22. august

Legg merke til at øvingsstart og kaffikveld er tidleg i år! Sjå programmet her.

Symra byrjar kurset i gamaldans onsdag 29. august
Sei frå til alle du kjenner. Kankje kan du sette opp ein lapp på jobben? Sjå her for detaljar.

Symra har fått vinvitasjon til Jubileumsfest i Viljan laurdag 6. oktober
Då feirer Viljan 60 år (og samarbeidslaget deira Vämlandsforeningens folkdanslag feirer 55 år) og vi har fått innbyding. Det blir sikkert ei  stor gruppe frå Symra som dreg, så sett av helga du og! Det står meir i "Symra" nr 3/2001.

Symra på vellukka folkedansstemne i Neustadt i Tyskland

Det vart eit svært vellukka stemne i Neustadt for dei 29 deltakarane frå Symra - medrekna spelemannen Benjamin. Festivaaleen varde frå laurdag 27. juli til laurdag 5. august, og det var i alt 13 ulike land med på festivalen, som hadde 50. års jubileum. Deltakarane var innlosjert privat, og vertskapa gjorde alt dei kunne for at vi gjestene skulle ha ei triveleg veke. Og det hadde vi! Her kan du lese meir om festivalen og sjå mange bilete.

Jonsokkveld på Høvikodden

I år var Symra tilbake på Høvikodden jonsokkvelden - ein stråland fin sumarkveld utan vind, nesten skyfritt og ein raudnade himmel i vest. Båtar som siglde til og frå, vinkande, bål av medbrakt ved (Peder og Eirik), grillmat i lange baner, kaffi og vaflar med bringebærsylte på, og trekkspelmusikk. Ei stund var det også dansemusikk av nokre frå Bærum spelemannslag. Nett slik det skal vere ein jonsokkveld. Kl 12 var dei fleste gått heim, men ikkje alle. Det var ca 25 frå Symra til saman. Her kan du sjå fleire bilete frå jonsokkvelden.
Tidlegare på kvelden var 6 par  på framsyning på Stovner - travelt å danse på uslegen plen - ujamn var han og. men det gjekk!

Øving til Tyskland-tur
Som kjent blir det tur til Neustadt i Tyskland i månadsskiftet juli/august, og det er ca 25 som har meldt seg på turen. Marianne og Anders har komponert eit nokså annleis framsyningsprogram, der dansane i større mon enn før går over i kvarandre og blandar songdans og turdans. Så no blir det nokså mange ekstra øvingskveldar for dei som skal på tur.

Fin Pinsehelg 2001 med Viljan
Det var 14 som kom frå Viljan dette året, av dei 4 spelemenn, og dei kom i minibuss. Dei kom seint på kvelden fredag, og fekk nattmat på Holterkilen Folkehøgskole, der dei hadde fast kvarter. Laurdag var det reise til Blaafarveverket på Modum i eigne bilar. Her var det også felles framsyning av folkedans. Om kvelden var det fest på Mjøndalen Samfunnshus. Attåt dansen og leiken var det god spekemat. Første pinsedag var det som vanleg Bygdøy-dag, først piknik på Folkemuseet og deretter sams framsyning på friluftsteateret. Om kvelden var det leikfest på Holtekilen frå kl 18 - denne gongen med viltgryte som mat. Måndag morgonen var det så å sette kursen austover att, etter ei travel men hyggeleg godvers pinsehelg saman. Den neste samkoma blir i Stockholm den 6. oktober, då Viljan feirer 60 år. Trykk her så får du sjå nokre bilete frå Folkemuseet.

Symra hadde framsyning på Holmliadagane

Laurdag 5. mai var 6 par på framsyning på Holmlia Senter. Marianne var leiar og Åge Grundseth spela. Først øvde vi litt, så dansa vi eit kvarter framfor ein gullsmed og så slapp vi til på sjølve scena på torget, der det var underhaldning heil ettermiddagen. Framsyninga gjekk fint vi dansa i knapt 30 min, og det var bra med folk som såg på. Turid Glommen hadd ny drakt - Kystdrakta, veldig fin! 


Kaffikvelden i Symra i 7. mars vart ei oppleving
Ikkje minst fordi vi fekk overraskande besøk av kvedaren Jon Anders Halvorsen i pausen, og han song nokre av visene sine. Jon Anders har gått på kvedarskulen på Voss og utvikla seg til ein av våre aller fremste kvedarar. Det var Liv Kalvatn som hadde fått Jon Anders til å kome - ho arbeider saman med han på Ullevål sykehus. Elles var det fullt hus og god stemning på kaffikvelden - det sytte matnemnda,          Maten i sentrum i Storsalen  leikleiaren Erik Haugros og spelemennene våre for. Ein triveleg kveld!
Jon Anders i aksjon

Symra hadde årsmøte den 14. februar 2001.

Frammøtet på årsmøtet var om lag som vanleg - drygt 30. Årsmøtesakene gjekk unna på vanleg måte - raskt og greitt og det vart bra tid til å drøfte liv og lagnad i ringen. Styret fekk takk for eit økonomisk godt resultat og eit elles godt og aktivt lagsår.Også vala gjekk greitt unna. Kven som vart valde framgår av styreoversikta. Per Kristian Elvestad held fram som leiar. Vi fekk kaffi og kaker, og det var eit triveleg årsmøte. Eystein Grimstad sytte for god møteleiing.

Symra skal ha stort stilball 20. oktober 2001
På årsmøtet fekk vi høyre at det er planlagt stilball laurdag 20. oktober 2001 i "byens finaste ballsal" - Losjesalen ved sida av Stortinget. Ein tar sikte på ca 200 deltakarar. For alle stildansinteresserte vert dette flotte saker!

