Leikarringen Symra

  


Symras heimeside er flytta til 
 
www.folkedans.com/symra
 
gå dit!







Symra
er kanskje den største og mest aktive leikarringen i Oslo. Ringen har øving kvar onsdag kl 20.00 - 22.15 i Storsalen i BLS-huset i Nordahl Bruns gt 22. (tett ved det gamle rikshospitalet, og straks ovanfor Blitzhuset, sjå kart).
Symra har kurs for nybyrjarar i gamaldans, to kurs kvart semester. Det første startar i byrjinga av januar eller ca første september, og det andre i byrjinga av mars eller i byrjinga av oktober. Påmelding: e-post til Symra

I Symra arbeider vi med alle typer folkedans: gamaldans, turdans, songdans og bygdedans.

I tillegg til danseaktivitetane, har vi andre populære tiltak: utanlandsturar, fjellturar, teaterbesøk, hytteturar, ...
Vil du bli med i leikarringen? Berre møt opp til øving i Storsalen i BLS-huset. Du vil bli godt motteken!
Er du åleine? Eller er de eit par? Spelar inga rolle! Både einslege og par er like velkomne på kurs og øvingar.
Vi kan love: eit godt miljø, ein fin hobby, trim for kropp og sjel og mange gode vener.
Du har ikkje dansa folkedans/gamaldans før? Då er det best å byrje på eit av nybyrjarkursa våre.
Vite meir om Symra? Bruk menyen. Eller ring til leiaren vår Marianne Dahl: tlf 22462281/97153857 (p) eller send e-post til Symra.

Symra driv med oppvisningar i folkedans (for turistar/kongressar etc). Treng du folkloreframsyning? Vi har svært god kvalitet. 4-8 par. Vi syter for topp musikk (hardingfele). Ring Inger Varhaugvik tlf 22155884 (p), eller e-post til Symra.                                     
 

Øvingingane

Nybyrjarkurs Dansane våre Om Symra
Program Venskapsringen Spelemannen Rettleiaren
Styret Symra-bladet Andre aktivtetar Isleik 98 - ein rapport
Folkedans Folkemusikk Bunader Siste nytt
Organisering av folkedans, ... Nytt frå folkedansen BLS-nytt, Folkedanskveldar Folkedans.com  
Gå hit til siste nytt og les om ting som skal skje, og ting som har skjedd.
send e-mail til Symra  Vebjørn Bakken held orden på heimesida til Symra. 
Sist oppdatert: 23/12-03

Skriv i gjesteboka/Sign Guestbook Les gjesteboka/View Guestbook



This page hosted by Get your own Free Homepage