Londonbrev |
---|
Brev:
27
Emne: Syn Dato: Tue, 23 Nov 1999 22:01 |
Kjære Londonbrevmottakarar! Små, lyseblå, mjuke plastikk-skjell ligg på pupillene mine, brillene har parkert i sidelomma på ryggsekken. For ei endring! Møter spegelen, som flittig syner oss alt vi ikkje klarer, med nytt og skarpt blikk! Men læraren ser skarpare. Heldigvis! Det blikket er vi avhengige av. Har nettopp fått korreksjon på at eg "krøller opp" underinnsida av foten littegrann når eg bøyer knea -typisk mini-detalj som på sikt gjev skader.. Andre skarpe blikk møter vi og før eller seinare frå publikum. Det er blikk som har makt til å vurdere, til å døme oss. Er dette ein grunn til at få menn dansar: skremmer ei instinktiv vurdering av avmakta i å _bli_ vurdert, bort oss menn som gjerne vil vera herrar over situasjonen? Søker vi makta - på andre sida av scenekanten, i publikum som ser utan å bli sett? Nettopp det opplevde eg ein dag på Landmark linsene mine verka så eg måtte taka dei av. Brillene hadde eg ikkje med, så det var ikkje anna å gjera enn å servere VIPane frå Decanter wine magazine halvblind. Har nok rutine til at det meste gjekk greit - men det var tungvint å ikkje sjå kva slags gaflar som låg på bordet. Landmark middagar er jo også ein slags scene - denne dagen også i avmakta i å ikkje sjå, men bli sett..
-- |