Symra hadde stildansseminar på Klekken 
Laurdag og søndag 17. og 18. februar 2001 hadde Symra stildansseminar på Klekken hotell. Det var heile 32 deltakarar - like mange av kvart kjønn, så det passa bra både til kvadriljene og rekkjedansane. Per Kristinan Elvestad godt hjelpt av søstra Sonja, instruerte på ein fin måte. Det var nokre heilt nye dansar - og grundig repetisjon av mange andre. Sume hadde ikkje vore på stildansøving før, og for dei vart det svært mykje lærdom på kort tid. Tilhøva på Klekken låg godt til rette for eit slik seminar. Den salen vi øvde i var passe stor - og mat og hotellrom og svømmebasseng var heilt utmerka. Det starta med lunch kl 12, og så var det ei lang danseøkt frå 13 til 18. Middag kl 19, og så kveldsdans frå 10-12 mest repetisjon og gjennomdansing. Her dansa vi også gjennom dei tre dansane vi har hatt på øvingskveldane: Kvadrilje, Fransese og Lancier frå Vardø. Etter frukost på søndag var det så ei økt igjen frå 10-13.Her er  nokre bilete frå seminaret.Dei dansane som vi gjekk gjennom var desse:
Kontradansar: Slädfarten, La Vaudeville og Den 1. november
Playforddansar: Childgrove, The Spanish Jeepsie, Hunnsdon House, Kemps Jegg, Jamaica, The Geud Man of Balingigh
Salongdansar: Anglo-Dane, Mignon, Poumpadour, Schubert vals og Prinsesse Alexandrines kvadrilje

Symra i gang igjen på nyåret 2001 

Det var minst 60 på kaffikvelden den 10. januar, god mat, og fin stemning. Knut har fått med seg ei ung dugande jente på hardingfele. Ho vel vere med å spele på øvingane framover. Ho heiter Synnøve Bjørset, er 21 år og frå Jølster. Ho går på Musikkhøgskolen her i Oslo. Vi ynskjer henne hjarteleg velkomen i
 ringen vår!                                                 Knut og Synnøve i flott driv.

Symra sin julefest av stabelen 11. desember
Det var fleire enn på lenge på Symra sin julefest på Engebråten skole - ca 90 til saman, av dei også to frå Viljan. Det vart ein sjeldan triveleg fest. Kommiteen hadde lagt ned eit stort arbeid i å pynte sal og bord og lage til eit julebord med alle slags rettar - nok til to festar! Dei hadde også fått til svært fin underhaldning. Ved middagen og føre kaffien splela ei ung jente frå Olden - Linda Gytri - på trekkspel på ein framifrå måte. Så fekk vi også høyre at ho for eit par år sidan vart norgesmester på trekkspel! Elisabeth styrte bordseta på ein humoristisk og stilfull måte. Til kaffien var det som vanleg masse gode heimebaka kaker - også her vart det mykje til overs. I kaffipausen fekk vi eit morosamt og velkomponert innslag med tekst, dans og musikk - vel utført av Symra-medlemer som viste nye og "gamle" talent. Elles var musikken av beste merke - det må han bli når Knut Trøen og Åge Grundstad sit på podiet. Og likeeins var danseleiinga i dei beste hender - Erik Haugros styrte alt med uhøgtidleg og sikker hand. Det vart ei fin blanding av songdans, turdans og gamaldans, og eit sterkt innslag av rekkjedans - både fransese og kvadrilje gjekk svært bra. Ein hyggjeleg kveld vart avslutta med "Deilig er jorden" slik tradisjonen er på Symras julefestar. Her er nokre bilete frå julefesten.

Symra feira 40 år på Sundvollen hotell 21. oktober.
Det var ca 90 på symra sin fine jubileumsfest. Frå Viljan var det 8 stk. Grundtstad og Trøen spela saman med Fanteladdane frå Hordaringen, så musikken var på topp. Ragnhild Slyngstad heldt jubileumstale spekka med historier, Nina Evje styrte bordsetet på ein fin måte, og det var talar og gåve frå Viljan. Werner Dyås takka for maten. Det var ei rose i premie til utvalde medlemer, og så vart Vebjørn Bakken utnemd til æresmedlem i Symra, fint tilrettelagt av Anne Kallåk og Per Kristian Elvestad. Anders Sakshaug hadde laga ei fin kvitsymre-nål i sølv som "synleg prov på æra", og det fekk også Inger og Peder Varhaugvik som vart utnemt til æresmedlemer for 14 år sidan. I kaffipausen var det mykje gode kaker som vanleg. Så fekk vi innslag med bygdedans og stildans: Inger og Peder Varhaugvik og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken viste bygdedansane frå Møre og Romsdal med Knut Trøen som spelemann, og fire par viste to stildansar. Fint gjennomført begge deler. Marianne Dahl og Anders Sakshaug leia dansen på ein framifrå måte, og det vart avslutta med stordans og "et steg nærmare varann". Ei fin avslutning på ein triveleg jubileumsfest. Her kan du finne bilete frå jubileumsfesten.

Symra jubilerer 21. oktober -  40 år!!
Jubileumsfesten vert på Sundvollen hotell laurdag 21. oktober kl 18.00. Musikken er av beste merke: Knut Trøen og Fanteladdane. Flott meny også: Lammelår med fløtegratinerte poteter, fløterand til dessert, kaffi og heimebaka kaker. Pris kr 375. Påmelding med betaling innan 27. september på øving eller tilSymra v/ Gunnar Bjelkarøy konto nr. 9100 16 08075. Det er viktig å halde fristen pga avtalar med sundvollen hotell. Treng du overnatting kostar det kr 400. Ver tidleg ute! tlf 32162100 direkte til hotellet. Meld deg på! Dette blir ein triveleg fest, der vi kan treffe både noverande og eldre Symra-medlemer!

