Londonbrev

Brev: 7
Emne: Frank og Barclays
Dato: 29 Oktober 1998 23:09
Kommentar:
"The Place" er namnet på bygningen skulen min held til i. I huset skjer det masse danse-relatert, og noko av det kan vera innbringande for studentar..
Dette er i sjangeren Småplukk Frå Kvardagsliv, ikkje det mest interessante, men mot slutten får du greie på kvifor ein ikkje bør bruke konvolutter oppatt i England.

Det flotte med all aktiviteten på The Place, er at det kan regne litt småjobbing med tilhøyrande pund og pence over oss fattige studenter. På bladet til "The Place Dance Services", "JUICE", eit lite A5-hefte som skal ut til 1000 medlemmer i inn-og-ut-land, er vår jobb konvoluttering og klistring av adresselapper og frankeringsklistremerke.

Haken ved det er at kvar sending som regel også skal innehalde +-15 reklamer - for forestilling, turne, opplysningar om stipend, you name it... alt i alt vert det vel ein 15000 reklamepostkort, småhefter og lausark som vi skal sortere, leggje saman og konvoluttere på ein kveld. Noko skal berre til London-adresser, noko berre til UK..... Nokon konvolutter skal ha med brev om at medlemsskapen må fornyast, og adressa på brevet må sjølvsagt stemme med adressa utanpå...

Av ein eller annan grunn er det alltid flest skandinavar der. Vi heng vel litt ekstra saman, er flinke til å skaffe kvarandre jobb...

Spesialiseringa grip om seg utover kvelden. Alle konsentrerer seg meir og meir om ein ting. Mitt felt er addressering. Trikset er å bøye arket med adresselappane slik at ei heil rad lapper løsner i enden, klemme endene ned på ein bordkant og dra dekkpapiret av. Der sitt lappane på rad som Baron von Munchausen sine ender på snor, og ventar på ei rytmisk scvipp-flapp ned på konvolutten, og påfølgjande klask ned på golvet.

(Ikkje veit eg kvar Baron v.M. kom inn i den setninga frå, for han jakta sanneleg på andre ender enn adresselapp-ender limt fast på bordkanten. Men om han endeleg vil vera med på lasset, kan han vel få lov...)

I dag fekk eg også ein god ven i frankeringsmaskina, ei grå kasse inne ved Finance Office. "Frank", som eg heller kallar han, står og spytter ut små papirlappar som skal bære breva ut over London og UK, road opp og street ned... "Ser-du-det" spyttar Frank, så papirbitene flyg stempla bortover bordet. "Det er meg som får breva fram!" Og så understrekar han det med å tyggje litt ekstra på ein papirbit, så ein må løfte opp huet hans og få lappen fram, litt krøllet og spraglet.

PUH!
PUH!PUH!
(lyden av konvoluttmatarar når OMSIDER siste konvolutt er sortert i pene bunker på 10 og lagt i grå postsekker.) Denne lyd skal inntreffe ved ni-tida, om alt har gått bra. Førre gong gjekk ikkje alt bra. Ei brosyre kom ikkje med i London-konvoluttane, så vi måtte opne 3-400 brev og leggje inn den eine brosjyra som mangla. Vi dreiv på til klokka 11...

Og medan vi er inne på brev: Eg fekk brev frå Barclays bank i dag. Inni låg eit brev eg for 30 dagar sidan hadde sendt vener i Noreg. Tydelegvis hadde eg ny-brukt ein bankkonvolutt, og eit eller anna postvesen har misforstått totalt og "returnert" brevet til "avsendar"-adressa - Barclays bank sin postboks 258!

Så kva gjer Barclays når dei får "returnert" eit brev dei ikkje har sendt?? Eit brev som er på kaudervelsk, til folk med rare namn?

Av følgjebrevet eg fekk, er det klart at Barclays ikkje hadde nokon skandinav som kunne forklart at det dreide seg om eit reint privat brev. Det må ha vakt atskillig undring i banken, kva kunne dette voluminøse (til bankkorrespondanse å vera) brevet dreie seg om? Ein klage? Ein kunde som var så sint at han skreiv kaudervelsk?

"Kjære Anne Kirsti og Monir!" starta brevet. "Her sit eg i toppen av ein buss og ser utover eitt vått og grått London." Så kjem ein liten veklage over trafikken, og skildring av div. matauk-prosjekt.

Følgebrevet frå Barclays følger:

Halword (!) R. M. Steen

Dear Sir/Madam
I return the enclosed letter, which should be directed to your account holding branch.

Unfortunately, I am unable to forward the correspondence as your branch has not been identified.

POBox 258 is purely a distributing centre for unapplied statements, and I am afraid does not deal with any branch accounting matters or changes of address.

Yours faithfully
Correspondence Department

--

Hallvord Reiar, London
http://www.oocities.org/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste