Dans & trening

Teknikk- kjensler?
Om hjernen
Gode korreksjoner
Dansemat
Sitat om dans!

 

  Kjensler vs. teknikk??

Er det teknikken eller kjenslene som er det viktigaste i dans?

Spørsmålet er langt frå nytt: I 1728 var dei to best kjende ballerinaene i Paris Marie Camargo og Marie Sallé. Rivalinnene hadde kvar sin "fanklubb", og det var heftige diskusjonar om kven som var best. Camargo var den tekniske, Sallé den med mest sjarm og personlegdom...

Frie dansemiljø er gjerne forkjemparar for at det personlege uttrykket er det sentrale. Dansaren skal utfolde sine eigne kjensler.

I balletttradisjonen ser ein meir skeptisk på desse synspunkta, og meiner at kjensler utan tilstrekkeleg teknikk, er patetisk eller uinteressant.

Personleg trur eg at motivasjonen for all treninga og alt slitet må ligge i det kjenslemessige. Eg kan ikkje halde meg motivert, utan å tru at eg er på veg mot sterkare uttrykk.

Kan vi etter over 270 år med diskusjon få ein konklusjon ut av dette? I så fall denne: Dans er ei trusretning! Alle trur på sitt...


** ** ** ** **

  Korleis "finne" hjernen?

For meg var det viktig å tenkje over korleis min eigen hjerne arbeida under trening.

Eg fann ut at eg ikkje tenkte medan eg dansa. Hjernen var blank, liksom, og veldig ukonsentrert. Ikkje rart at eg glømte korreksjonar, når eg ikkje tenkte...

Før du finn ut kva slags "type" du er, korleis hjernen din arbeider, kjem du ikkje til å få utbytte av ei einaste danseklasse:

Nokre er typiske "ord"-typer. Det vil seie at dei kan nærme seg dansen gjennom å skildre det dei skal gjera med ord. Å tenkje "piruett utover" eller "innover" hjelper dei å lære.

Andre er meir automatisk visualiserande. Dei kan tenkje meir grafisk, og viktigare: dei klarer å kople det dei ser for seg, til sin eigen kropp. Dei kjenner automatisk kva som er venstre og høgre...

Feldenkrais og liknande teknikker kan hjelpe ein med å kjenne kroppen sin betre. Uansett treng ein å øve kosentrasjonen, lære seg å "gjete" tankane under trening, og jage bort dei som ikkje høyrer heime i ei danseklasse. Ein treng fokus, ikkje berre på det bein og armar gjer, men også på kva hjernen finn på!


** ** ** ** **

  Korreksjonsgåver

Å få ein korreksjon, å bli retta på, er det beste som hender ein dansar. Det syner at ein vert sett i klassa (å kjenne seg oversett er skrekkeleg), det kan avverge skader, og det er gjerne ei oppmuntring frå pedagogen: du har gjort godt arbeid, du skal få meir å tenkje på!

Det finst pedagogar som ikkje gjev fleire korreksjonar dersom ein har glømt eller ikkje jobba med den førre. Uansett er det viktig å hugse og konsentrere seg. Det er lurt å skrive ned, eller i alle fall tenkje gjennom etter klassa det læraren har sagt til deg.

OBS: Ikkje vent deg noko revolusjonerande her. Det er stort sett det daglege, men akk så viktige, småplukket. Eg følgjer ikkje alle råd heile tida sjølv...

Mellom nyttige korreksjonar og råd eg har fått, er til dømes desse:

    Konsentrer deg om ein ting for kvar klasse. Det vert mykje enklare å jobbe når eit spesielt problem er i fokus, og framskrittet kjem raskare.
    Gled deg over det du fekk til i kvar øving. Om du t.d. har konsentrert om å plassere vekta, ikkje bli nedfor etterpå over at du "mista" magemusklane. Kroppen merkar om du er misnøgd, og det er feil signal til deg sjølv å bli frustrert, om det du har konsentrert deg om, har gått bra.
    Legg merke til kvar huet er i alle øvinger. Det gjer piruettene lettare.
    ...og dessutan er det knapt noko som påverkar det dansemessige uttrykkjet så sterkt som kvar du ser.
    Dersom du vanlegvis ikkje er klar over kva du ser på, er det store sjanser for at du ikkje har lært deg øvinga, og ser etter andre.
    Sjå i spegelen, men ikkje for sjølvkritisk. Dersom du heng deg opp i ting du er misnøgd med ved kroppen din, sjå heller bort litt.
    Du er ALLTID dansar, ALLTID på trening. Legg merke til korleis du sjølv går, står, sitt, ligg. Det er alltid noko nytt å sanse i kroppen.
    Gå TIDLEG til lege om du får vondt nokon stad. Prøv å gå til nokon som har erfaring med dansarar. Vanlege leger har ikkje peiling på korleis ein bruker musklar og ledd under dans, og kan finne på å be deg halde deg i ro i tre veker. (Det vil sjølvsagt ingen dansar gjera...)
    Teknikk er kunsta å slappe mest mogleg av under trening...
    Det kan vera enklare å prøve å samle alle korreksjonar i eit bilete. Om du t.d. skal trekke opp i magen, løfte brystkassa litt framover og trekke skulderblada litt saman, kan du sjå for deg ein banan med vengjer...
    ...Men ver merksam på at kroppen kjem til å hugse biletet sjølv om du glømmer det, så om piruettane plutseleg vert rotete, kan grunnen vera at kroppen din prøver å vera ein banan med vengjer som gjer piruettar. Det kan hjelpe, men om det ikkje gjer det, treng du å hugse det biletet du brukte, slik at du kan reprogrammere kroppen...
    Noko den som nettopp har starta å danse sjelden er klar over, er kor mange bøker med råd om danseteknikk som finst. Det er tonnevis med bøker om ballett og anatomi, og et utval for dei fleste moderne teknikkar. Og mange er veldig nyttige for å unngå skader.
    Pass på, midt i trening og slit, at du held fast ved det som gjev deg danseglede.