Fjellturen er helga 1-3 september
Turen går til Kongsberg - det er bestilt 20 plassar på vardrarheimen (Bergmannen). Det kan vere plass til fleire. Tur til Jonsknuten laurdag og besøk på sølvverksmuseet søndag. Einkeltrom m/frukost kr 470 per natt eller 420 med eigne sengeklede. På dobbeltrom kr 580 for 2 personar per natt (480 med eigne sengeklede). Påmelding til Oddny Feragen : 22023150 på dagtid eller e-post: oddny.feragen@ngi.no.

Ball på Losby Gods i Lørenskog laurdag 14. oktober kl 18.30?
Då er vi invitert! Musikk ved Christiania Thour  og Runddansensemble. Pris kr 450. Samla påmelding frå Symra innan 28. august. Svært god mat: Hjortefilet  ..... Dette høyrest spennande ut!

Siste stildansøvinga er torsdag 22. juni i Storsalen kl 19. 
Siste ekstraøving i stildans vert dette. Det vart bestemt på øvinga 16. juni.  (Innlagt 16/6-2000)

Vellukka tur til Viljan i pinsa
Det var 19 stk frå Symra med på bussen til Stockholm, og det vart ein fin tur med fint ver og mykje triveleg samvær og dans. Les meir om turen her og sjå på bileta(Innlagt 16/6-2000)

To framsyningar ved Alna 
I byrjinga av juni hadde Symra to dagar på rad framsyning ute i det fri ved elva Alna ved Brynseng. Det var vandring langs eleva i samband med 1000 års feiringa av byen, og det var fleire innslag. Første dagen var det vanleg framsyning, andre dagen berre stildans - i flotte tidstypiske kostymer. Her er to bilete frå første dagen.  (Innlagt 16/6-2000)

Framsyning i Sandvika i mai 
Ein flokk - med Anders og Knut i spissen - hadde framsyning på Sandvika torg. Etterpå var vi heime hjå Kirsten og slappa  av med mat og drikke på terrassen. Bilete her. (Innlagt 16/6-2000)

Framsyningane 17. mai gjekk som normalt.
Det var mange par heilt frå vi øvde i Sandvika kl 09. Einar Westrheim sspela for oss dei 3 første plassane og så overtok Knut. Veret heldt seg bra det meste av tida, og vi vart vel mottekne over alt.  (Innlagt 16/6-2000)

Framsyningsøving 24. mai 
Føre øvinga den 24. mai vert det framsyningsøving kl 18.00 - 19.50! Møt fram alle! (Innlagt 15/5-2000)

Bygdøystemnet søndag 28. mai
Søndag 28. mai er det vanleg Bygdelagsstemne på Folkemuseet. Kl 12.00 Stemnetog. 13.30-14.30 Felles lunch. 15.00 Symra dansar. 17-18 Samdans på Torget. 18-19 Bygdedanstime. 19-22 Foledans på Torgkafeen. Møt opp! Det blir mykje Symrafolk denne dagen!  (Innlagt 15/5-2000)

Stildans 26. mai og 16. juni
Fredag den 26. mai vert stildanskurset på Eikeli skole kl 19-22 (?) og  fredag 16. juni i Halli same tid.  Per Kristian rettleier. Både for medlemer (kr 75?) og ikkje medlemer (kr 100?).  (Innlagt 15/5-2000)

Den 17. mai vert det framsyningar som vanleg
Kort oppsummering av programmet: kl 9.00 Sandvika (øving), kl 10.00 Emma Hjorts Hjem, kl 12.00 Østerås Bo- og behandlingssenter (Røde Kors), kl 14.00 Sjømennenes helseheim, kl 16.00 Godthaab rehabiliteringssenter, kl 17.00 Solvik Aldershjem, kl 18.30 Odd Fellow. (Innlagt 15/5-2000)

I år skal vi til Stockholm i pinsa 9. -12. juni
Dei som ikkje møter regelmessig på øvingane, kan ta kontakt dersom de vil vere med. Det blir ein fin tur! Foreløpig program frå Viljan ser spennande ut. Mellom anna heildagstur til Uppland, tur på Stan, og kurs i svenske folkedansar. Det blir buss til Stockholm, og totalprisen blir 1500(?) (buss medrekna) (Innlagt 15/5-2000)

Stildans i Halli
Fredag 7. april og fredag 5. mai vert det stildanskurs i Halli kl 19.00-22.00. Per Kristian rettleier. Både for medlemer (kr 75) og ikkje medlemer (kr 100).  (Innlagt 2/4-2000)

Knut er tilbake på spelemannskrakken
Medan Knut har vore borte, har Åge Grundstad vore ein framifrå reserve-spelemann. Den 29. mars var Knut på plass att. Velkommen! (Innlagt 2/4-2000)
 
Godt frammøte på øvingskveldane
Frammøtet på onsdags-øvingane er godt. Den 29. mars var det godt over 60 til staders og ringen fylte heile salen. Vi vil satse litt på stordans også, og alle "må" lære alle versa på Villemann og Magnhild (32 vers). Elles har vi brukt litt av øvingane til å gjennomgå pols. Og vi har arbeidd nokså mykje med stildans den siste tida (mellom anna Fransese og Kvadrilje). (Innlagt 2/4-2000)

