Londonbrev |
---|
Brev:
6
Emne: Peeng og virus Dato: 24 Oktober 1998 15:43 |
Kjære spekulant!
Her skal du få firetusenkroner av meg, berre fordi du har vori så flink
til å svekke den norske krona i det eg skulle overføre peeng. Men spist er
spist, veit du. No hard feelings. Kjære influensavirus!
Så hyggeleg at du stakk innom på dette velvalde tidspunkt ei veke før
mid-term-ferien, slik at eg skulle miste to veker med trening. Det er så
moro å vera inne og halde deg med selskap nett i det Velsignte milde Regn,
bliv ved! har starta si ned-høljing over London, og det einaste ein kan
bruke dette veret til, er å gå ut og puste godt inn. Kjære Engelske Fjernsynskanaler!
Takk for alle dei ufatteleg underhaldande og opplysande programma de auser
utover oss på dagtid her i dette landet, når eg må vera inne pga. visse
virus. Det har vori berikande å sjå
Vel, det er jo moro å få veret på norsk også. Ja, Anne Marie Foss er nok plukka ut meir pga. utsjånad enn for å få litt sprogleg mangfald i eteren, men eg skal innrømme at det er moro å få vermeldinga på klingande trøndersk... Lenge leve "The weather [in Norwegian]", det mest sjåverdige på engelsk fjernsyn! Helsing fjernsynsslaven. P.S. Og når eg endeleg fekk eit glimt av REYKJAVIK på TRAVEL-kanalen, var programmet såklart slutt. Kutt. Kjære Hallvord Reiar.
Skal du ikkje snart slutte å surve? Alle synes synd på deg allerede, det er
nok nå. Eigentleg har du det fint, du har sett på Supermann og skrivi
E-post i HEILE dag. Er ikkje det perfekt, kanskje?? Har du ikkje tilogmed
klassekamerater som ringer for å få greie på åssen det står tel nå du er
sjuk?!! Du har eigentleg ingenting å klage på! --
|