Londonbrev

Brev: 28
Emne: Prosjekt og semesterslutt
Dato: 18 des 1999 01:31
London, 18.12.99 00:15

Kjære vener og kjende!

Sliten etter prosjektframføring, mange "happy Christmas"
og glad-vemodige avskjeder, og på toppen ein jobbekveld på
Landmark. Men tilogmed gjennom serverings-stresset har
kroppen teki vare på ein avslappa og open kvile. Han "har
stått han av" for denne gong, hatt styrke til å
gjennomføre sitt fyrste problemfrie semester... og let seg
falle ned i herleg avslappa, men vár døs.

Prosjektet har brukt 2 1/2 time om dagen i to veker. Vi
har improvisert over tema for å få fram rørslemateriale,
som koreograf Sarah såg på og sette saman. Dag 1 var to
timer kontaktimprovisasjon i blinde. Ein annan dag var
temaet å starte alle rørsler frå toppen av huet. Dessutan
studerte vi korleis eg tok av og på meg T-skjorta (!).

Alt materiale smelta og forma seg i Sarah sine hender. Det
beste døme på korleis vi utforska stoffet, er T-skjorte-
rørslene. Vi prøvde og prøvde: Kor fort kan dei gå? Kan to
gjera dei saman, som duett? Kan ein bruke dei til å flytte
seg frå eine sida av rommet til den andre? Kan du gjera
det same med beina som du gjer med armer? ...

Som vi utforskar stoffet, ser Sarah uttrykka som ligg der.
Den raske versjonen av T-skjorte-stoffet vert brukt til
ein karakter som stivner i eit hektisk rørslemønster, og
ikkje kjem ut av det utan hjelp frå ein annan. Duettane er
ei feiring av sams ro. Bein-versjonen vert ein
konversasjon mellom to dansarar...

Koreografi-lærar Sue ga meg den vakraste tilbakemeldinga
eg har fått nokonsinne, at dansen min hadde "a lovely
quality of strength shining through softness and joy",
ifølge henne noko som er karakteristisk for ungar, men som
vaksne ofte har mista. Imponert kunne eg røpe at eg hadde
tenkt meg dei fyrste trinna som ein slags fødsel..

Rart det er så vemodig å seie ha det til folk du ser att
om tre veker! Halvvegs gjennom dei 3 kursåra, prøver eg å
ikkje tenkje fram til våren 2001, når vi vert dusja utover
verdskartet... Men det har vori eit godt semester, og ein
fin slutt.

GOD JUL OG GODT NYTT MILLENIUM!! ;-)

--
Hallvord Reiar Michaelsen Steen, London
Gamle brev på www.oocities.org/hallvors/lbrev
Automatisk liste: svar på brevet og skriv i 'subject'
subscribe londonbrev =>melde seg på eller
unsubscribe londonbrev =>melde seg av


Førre

Neste