Mange frå Symra til Nordleik i Stavanger
Det skal vere heile 49 påmeldte til Nordleik i juli. Dei fleste frå Symra skal bu saman på ein skule. Det har "alltid" vore mange frå Symra på Nordleik, men dette må vel vere rekord? Det skal bli moro! (Innlagt 2. april)

Milleniums-ballet i Sandefjord vart vellukka

Det var mange par med frå Symra på ballet der det i alt var ca 270 deltakarar. Dei fleste var også med på ekstraøvinga på førehand. Ballet gjekk av stabelen på det erverdige Park Hotell, og dansesalen var stor og fin. Her kan du sjå nokre bilete frå ballet.  (Innlagt 15. februar)

Nordleik 2000
blir som kjent i Stavanger 4. - 9. juli. Det norske samdansprogrammet for stemnet blir slik: 
1) Springar i udelt takt 
2) Langedans som overgang for dei som ikkje dansar springar 
3) Sporven (Norske Folkedansar, Songdansar) 
4) Totur frå Jelsa (Danse danse lett) 
5) Feiar frå Hordaland (Norske folkedansar. Turdansar) (Innlagt 29. desember).

Første kaffikvelden i nytt årtusen
blir onsdag den 5. januar til vanleg tid kl 20.00  i Storsalen. Kanskje vi skal prøve å få med oss folkedansarar som til vanleg ikkje møter opp - medlemer eller ikkje medlemer? Dersom vi alle gjer ein liten innsats kan vi bli endå fleire på øvingane. Det har dei siste åra vore godt oppmøte på øvingane i Symra samanlikna med dei andre ringane i byen. Men det er plass til ein del fleire - og det blir alltid triveleg når vi er mange på golvet. (Innlagt 29. desember).

Årsmøte i Symra 9. februar
som vanleg blir årsmøtet i Storsalen. Saker som skal opp på årsmøtet må vere styret i hende seinast onsdag 12. januar. Årsmelding og rekneskap blir sendt ut med Symra-bladet 19. januar. (Innlagt 29. desember).

Stildans på temakveldar i vår
Det blir stildans på temakveldane onsdag 19. januar og 16. februar kl 18.45 - 19.45 i Halli (?). Dessutan blir det kurs 4. februar på Eikeli kl 18.00 - 21.30. Per Kristian er instruktør. Fleire i Symra har meldt seg på 2000-årsballet i Sandefjord 26. februar. (Innlagt 29. desember).

Symra sine folkedanskveldar
i vårhalvåret blir søndag 30. januar (Sandar spelemannslag) og 26. mars (Nannestad spelemannslag). Set av datoane i almanakka allereide no! (Innlagt 29. desember).

Vebjørn Bakken rettleier i vårhalvåret og Knut spelar
Det er slik at Brit vil sleppe rettleiing for ei tid, og i vårhalvåret blir det Vebjørn som rettleier. I tillegg til turdans og songdans, blir det også sett av litt tid til øving på bygdedans: dei 3 dansane frå Møre og Romsdal og vestlandspringar og pols. Det blir færre temakveldar med bygdedans våren 2000, men fleire med stildans. Og så er det godt å vite at Knut framleis sit på spelemannskrakken. (Innlagt 29. desember).

Nybyrjarkurset startar 12. januar
Den 12. januar kl 18.00 - 19.45 startar nytt nybyrjarkurs i gamaldans. Marianne Dahl og Anders Saxhaug er lærarar og Halvard Opheim spelemann. Meld frå om kurset til dei du trur kan vere interesserte, så vi får eit stort og triveleg kurs! Siste kursdag blir 1. mars og prisen blir kr 400. Onsdagen etterpå vil vidaregående kurs i folkedans starte, og det vil ogsså koste kr 400. (Innlagt 29. desember).

NU-stemnet i Asker i 2001
Det er bestemt at BLS skal stå som tilskipar av NU-stemnet i 2001, og at det skal foregå i Asker (Hulda og Arne Garborg). Det blir eit litt annleis stemne enn før: billegare og færre tilskipingar, og meir bygdedans. Aktuelt tidspunkt er 5.-8. juli. Også vi i Symra må sjølvsagt vere med å arrangere, så det er viktig at vi er positive når vi blir spurt om å delta i nemnder og utval og dugnader. (Innlagt 29. desember).

Fredag 26. november var det stildanskurs
Dette var eit slags framhald på kurset i oktober med Per Kristian Elvestad som lærar og ein bandspelar sytte for musikken. Det var godt frammøte på kurset (ca 20?). Mange av deltakarane har tenkt seg på Stildans-ball i Sandefjord i februar.

Vestlandsspringar også 10. november.
Siste temakvelden denne hausten var det også Vestlandsspringar. Vebjørn rettleidde og Knut spela, men det var ikkje mange deltakarar.

Vestlandsspringar den 13. oktober
Denne øvingskvelden er det øving/kurs i Vestlandsspringar i Halli kl 18.45 - 19.45. Vi starta med springaren på temakvelden i september, så dette blir eit slags framhald. Møt opp! Knut spelar og Vebjørn instruerer. Vebjørn gløymde at han skulle rettleie, men Per Kristian overtok på kort varsel.(Innlagt 8/10-99)

Kurs i stildans fredag 29. og laudag 30. oktober
Det er god interesse for stildans i Symra for tida, vi dansar mellom anna nokre turar av Fransese på vanlege øvingskveldar. Denne helga blir det ekstra moro. Det blir kurs i stildansar frå 17.30 - 21.30 på fredag og frå 11-16 på laurdag. Det er Per Kristian Elvestad som rettleier og Dag Vårdal er spelemann. Det blir ikkje dei mest vanlege stildansane, for Per Kristian har funne nokre spennande og fine dansar som det skal bli moro å lære. Dette kurset er ikkje berre for Symra-folk, alle er velkomne. Det er på Eikeli barneskole i Bærum Ring Anne på telefon 67145527 så får du fleire detaljar. Kurset kostar kr 200 for medlemer og 250 for ikkje-medlemer. (Innlagt 8/10-99)

