Londonbrev |
Brev:
2
Emne: Pedagog og pianist Dato: 25 September 1998 22:19 |
---|
Hei, venner & kjente! Ein skole er ikkje betre enn pedagogane som arbeider der. Eg har dei beste danse- pedagogane eg har hatt i mitt liv, men av pedagogane i teorifag, er nokre litt meir venstrehands- utplukka.. Men det er jo fleire som preger ein dansetime: pianomenn (og -damer). Der er det mange typer.........: Vi har t.d. pianisten som syng med... For å hjelpe til litt, hender det at han syng tellinga: "And one and a two and a three and a four..." Vi har nokre som bruker noter (alle dei andre improviserer, dei er fantastiske!), ei har vist enkevalsen som favoritt, for den brukar ho å starte timane med. Skal ikkje glømme han som sit med huet nede i tangentene, eller han
som finn på å sende ei gruppe ut på tur over golvet med å dra armen nedover
alle tangentane frå toppen - veldig effektivt. Mine favoritter er Scott
(som modernelæraren kallar "Sir" og klassisklærarinna "darling"...), og
Miuky (?), liten asiat som kan improvisere reint Grieg-aktig. Alle på
skulen har lyst til å lære seg pianospelling, men ein får jo aller tid til
alt..
|