** ** ** ** **

  Fôr og slikt

"Food is an important part of a balanced diet."
- Fran Lebowitz

Det går ikkje an for ein dansar å eta for mykje!

Kroppen må ha masse næring, så det å kutte ned på etinga vil ha alvorlege følgjer. Det einaste ein må passe litt på, er kva ein et.

Det er veldig enkelt å sørge for gode matvaner. Ein må berre passe på at nista vekker appetitten...

Eg har rett og slett med eitt heilt braud, og skjer ferske skiver når eg skal ha mat. Dessutan bruker eg å ha eit salathue, nokre tomater, avocado og gulerøter eller banan. Det skal vera moro å eta! Kvar av mine skiver er eit lite eksperiment, med ein liten haug grønnsaker, litt ost eller skinke når eg synest eg har råd.

Eg er kanskje litt ekstrem, som dreg rundt på så masse, men eg trur det er viktig å ha litt "sus over" og glede ved maten.

Noko eg aller har vori god på, er å passe på å eta ofte. Det har hendt at eg har sløyfa eting mellom lunsj og ein sein middag i 8-tida om kvelden. OBS! Dette er ikkje eit råd, det er heller ei åtvaring: ikkje kopier denne livsstilen!

Dersom du vil prøve å bake braud sjølv - her er mi oppskrift.

God appetitt!


** ** ** ** **

  Sitat!

Endeleg - sitat! Eg elsker sitat!  

- Dansen, meir enn nokon annan kunstart, lever gjennom geniet til utøvarane.
(Lilian Moore, "Artists of the dance")

- Ein ting er å danse på ei strand, noko heilt anna å gå inn i eit nært samarbeid med sanda.
(Deborah Jowitt, "The Dance In Mind")

- Under vatnet heng alle holmer saman.
(Underwater, all islands connect.)
(Jowitt)

- Verda er ei scene, og livet er dansen som vert framført der.
(Halvt Shakespeare, halvt Anon.)

- Kunst gøymest av sin eigen perfeksjon.
(Japansk ordtak)

- Vi tek til å bruke ordet teknik berre på det som er så imponerande at det nærmar seg akrobatikk, sprang, piruetter, etc.
(La Meri, "Total Education in Ethnic Dance")

- Ein konge kan dømast etter tilstanden dansen er i i hans tid.
(Orientalsk ordtak)

- Det kan hende det er mogleg å klare seg heilt utan dans. Ein har kjent tilfeller der ungdom ikkje har vori på noko som kan kallast eit ball i fleier månader i strekk.
(Jane Austen, "Emma")

- Koss kjenner vi ein dansar frå sin dans?
(W.B. Yeats, "Mellom skuleungar")

- En stum figur er danseren,
og dog kan ord bli dans, og der kan alt bli sagt.
De store rytmer vi er underlagt,
har formet dette livets eldste språk.
(Andre Bjerke, "Danseren")

- Ønskene våre er korktrekker-krøkte,
ikkje bli fødd var visst best for ein mann;
Det nest beste er ein viss formell orden
mønsteret i dansen, dans når du kan.
(W.H. Auden)

-Dans er eit brutalt forsøk på å trengje inn i livsrytmen.
(Georg Bernhard Shaw)

-Ikkje å ryggje er på eit vis å gå fram,
og du må lære deg å gå, iallfall, før du danse kan.
(Alexander Pope)

-Å skrive lettvint - det er kunst, ei sjanse,
slik den går lettast som har lært å danse.
(Pope)

-Som dans er målte steg, er versekunst målt tale.
(Francis Bacon)

-Musikken visner om han kjem for langt unna dansen.
(Ezra Pound)

-Dans er den einaste kunsten som vi sjølve er materialet for.
(Ted Shawn)


** ** ** ** **

Kommentar?


[Fyrstesida mi] [Dansesida mi] [Forstå dansaren] [Diktsida mi] [Om julekorgprogrammet] [Om julekorgmønster og fletting] [Makrosida mi] [Introduksjon til Suttung] /SMALL>