Dei fleste har vel vori borti teknikken i skulesamanheng, så dette er fyrst og fremst for oppfriskning.
Du må ha papir i to fargar. Start med å brette papiret på midten, med den ufarga sida ut, slik at du kan merke opp kvar du skal klyppe med penn eller blyant. Sjølv klypper eg vanlegvis 4 millimeter breie strimler, og strimlane til ei 15X15-korg må da vera 6 centimeter lange, med ein halv cm eller så ekstra, som slingringsmon.
Etter å ha klypt opp båe arka, kan du brette fargesida ut, og leggje dei i vinkel, venstre ark oppå det høgre...
...med den øvste strimlen på høgre ark over strimlane på venstre.
Så kjem intelligenstesten. Det gjeld å halde greie på kvar du er i mønsteret, samtidig som du skal passe på å ALDRI leggje strimler over eller under kvarandre. Strimlene skal gå INNI kvarandre. Dersom den ruta du er på i mønsteret er mørk, skal strimlen med LYS farge GJENNOM den mørke. Og omvendt.
Når du er ferdig med fyrste strimmel og fyrste line i mønsteret, legg du neste strimmel oppå og held fram med inni - utanpå - inni.... Det kjem til å bli lettare etter kvart, for korga kjem til å bli meir stabil...
Når flettinga er ferdig, er det berre att å runde kantane vakkert med soks, og lime på hank.
LYKKE TIL! Helsing meg, julekorgprogrammet og PCen Katrine!