Londonbrev |
---|
Brev:
1
Emne: MOMI - museum Dato:19 September 1998 21:38 |
Hei, slekt og venner i gml.landet! Var på "Museum of moving Image" i dag.. Det var kjempeflott museum, gjennomført sak, tilogmed med guider som del av utstillinga... T.d. var det foran kinosalen to vakter som "selde" biletter gratis, og Tali kom over dei i det dei stod og diskuterte feminisme - om kvinnene som hadde arbeidd i industrien under den nettopp avslutta 1. verdskrig, burde gå attende til kjøkkenbenken... Nede i starten på utstillinga, med diverse "levande bilete-triks", gjekk plutseleg strømmen for oss, og det vart temmeleg mørkt. Guiden der nede gjekk, utan å falle ut av rolla som levende-bilete-framsyner (han påsto heile tida at dei berre skulle tenne gasslampene på nytt), gjennom romma og minte oss på at mangelen på lys synte oss klart kor viktig ("essential") lyset var for syn og levande bilete... Ein annan plass var det ein guide som "var" agitasjons-films-framsyner i Sovjet rett etter revolusjonen, i eit lite utstillingsrom forma som ei slik jernbanevogn som reiste om med film til "oppbygging" for sovjet-folket. Eitt av romma var kontrollsentralen til heile museet, med ein glassvegg mot publikum og eit par skilt som forklarte korleis alle dei ørtenhundre fjernsynsskjermene omkring i huset vart styrt.
Vi brukte fem timer i det museet. Få det med om de kjem til London!
|