Nytt kurs i Symra startar 20. oktober
Den 13. oktober er det avslutning på nybyrjarkurset i gamaldans, og onsdagen etter, 20. oktober, er det nytt kurs i gamaldans/folkedans. Det er same instruktørane og spelemann som på det noverande kurset. Det har vore bra med folk og topp stemning på kurset, så det blir sikkert morro også på det neste. Møt fram! Det er kvar onsdag kl 18.00 - 19.45. Det er berre å møte fram med godt humør og gode sko! (Innlagt 8/10-99)

Skogsturar i august
Som innleiing til ein aktiv Symra-haust, og oppkøyring til fjellturen i Rondane, vert det to skogsturar i slutten av august. Første tur: onsdag 18. aug kl 18.00 Frammøte på endehaldeplassen til den nye trikkelina til Rikshospitalet på Gaustad. Andre tur: søndag 22. august kl 12.00. Frammøte på parkeringsplassen ved badeplassen på Bogstadvatnet Sørkedalsbussen har stoppestad der.  Husk å ta med drikke og niste Vel møtt! (Innlagt 26/6-99)

Fjellturen 1999
Fjellturen i åg går til Rondane. Fast losji på Øvre Dørålseter, frå fredag 27. til søndag 29. august. Det er forhåndsbestillt 20 plassar. Påmelding innan 20. juni, men kanskje det går an seinare og? Ring Eystein 22181917(p) eller Oddny 22960232(p). (Innlagt 26/6-99)
Skogsturar i august
Som innleiing til ein aktiv Symra-haust, og oppkøyring til fjellturen i Rondane, vert det to skogsturar i slutten av august. Første tur: onsdag 18. aug kl 18.00 Frammøte på endehaldeplassen til den nye trikkelina til Rikshospitalet på Gaustad. Andre tur: søndag 22. august kl 12.00. Frammøte på parkeringsplassen ved badeplassen på Bogstadvatnet Sørkedalsbussen har stoppestad der.  Husk å ta med drikke og niste Vel møtt! (Innlagt 26/6-99)

Fjellturen 1999
Fjellturen i åg går til Rondane. Fast losji på Øvre Dørålseter, frå fredag 27. til søndag 29. august. Det er forhåndsbestillt 20 plassar. Påmelding innan 20. juni, men kanskje det går an seinare og? Ring Eystein 22181917(p) eller Oddny 22960232(p). (Innlagt 26/6-99)

Jonsokkvelden var i  Hvervenbukta
Først hadde Symra ei kort framsyning på scena, som eit av mange innslag i eit langt program. Seinare på kvelden kom det fleire til, og det var etterkvart mange samla i Symra-flokken. Knut og Halvard hadde instrument med og det vart også dans på den bratte vollen. Trass i dårlege medlingar, vart også veret fint, så kvelden vart absolutt vellukka. (Innlagt 26/6-99)

Første øvingskveld (kaffikveld) 25. august
Då startar haustsesongen, og vi reknar med at det blir fullt hus og stormande jubel frå første keld. Eit hyggjeleg møte etter ein einnhaldsrik sommar. Det blir spennande å frette nytt og helse på kjentfolk att. Vi vonar også at nokre nye medlemer møter opp. Velkomne alle! (Innlagt 26/6-99)

NU-stemnet på Sunndalsøra torsdag til søndag 1. - 4. juli
Det blir ikkje så svært mange som tar turen til Sunndalsøra. Vi trur det kan bli i underkant av 10, og dei fleste skal bo i ei hyttegrend litt utafor sentrum. Nokre av deltakarane skal vere med på kurset i Nordmørspols, som kjeldene for polsen Ragna og Andres Ansnes frå Aure skal halde.
(Innlagt 26/6-99)
Brit rettleier også neste sesong
Når det gjeld rettleiing i Symra blir det om lag som for 1998/99-sesongen. Brit har dei fleste gongene, men Vebjørn  tar nokre rettleiingar innimellom. Det skal nok bli eit bra opplegg, så vi vonar på godt og stabilt frammøte på alle øvingane. (Innlagt 26/6-99)

Temakveldar hausten 1999
Det blir temakveldar også hausten 1999. Tida blir litt annleis enn før: Onsdagar kl 18.45 - 19.45 (dvs rett før øvinga tar til). Det blir i første rekkje bygdedansane frå Møre og Romsdal: Sunnmørsspringar, Romdalsspringar og Nordmørspols. Det kostar kr 25 per gong. Møt fram, nye og "gamle" dansarar. Desse datoane er avsett: 15. september, 13. oktober og 10. november. (Innlagt 6/5-99)

Helgekurs i stildansar hausten 1999
Helga 29.-30. oktober vert det helgekurs i stildansar. Sett av datoen allereide no! Det er stor interesse for stildansar for tida, både i Symra og elles. (Innlagt 26/6-99)

Gamaldanskurset i Symra hausten 1999
Det første nybyrjarkurset startar onsdag 1. september kl. 18.00- 19.45. Gjer vener og kjente og kollegaer merksame på korset! (Innlagt 26/6-99)

NU-stemnet på Sunndalsøra torsdag til søndag 1. - 4. juli
Symra har ting overnattingshytter, og mange (?) har tenkt seg dit. Dette blir Symra sin "sumartur" i år. Ta kontakt med styret!
(Innlagt 6/5-99)

