Londonbrev | ||||
---|---|---|---|---|
Brev:
5
Emne: Location Dato: 16 Oktober 1998 23:01
|
||||
-Silence, please! This is a take! -Roll sound! -Sound rolling. - 79, take 3. (Clap) -Action! Og dette er lyden av eit film-crew. Det er lyden av det film-crewet som akkurat no fyller stua med skjøtledning og lyskastarar etter å ha kasta ut bordet og hengt opp plakater på veggen. Eg såg for meg ein tre-fire folk, eit kamera, og skodespelarar. Eg kom og fann vårt ikkje kjempestore hus fylt av 17 filmarbeidarar og tre skodespelarar. Det sto ein lyskaster i hagen, glaset var dekt av blå plastikk, alle kontakter av okkupert og alle dører opne. Kaoset var BABELSK. Spesielt språkleg. Engelsk i alle aksenter, asiatar og islendingar (2 stk., dei fyrste eg har møtt i London..), spanjolar og tyskarar, Danmark stilte også med to, sminkør frå Polen... Det er utruleg kor masse arbeid - og TID - som ligg bak nokre små filmkutt. Regissørar må tilhøyre ein umåteleg tolmodig menneskjerase. Kanskje det ligg i genene? I alle fall ville ikkje eg bli regissør for alt i verda.... Her venter vi på lys, på lyd, på kamera, på linseskift, på sminke, på "props", som eg trur er rekvisitter, på alt mellom himmel og jord. Det går aldeles over min forstand at nokon kan gå til eit yrke med så masse venting. Ikkje for det, det kan gå ein på nervene å vente på å koma på scenen også... For å lage ein film treng ein også store mengder kaffe, te, cola og potetgull, og utpå kvelden, øl og vodka. Eg har snylta cola og potetgull i heile kveld. Det hender ikkje ofte, heldigvis. Usunt. Slik er det altså å leve med filmstudentar.
--
|