Londonbrev

Brev: 26
Emne: Mid-term
Dato: Sun, 7 Nov 1999 23:52

Nettopp i det ein misunner trea som forkynner i raudt og gult at dei syg kreftene til seg og tek ein kvil, når papirhaugane livet mitt uavlateleg skyller med seg og legg på skrivebordet jagar "skulle ha gjort"-stoffet ned på golvet, og "skal"-notata i kalenderen kjem snikande utan at eg skjønner korleis - nettopp da er det "Mid-term" dukkar opp. For oss tyder det rett nok ikkje ei veke fri, ettersom fyrste termin starta så seint, men to dagar ekstra helg er ikkje å forakte..

Mid-term er fridom til å bruke ei heil natt på å stelle heimesidene sine, og tid til tukling med nyfått sykkel (!!!). Dessutan er det tid til å bruke nemnde farkost, prøve å sykle seg bort, faktisk klare det, og rote tynnkledd rundt i Dulwich etter eit busstopp med kart.. Å sykle minner meg litt om tida på Kringsjå, og Dulwich har sider som med litt fantasi kan likne Oslo.

Men det er også tid til å kjenne korleis sjølve farta har gjevi energi -og korleis ein brått fell saman utan å orke noko avdi ein ikkje har noko å gjera. Kjenner meg som eit fly - det er framdrifta som gjev oppdrifta. Men eg bør vel prøve å utnytte det til å kvile og drømme.

Drømmer kan bli merkeleg konkrete. Det hender ein møter ting i drømme som ein "veit" er der: utan at dei dukker opp ofte, er dei liksom ein naturleg del av 'drømmelandskapet'.

I drømmelandskapet mitt bor det ein hoggorm i ei blomsterpotte heime på Skreisjå, men drømmene er ikkje mareritt-aktige, berre litt skumle. Ormen bor i ei fuksiapotte ved sida av døra til terrassen. Det må vera dei lange, slyngete greinene på fuksiaen, dei ein ikkje må koma for nær for å unngå å brekke dei, som har flytta inn i huet mitt slik. Hugser å ha "sett" ormen henge grein-aktig utover kanten, men den har også krabba oppover halmtapeten, skuggegrå mot det gule. Det er ein slags logikk i at han bor der. Bæsmor meiner eg er redd for korleis det går heime, og har dårleg samvit over å ikkje vera der og hjelpe til, og det har bæsmor sjølsagt rett i. Merkeleg form for heimlengsel, å drømme om orm...

--

.. menneskene som vandrer på bakken 
   med nerver som sitrer rørt av lys og lyd..
                            [JRR Tolkien]
Hallvord Reiar


Førre

Neste