Den 3. juni : Tøyenparken
Då tar Symra botanisk tur til denne fine parken, og Harald Hunderi er guide. Frammøte kl 17.30.
(Innlagt 6/5-99)

Ny framsyningsnemnd
Det er den same som året før: Inger Varhaugvik, Aud-Karin Fosstvedt og Ragnhild hansen.
(Innlagt 6/5-99)

Ny teaternemnd
Det er også dei same som før: Liv Kalvatn og Ragnhild Slyngstad.
(Innlagt 6/5-99)

Innbyding til leikfest på Dombås med Nye Ringnesin
Igjen har det kome innbyding til leikfest på Dombås laurdag 17. april kl 19-02. Det er framifrå musikk: Nye Ringnesin  spelar. Mat og kaffi og kaker, inngangspengar kr 175, og påmelding til Ragnhild Utgaard Smette 61241511 innan 10. april. Dette brukar å vere ein svært gild leikfest med mykje folk og god stemning. Det er 10. gongen leikfesten blir skipa til. Meld deg på!
(Innlagt 19/3-99)

Nytt songhefte i Symra
Symra sitt fine songhefte "Syng med Symra" har nyss (februar 1999) kome i ny utgåve. Det kostar ikkje mange kronene, og er lett å ta med seg på øvingane. Mange av dei mest brukte dansevisene våre står her. Det er på 56 sider. Kjøp det, og ta det med! Det er Ragnhild Slyngstad som står bak det fine tiltaket.
(Innlagt 19/3-99)

Framsyningsøving for alle onsdag 28. april kl 18.00
Det lir mot 17. mai. Då er alle velkomne til å delta på framsyningane, men det er lurt å øve seg "litt" før den tid. Før øvinga blir det framsyningsøving, og dei aktuelle dansane blir gjennomgått. Det foregår i Storsalen.
(Innlagt 19/3-99)

Folkedanskveld med Symra 25. april
Denne dagen er Symra teknisk tilskipar på folkedanskvelden sundag. Ullensaker Spelemannslag spelar. Møt opp!
(Innlagt 19/3-99)

Kurskveld i Romsdalsspringar
Onsdag 14. april kl 18.00 - 19.45 i Halli vert det minikurs i Romsdalsspringar. Vi går i gjennom heile dansen slik at det blir ei fin anledning for dei som kan dansen delvis å repetere og lære han betre, og for nye dansarar å få ein første innføring. Instruktør er Vebjørn Bakken, Inger Varhaugvik og Peder Varhaugvik, spelemann er Knut Trøen og kurset kostar kr 50. Møt opp og lær/øv romsdalsspringar!
(Innlagt 7/3-99)

 Kurskveld i Vestlandsspringar
Onsdag 17. mars kl 18.00 - 19.45 i Halli vert det minikurs i Vestlandsspringar. Vi går i gjennom heile dansen slik at det blir ei fin anledning for dei som kan dansen delvis å repetere og lære han betre, og for nye dansarar å få ein første innføring. Instruktør er Vebjørn Bakken, spelemann er Knut Trøen og kurset kostar kr 50. Møt opp og lær/øv vestlandsspringar!
(Innlagt 7/3-99)
Det var godt frammøte på vestlandsspringaren. Deifleste var frå symra, men også nokre "utanfrå".

(Innlagt 19/3-99)
 
Årsmøtet i Symra
Årsmøtet var onsdag 10. februar og var eit godt årsmøte der ein fekk god tid til å drøfte programmet og budsjettet for 1999. Alle vala vart slik som valnemnda hadde gjort framlegg om. Det betyr mellom anna at Anne Kallåk vart vald til leiar for eit nytt år. Dei nye tillitsvalde kan ein finna under "styret". Elles kan ein nemne at 1998 vart eit godt år for ringen, både øknomisk (overskot på nesten 12000) og driftsmessig. Det gjekk særleg bra med framsyningane. Medlemstalet for 1998 var 110.
(Innlagt 25/2-99)

 
Nytt kurs i gamaldans og folkedans - vidaregåande kurs
Onsdag 3. mars startar nytt vidaregåande kurs i gamaldans. Det byggjer på nybyrjarkurset i gamaldans som slutta onsdag 24 februar. Det er som vanleg i tidsrommet 18.00-19.45 i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22 og går over 7 kveldar. Prisen er kr 350 for heile kurset. Kursinnhaldet blir repetisjon av gamaldansane og vidareføring av dei, i tillegg til noko turdans og songdans. Det er levande musikk - framifå musikk ved Knut Trøen og Marianne Dahl og Anders Saxhaug er rettleiarar.
(Innlagt 25/2-99)

 
Jon Tryti er død
Spelemannen til Symra gjennom meir enn 25 år Jon Tryti døydde 10. februar og vart gravlagd på Østre Gravlund 16. februar. Det var 10-12 frå Symra i gravferda, og nesten like mange frå Songdanslaget. Fanene til dei to laga med sørgeband stod framme i kapellet, og medlemene i Songdanslaget stor æresvakt nedover midtgangen. Det var ein fin krans felles frå Symra og Oslo Songdanslag, og Vebjørn Bakken bar fram minneord om Jon frå dei to laga. Det var blomar frå Sogn og Fjordane-ringen. Knut Trøen og Åge Grundstad spela ein brureslått som dei hadde lært av Jon og Inger Frøydis Bakken song ein salmetone.
Vi fekk melding om at Jon var død ved slutten av årsmøtet den dagen han døydde. På øvingskvelden dagen etter gravferda sa Vebjørn Bakken nokre minneord om Jon, Knut spela Jølstrabrura og det var 1 minutts stillheit. Torsdag 25. februar stod det minneord om Jon både i Aftenposten og i Dagsavisen skrive av Vebjørn.
(Innlagt 25/2-99)

 
Onsdag 24/2 var det kaffikveld
Det var bra med folk til stades for vinterferietid å vere - ikkje minst frå kurset. Knut og Hallvard spela og Per Kristian leia leiken - begge deler på ein framifrå måte. Det vart ein triveleg kveld for alle.
(Innlagt 25/2-99)
Dei to temakveldane
I januar og februar var det to gonger temakveldar i Halli - den første timen med Nordmørspols og den andre timen springar frå Nordre Sunnmøre. Gunnar Hals og Gunn Berit Bonde rettleidde i Nordmørspolsen og Vebjørn Bakken i springar. Særleg den første gongen var det mange til stades. Knut Trøen spela som vanleg. Det var to vellukka kurskveldar.
(Innlagt 25/2-99)
Litt om programmet i vårhalvåret
Som halvårsprogrammet syner, blir det 4 temakveldar i vår: 20/1, 17/2, 17/3 og 14/4, som vanleg i Halli frå 18.00-19.45. På dei to første kveldane blir det Nordmørspols den eine timen og Springdans frå Nordre Sunnmøre den andre timen. Den 17/3 blir det Vestlandsspringar og den 14/4 Romsdalsspringar. Vi er så heldige at Gunnar Hals (og Gunn Berit Bonde?) kjem og instruerer Nordmørspolsen. Eller blir det Vebjørn og Inger og Peder som leier desse bygdedansøvingane. Som vanleg spelar Knut Trøen. Vi vonar på godt frammøte både frå nybyrjarar og dei som har vore med på desse dansane tidlegare.
Nybyrjarkurset i gamaldans byrjar samtidig med øvingane, 6. januar kl 18.00 - 19.45.

Brit Håland vil halde fram som rettleiar på øvingane i Symra, men nokre av gongene vil Vebjørn Bakken og Dag Evensen vikariere. Semesteret startar med kaffikveld den 6. januar. Den 10. februar er det som kjent Årsmøte, og då er det ikkje øving.
(Innlagt 29/12-98)

 
Julefesten 1998 er 12. desember
Sjølvsagt vert det også i år julefest i Symra. Dette er på mange vis den viktigaste festen vi har - med faste tradisjonar heilt tilbake til dei første åra i leikarringen. I år skal festen vere i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22, så vanskeleg å finne fram skulle det ikkje vere! Festen byrjar kl 18.00 presis. Det blir god varm mat, og sjølvsagt gode heimebaka kaker til kaffien utpå kvelden. Musikken vert av aller beste merke - gamlekara - vil syte for den, og då vert det ikkje noko gamalmodig preg over dansemusikken! Prisen er kr 250. Pengane kan betalast til kontonr. 05402358353. Ta kontakt med nokon i ringen (leiaren til dømes) og sei frå at du kjem! "Alle andre" med tilknytning til Symra kjem også, så det blir ein triveleg førjulsfest.
(Innlagt 3/12-98)
Kort referat
Det vart ein verkeleg fin fest! Musikken og maten var framifrå, vi fekk faktisk heimesteikt kalkun, med godt tilbehør. Festnemnda hadde lagt ned eit stort arbeid i pyntinga og matlaginga. Vi fekk også opplesing, både ein Prøysen-stubb og H.C.Andersen, og vi fekk Lucia-songar. Erik Haugros leia dansen på ein svært fin måte. Det var vel 60 deltakarar i alt. Deltakar også frå Stockholm (Curre Brandt). Dei som hadde fortent det, fekk blomar for innsatsen gjennom året. Alt i alt, ein triveleg kveld.
(Innlagt 28/12-98)

 
Onsdag 2/12 var det
øving i Halli på Romsdalsspringaren. Det var knapt 10 par til stades, som fekk sveitten fram etter kvart. Knut spela og Vebjørn rettleidde med hjelp av Inger. Utpå nyåret vil vi prøve å få til repetisjonsøvingar på springaren, og dei andre bygdedansane vi arbeider med.
Denne onsdagen var det også avslutning på eit vellukka vidaregåande kurs i folkedans, med Aud Karin som leiar og Knut (og Hallvard) som spelemenn.Det var blomar til spelemenn og rettleiar og diplom til deltakarane.
(Innlagt 3/12-98)

 
Rettleiaren vår Brit Håland
har vorte vald til leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans. Vi i Symra gratulerer!
(Innlagt 3/12-98)

 
Kurs i Fransese laurdag 31. oktober 98
Kurset er i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22 kl 11.00 -14.00. Det er Knut Trøen som spelar og Dag Evensen er rettleiar, su kurset skulle vere i dei beste hender. Dei siste åra har Symra jamt hatt kurs i Fransese ein gong for året minst, og det er viktig at vi kan halde fram med denne tradisjonen. Med på kurset blir det ei blanding av folk som kan delar av dansen frå før og nybyrjarar, og det er ein fin måte for nye å lære på. Det blir oppfølgjing av kurset onsdag 4. november kl 18.00-19.45 (før øving på onsdag).
(Innlagt 25/10-98)
Både på kurset og på oppfølgjinga var det 8 par - det passa fint, men det kunne godt ha vore fleire. Det var eit fint kurs. Dei fleste hadde gått på kurs i fransese tidlegare, og det gjekk greitt å lære dansen. Ikkje minst var det moro med den fine musikken. Vi er imponert over Knut (Trøen) som kan alt  - utan bruk av notar. Takk både til Dag og Knut!
(Innlagt 6/11-98)

Leikfesten i Symra
Leikfesten vart ein triveleg kveld for dei ca 55 deltakarane. Det er litt færre enn dei siste åra. Knut Trøen og Åge Grundstad sytte for framifrå og variert musikk. Kvelden stod i "troll"-teikn, og ei av gruppene i barnelaget kom og viste trolldansar for oss. Svært populært! Maten - viltgryte som middag  og gode kaker til kaffien , mellom anna trollkrem - smakte svært godt. Lars Steensgaard leia bordsetet og Inger Frøydis Bakken leia dansen. Alt utført på ein fin måte.
(Innlagt 25/10-98)
til toppen av sida


Onsdag 21. oktober startar nytt vidaregåande kurs i gamaldans/folkedans
Kurset vil vere eit vidaregåande kurs i gamaldans, men du vil i tillegg få ei innføring i grunnelementa i norsk folkedans, turdans og songdans. Som vanleg er det i Storsalen i BLS-huset, Nordahl Brunsgt. 22 kl 18.00 -19.50. Instruktør vert som før Aud-Karin Fosstvedt og spelemann Knut Trøen. Det er berre å møte fram når kurset startar. Ta med gode sko og godt humør!
(Innlagt 3/10-98)
Kurset er no godt i gang, og det er god stemning. Talet på deltakarar er eg ikkje sikker på.
(Innlagt 6/11-98)
til toppen av sida

Onsdag 7. oktober rettleier Dag på øvinga
Den dagen blir det også øving på menuett!
(Innlagt 28/9-98)

På temakvelden 7. oktober kl 18.00 - 19.50

Denne temakvelden blir det øving på Sunnmørsspringar. Dette er ein svært fin springar som det er moro å kunne. Vi går gjennom heile dansen slik at det er råd å lære han også for heilt nybyrjarar. Elles blir det fint for alle å repetere og å øve på dansen. Det blir Vebjørn pg Inger som rettleier. Velkomne alle saman!
(Innlagt 28/9-98)

Nybyrjarkurset er godt i gang

Det er bra med folk på det nye kurset i gamaldans i Symra. Kurset går som vanleg onsdagar kl 18.00 - 19.45 med Aud-Karin Fosstvedt som lærar og Knut Trøen som spelemann. Vi får vone at mang av dei som deltar også vil halde fram i ringen når det lir så langt.
(Innlagt 15/9-98)
til toppen av sida

Den nye rettleiaren er i gang.
Brit Håland har hatt sin første kveld i Symra onsdag 2. september. Det var fin stemning og som vanleg mange til stades. Vi vonar på godt og stabilt frammøte på øvingane framover. Det fortener rettleiaren, spelemannen og alle dei som møter. Godt frammøte fører til liv og røre og  hyggje på øvingskveldane.
(Innlagt 15/9-98)
til toppen av sida

Nokså mange på fjelltur
Ca 20 er med på Symra sin fjelltur 5.-6- september i Gausdal. Vonar veret blir bra! Då vil det sikkert bli ein vellukka tur.
(Innlagt 15/9-98)
til toppen av sida

BLS og laga presenterer seg på byen
Laurdag 5. september var BLS på Egertorget og presenterte seg for folk i byen mellom 12 og 15. Det var dans i ulike fasongar, utdeling av faldarar, reklame for folkedanskveldane, musikk ved delar av Fanteladdane og bra med folk som såg på. Også Symra hadde ein del medlemer til stades (sjølv om det kolliderte med fjellturen). Ekstra moro var det å sjå dei aller minste borna vise dans og danseglede. På Eidsvolls plass hadde BUL særskild presentasjon.
(Innlagt 15/9-98)
til toppen av sida 

Temakveldar i Symra - eit fint høve til å lære/øve bygdedans
På den første temakvelden i haust - onsdag 9. september kl 18.00 - 19.45 i Halli, er det Vestlandsspringar som står på programmet. Vebjørn Bakken vil instruere og Knut Trøen spelar. Vi vil gjennomgå heile dansen, slik at det er mulig for dei som ikkje kan dansen frå før, å få ei første innføring. Elles er det eit fint høve for alle andre å repetere og praktisere denne fine bygdedansen. Seinare på hausten, vert det temakveldar i bygdedansar frå Møre og Romsdal. Det er berre å møte opp i Halli utan noko påmelding!
(Innlagt 15/9-98)
til toppen av sida

Ein fin start på haustsesongen med kaffikveld 26. august.
Det var ein triveleg start på sesongen denne kaffikvelden. Mykje gode kaker, bra med folk, utveksling av sumarminne, morosame MorenVesås-dikt lesne av leiar Anne. Det var Per Kristian som leia leiken på ein fin og morosam måte og den gode musikken var det som vanleg Symraorkesteret som sytte for.
(Innlagt 15/9-98)
til toppen av sida 

Symra har leikfest laurdag 17. oktober kl 18.00
Nemnda har allereide sett opp plakatar og påmeldingsliste er i sirkulasjon. Leikfesten blir på Engebråten skole på Grefsen - ein ny fin skule som vil passe fint til leikfest. Knut Trøen og co skal spele, så det vert god og allsidig musikk. Menyen ser spennande ut! For nærare innformasjon og påmelding: ring Marianne tlf 22462281. Dette skal bli ein fin fest med mange deltakarar!
(Innlagt 15/9-98)

Nytt "Symra" på øvingskvelden 2. september
Det nye bladet inneheld mellom anna referat frå Isleik, annonse for leikfesten og referat frå andre tilskipingar i sumar.
(Innlagt 15/9-98)

til toppen av sida
1